twitter.com/platearbeidaren/status/1639884966099300352

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Platearbeidarens 2018, årets beste plater, powerpop

SLOAN ”12“

Til å ha holdt på i snart 30 år, visar kanadiarane få teikn til aldersslitasje på sitt tolvte album. Nærare tvert i mot, melodiane og låtane er like sterke. Dei er berre blitt litt mjukare og rundare i kantane. Her er dei soniske og overstyrde elementa stort sett fråverande. Utan at det saknas dei har levert nokre av årets beste låtar mellom anna ”Room To Roam“ og ”Spin Our Wheels“. Popmusikk blir ikkje så mykje betre enn dette.

Spotify:

HAWK som er David Hawkins får på sin nyaste plate ”Bomb Pop“, hjelp frå mellom anna Pete Thomas (Elvis Costello, Johnny Cash, Elliot Smith), Ken Stringfellow og Gary Louris. Dei to sistnemnde The Posies og The Jayhawks. Og plata høyrest  ut nettopp som ei blanding av bidragsytarane, med poplåter frå øverste hylle (Ikkje vinyl).

Spotify:

BILL LLOYD ”Working the Long Game“

Gammal helt, innan sjangeren her, men også nærast som superstjerne i Country-duoen Foster & Lloyd på slutten av 80-talet og byrjinga på 90-talet. Countrydelen blei stort sett liggande igjen der på 90-talet, men powerpop-delen har vore meir eller mindre med sidan debuten i 1987. Men sjølv om platene har kommet, i varierande regularitet, falt han litt under min radar òg. Inntil i år når han fann tida moden for ei vinyl-utgjeving. Då vakna eg. Og eg trengde berre å høyre opningslåten ”Satellite“ for å skjøne at fyren framleis leverer god popmusikk. Mykje samarbeid på låtskrivarsiden, til dømes med Freedy Johnston, Graham Gouldman (10cc), Tom Petersson (Cheap Trick) og Aaron Lee Tasjan.

Spotify:

GLEESON “The Years Have It“

Powerpop, ja, men dei feiar også innom litt rask shoegaze, country, ein Kinks- og ein Beach Boys-låt, litt intens Grand Champeen-inspirert indierock med Channing Lewis frå nemnde band på vokal, eit par draumeaktige instrumentaler og heilt mot slutten; ein av årets desidert beste låter, ”Sweet Virginia“. Ein særs variert og sterk plate.

Spotify:

EXTRA ARMS “Headacher”

Dei ekstra armane til Ryan Allan har fusjonert saman med Allan og blitt Extra Arms. Samstundes har dei blitt litt tyngre, blitt meir eit band enn tidlegare. Tyngda til Mould og Sugar tidleg 90-tal, rikeleg med power. Men framleis med den gode melodien i fokus. Og små sidesprang som til dømes ”Honey Brown“, med popkjensla til Teenage Fanclub.

Spotify:

NICK PIUNTI ”Temporary High“

Piunti kjem til liks med mykje andre flotte artistar frå Detroit. Han har tidlegare jobba saman med Ryan Allen, og likskapen er der for så vidt. Men Piunti manglar overnemndes råskap. Han satsar alt på harmonisk popmusikk. Men for all del, ikkje utan skarpe kantar. Det er ikkje noko her som kan skrøyme vekk gjennomsnittleg poprock-interessert lyttar. Sjangeren her er trass alt ein krysning mellom Beatles og Heavyrock.

Spotify:

THE BETHS “Future Me Hates Me“

Endå meir moro frå New Zealand, berre ikkje lat deg skrøyme av den sjølvforaktande tittelen. Dette er melodiøs, til tider høghastigheits indiepowerpop. Og til å vere eit debutalbum er det forbausende utvikla og modent. Elizabeth Stokes og bandet høyrast meir merriterte ut en dei er. Det lovar godt for framtida deira.

Spotify:

KEN SHARP ”Beauty In The Backseat“

Nytt lekkert album frå mannen som nok er mest kjend som forfattar. Hans femte utgjeving sidan 1994, ligg nærast 70-talet og powerpopen Dwight Twilley og Badfinger var eksponentar av. 16 nydelege låtar.

Spotify:

JEREMY AND THE HARLEQUINS ”Remember This“

Kanskje litt i grenseområdet, her er like mykje heartlandrock, rockabilly og 70-tals Springsteen. I tillegg til powerpop. Den tredje plata til New York-bandet er uansett ein forfriskande energipakke, på nydeleg kirsebærrød vinyl.

Spotify:

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Platearbeidarens 2018, årets beste plater, Americana

NEKO CASE “Hell-On”

Nok eit nydeleg album frå Case, framleis like britisk-lydande og barokt. Denne gongen med eit litt maritimt tema? ”Oracle Of The Maritimes“ og ”My Uncle’s Navy“, neida. Men samarbeide med ganske distinkte og lett gjenkjennelege artistar. Mellom anna Mark Lanegan og Eric Bachman. Sistnemnde har skrive og deltek på ”Sleep All Summer“. Gitt ut første gong i 2005 med Bachman sitt dåverande band Crooked Fingers, saman med Case gjør han det her til årets beste låt.

Spotify:

DAN STUART “The Unfortunate Demise Of Marlowe Billings“

Dan Stuart avslutta plate-karrieren i 2018 med dette albumet, om vi skal tru den gamle Green On Red-kjempa. Og vi snakkar om ein 37 år lang karriere med mange høgdepunkt, spesielt saman med Green On Red. Denne plata er til liks med dei to foregående spela inn i Mexico, saman med stort sett lokale musikarar. Den er uansett eit umiskjennelig Stuart-album, med sedvanlig høg Americana-faktor.

Spotify:

WILL HOGE ”My American Dream“

Hedersmannen Hoge gir oss meir av sin flotte southernheartlandrock på sitt 11. album. Og til liks med Mac McCaughan i Superchunk er han rasande på det rådande politiske klimaet i USA. Spesielt mot National Rifle Association, som kor uansett groteske følgjande blir av våpenbruk ikkje har anna enn gode tankar og bøner å tilby. Han har mykje sinne og frustrasjon som skal ut, til liks med bandet frå Chapel Hill. Men med eit meir harmonisk og mindre frenetisk uttrykk.

Spotify:

BOTTLE ROCKETS ”Bit Logic“

Om du er en musikknerd som meg ser du kjapt likskapane mellom coveret på denne plata, og sjølvsagt Joe Ely sin ”Hi-Res“ frå 1984. Begge har teikningar i 8-bit kvalitet på covera, men der Ely hadde moderne cover og tradisjonelt musikalsk innhald, har årets utgåve av Indiniapolis-bandet ditto musikalsk innhald, og utdatert cover. Ingen som har lagt merke til denne likskapen der, altså? Ingen? Merkeleg.

Uansett så er Brian Henneman og bandet like umiskjennelege og moderne/umoderne som dei alltid har vore. Smart og effektiv cowboyrock.

Spotify:

JOHN CALVIN ABNEY “Coyote”

Flott og lågmælt plate frå sidemannen til John Moreland. Med musikk med eit visst slektskap til sistnemnde. Mykje akustiske instrumenter, stort sett rolege låter. Men ikkje la deg lure, dette er meir enn nok intenst og ektefølt når ein kjem under den ytre fernissen.

Spotify:

RHETT MILLER ”The Messenger“

Miller har alltid vore annleis enn bandet Old ‘97s, mindre country og meir poprock. Så også på årets utgåve. Nye samarbeidspartnarar, litt mørkare i lyd og stemning. Meir mot 70- og 80-talet, men også dragning mot 50-talet og doo-wop. Saman med sterke låtar og Miller sin særeigne røyst blir det heilt suverent.

Spotify:

AARON LEE TASJAN “Karma For Cheap”

Tasjan si nye plate kan karakteriserast som psykedelisk americana, krysset med gode doser Roy Orbison og doo wop. Og er sjølvsagt ganske så glimrande. Det skal bli spanande å sjå kva Tasjan får til som produsent på den komande drivin’n cryin’-plata. Det kan bli nok eit høgdepunkt.

Spotify:

6 STRING DRAG ”Top Of The World“

Bandet som gjorde comeback, på plate,

etter 18 år i 2015 rettar no tre år seinare opp att det dårlege inntrykket ein satt igjen med når den kom ut. Her har dei tatt opp tråden frå ”High Hat“, og køyrer vidare som ingenting har skjedd på dei 21 åra som ligg mellom utgjevingane. Klassisk No Depression alt.country.

Spotify:

JIM CUDDY ”Constellation“

Mannen frå nordområdas softrock-meistre, Blue Rodeo. Og her får vi stort sett det vi har fått tidlegare, både frå bandet og mannens tre tidlegare utgjevingar. Sterke låter i eit nydeleg lydbilete, og flott særegen vokal.

Spotify:

AMERICAN AQUARIUM ”Things Change“

BJ Barham og resten av bandet vart så ueinige etter ”Wolves“ frå 2015, at dei etterkvart valde å slutte. Utan at det gjer så mykje. American Aquarium 2. lyd like flott sjølv om det berre er BJ tilbake. Det var uansett låtane hans og stemma som var varemerket til bandet.

Spotify:

CALEB CAUDLE ”Crushed Coins“

Caudle kjem til liks med James Taylor, Randy Travis, Ryan Adams og Tift Merritt frå Nord Carolina. Og er i så måte i godt selskap. Musikalsk ligg han i 2018 nærast førstnemnde, James Taylor. Han var meir reindyrka country for eit par plater sidan, men her er han nærare vestkusten. Med ei rad velskrivne nydelege låtar, med eit dertil tilhøyrande nydeleg tonefølgje.

Bandcamp:

GREAT PEACOCK ”Gran Pavo Real“

Storslått dramatisk vokal, akustisk folk, klassisk rock, alt av og til innan same låten. Andrew Nelson og Blount Floyd leverer igjen varene. Dei klarar også denne gongen nesten å innfri løfta frå den no fem år gamle sensasjonelle debut-EP’en. Og det er etter sånn som verdien av løfter i vår tid etter kvart har blitt, meir enn godt nok.

Spotify:

MICHAEL MCDERMOTT ”Out From Under“

27 år siden debuten, og omtrent halvparten så mange utgivelser. Skulle tru at det skulle byrje å butte litt i mot etter kvart. Men McDermott både ser og høyrast betre ut enn nokon gong. Musikken har eigentleg ikkje utvikla seg noko særleg på den tida som har gått, vi snakkar framleis om folkbasert americana. Og både den og låtskrivinga har vore av høg, god kvalitet heile vegen.

Spotify:

THE JAYHAWKS ”Back Roads And Abandoned Motels“

Gary Louris og bandet fortset å gi ut flotte plater. Årets utgjeving er i tillegg ei oppsamling av låter Louris har skrive saman med andre. Mellom anna Jakob Dylan, Carrie Rodriguez og Dixie Chicks. Heile tre låter med sistnemnde. Utan at dette gjorde nokon forskjell på heilskapen. Det høyrast framleis veldig ut som eit Jayhawks-album. Og det får eg aldri nok av.

Spotify:

CODY ROGERS ”My Heart Is The Most Lonesome Rodeo“

Dette er resultatet av at Rogers sitt band The Holy Ghost Electric Show vart oppløyst og avslutta. Og når Rogers fortsette å skriver låtar, tvinga denne flotte utgjevinga seg fram. I utgangspunktet ein meir country-orientert plate, men også veldig stemningsfull og melankolsk. Den er langt rolegare enn bandets einaste utgjeving, og vesentleg mindre instrumententert. Der bandets ”The Great American Holy Ghost Electric Show“ var New Orleans, er denne plata meir Nashville for å seie det sånn.

Spotify:

DAVE ALVIN & JIMMIE DALE GILMORE ”Downey To Lubbock“

California roots-rock veteran møter Texas country-pioneer, saman speler dei Western swing, blues og rock and roll. Ikkje akkurat det mest opplagte møtet, men dei to ringrevane høyras ut som om dei ikkje har gjort anna enn å spele saman. To originaler og resten coverversjoner. Av blant anna John Stewart og Chris Gafney. Lysande! Som dei seier over kjølen.

Spotify:

RUEN BROTHERS ”All My Shades Are Blue“

Britisk duo, produsert av Rick Rubin. Dei yngste musikarane eg har kjøpt plate med i år, samstundes er det dei som høyrast eldst ut. Ei blanding av Rockabilly, Roy Orbison, Everly Brothers og Chris Isaak. Med hjelp frå mellom anna Chad Smith (Red Hot Chilli Peppers) og Ian Mclagan (Faces/Small Faces). Og eit til tider meir rocka og aggressivt uttrykk. Suverent!

Spotify:

KELLY WILLIS ”Back Being Blue“

Voldsomt som tida går, det er jammen santen 11 år sidan Willis gav ut sitt førre soloalbum. Plata opnar med litt blåøygd countrysoul, og går slag i slag innom honky tonk, countryrock, countryballader, countryfolk. Det er så variert som det kan bli innan sjangeren. Med ei stemmeprakt som overgår det meste både i denne sjangeren og andre.

Spotify:

KIM RICHEY ”Edgeland“

Endå meir vellydande countrymusikk, denne gongen av ein artist som her gir si åttande plate. Riktignok den første på fem år, men når ho har holdt på sidan 90-talet kan ho koste på seg pauser. På årets plate samarbeider ho mellom anna med Chuck Prophet, Robyn Hitchcock og Pat Sansone (Wilco). Noko som gir ein god artistisk tyngde, ikkje heilt uvanleg innan sjangeren.

Spotify:

BELLE ADAIR ”Tuscumbia”

Årets utgåve av Belle Adair minnar meg mest om skotske Teenage Fanclub. Vel og merke den seinare utgåva, det er ikkje nokre skarpe kantar hjå nokre av banda. Alabama-bandet har vel aldri hatt det, heller. Dei er jo trass alt berre på andre plata. Men ”Tuscumbia” læt harmonisk og fint. Og svinger også innom southern soul og easy listening.

Spotify:

ADAM REMNANT “Sourwood“

Frontmannen i ameicana-bandet Southeast Engine solodebuterte med ei plate ikkje så langt unna den opptråkka stien til bandet. Berre litt meir reinspikka country-folk og mindre The Band. Med eit knippe sterke låter og ei særeigen stemme du ikkje gløymer så lett.

Spotify:

STRAY BIRDS ”Let It Pass“

Americana og alt-country/folk bandet fra Lancaster, Pennsylvania, starta i 2010, går etter denne utgjevinga kvar til sitt. Litt synd, Maya de Vitry sin vokal og dei himmelske harmoniane ho er med på å levere, gjør dette til ein flott svanesong. Variasjonen er god frå rockerne ”Quicksilver Highway“ og “Miles And Miles”, til dei meir rolege «Nothing To Say About It Now“ og ”If Time Is Not Enough“. (Berre CD).

Spotify:

FIRST AID KIT ”Ruins“

Søstrene Söderberg leverer nok ein gong vakre, sakrale harmoniar til sin til tider overjordisk nydelege folk-poprock. Den fjerde plata viste ein mørkare og meir moden utgåve av bandet. Dei bodde adskilt i kvar sitt land, og takla mellom anna samlivsbrot. Dei fekk nok ein gong mykje merriterte folk til å hjelpe seg. Mellom anna produsent Tucker Martine (Neko Case, Decemberists), Peter Buck frå R.E.M. på gitar, Midlake McKenzie Smith frå Midlake og Glen Kotche frå Wilco på percussion. Utan at hjelpa på nokon måte overskugger gruppa, den forsterkar berre inntrykket at også årets album frå gruppa er eit kapittel vel verdt å få med seg.

Spotify:

AMY HELM ”This Too Shall Light“

Helm si andre plate består av coverversjonar av både kjende og mindre kjende låtskrivarar. Som MC Taylor frå Hiss Golden Messenger, Ted Pecchio frå Chris Robinson Brotherhood og Tedeschi Trucks Band. Og dei meir kjende; Rod Stewart, T. Bone Burnett, Allen Toussaint og Robbie Robertson. Avslutta av ”Gloryland“, ein tradisjonell låt. Her i eit unikt arrangement ho lærte av far sin, for fleire tiår sidan, den ikkje ukjende Levon Helm frå The Band. Ei heilt nydeleg plate smakfullt produsert av Joe Henry.

Spotify:

Gamle gubber, artister som kunne vore irrelevante for lenge sidan. Men ikkje er det.

JOHN HIATT ”The Eclipse Sessions“

Hiatt platedebuterte som soloartist for 44 år sidan, og dette er hans plate nr. 23. I hans lange karriere har han både høgdepunkt (mange) og lågpunkt (veldig få); denne plata er overraskande og plasserar seg såleis i toppsjiktet. Dette er ei plate i folkrock-sjangeren, med mykje blues-tendensar. Med eit solid band i ryggen, med mellom anna Kenneth Blevins på trommer, blir dei sterke låtane her godt ivaretatt. (Blevins har elles spilt med, dog litt usamanhengande, sidan ”Slow Turning“ i 1987)

STEVE FORBERT ”The Magic Tree“

40 år sidan debuten og plate nr. 20. Framleis vital, han gjennomgjekk behandling mot kreft i 2017 og er no frisk att, og like lett gjenkjenneleg. Når ein har levd så lenge med ein artist som Forbert, er det alltid like gledeleg når kvaliteten på låtane held seg like høg som før. Og plata kan ses på som soundtrack til memoarane hans ”Big City Cat“. Låtane er skrivne mellom 1985 og 2018, famnar over eit stort tidsrom. Og er såleis i sync med biografien. Musikalsk spelar han framleis sin melodiøse folkrock, med som han seier sjølv; med islett av alt.country.

JOHN PRINE ”The Tree Of Forgiveness“

På hans første album med nytt, eiga materiale på 13, er han like vital som alltid. Og morosam. Etter å vore røykfri lenge, han blei kreftoperert to gonger i løpet av 20 år, så han kan ikkje røyke. Det er tydelegvis eit sakn, på avsluttinga ”When I Get to Heaven“ fortel han at han skal røyke ”A 9 mile cigarette“. I tillegg til dei meir opplagte tinga som å treffe mor, far og bror. Ta av seg armbåndsur, verkeleg slappe av. Denne låten, og ”The Lonesome Friends of Science“, er dei einaste han har skrive aleine. Samstundes som dei er platas høgdepunkt. Prine er framleis ein mester med ord, dei 71 åra han har på ryggen verkar ikkje å tynge han. Det er jo eigentleg smått utruleg at ein artist 47 år etter platedebuten, evnar å begeistre med det eigentleg same musikalske uttrykket. Lågmælt og ordsmart countryfolk. I 2018. At det går an!

JOHN MELLENCAMP ”Other People’s Stuff“

Coverversjonar av diverse prosjekt, spilt inn opprinneleg på forskjellige stadier i Mellencamp sin karriere. Coveret inneholder lite informasjon, men det er distinkte forskjeller på låtene som gjør nokre av dei lette å tidfeste om ein er kjend med mannen sin katalog. Musikalsk ligg dei fleste låtene i blues- og countryfolk-tradisjonen. Flotte versjonar av mellom anna ”Wreck of the Old 97”, ”Teardrops Will Fall“ (der sneik han jaggu inn ein coverversjon av seg sjølv, gitt) og ”Dark As A Dungeon“

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Platearbeidarens 2018, årets beste plater, litt ymse.

TYPHOON ”Offerings“

Eit band eg aldri hadde høyrt før i år, men på det som er Portland-bandets fjerde album treff dei ein streng som resonerar hjå meg. Indierock, kammerpop, mørke lange tekster, Frightened Rabbit kryssa med Okkervil River. Eit dobbel-album som ikkje er i nærleiken av å være for langt.

Spotify:

EELS ”The Deconstruction”

Eels og Mark Oliver Everett, er bandet, artisten, whatever, som aldri forandrar seg. Og berre gir og gir. På sitt cirka tolvte album får vi nok ein god dose med Everett sin vindskeive og til tider surrealistiske alternativrock og indiepop. Og heller ikkje på årets utgjeving skuffar dei.

Spotify:

SALAD BOYS ”This Is Glue“

Nok eit band som tar oss attende down under på 80-talet, denne gongen New Zealand. Tidsriktig, gitarorientert indierock med ringlande gitarar. Tidsriktig for 1987, men også her veldig 2018. Det finnast ikkje spor av nostalgi i det Joe Sampson og bandet driv med.

Spotify:

THE PRETTY FLOWERS “Why Trains Crash“

Los Angeles-bandet leverer ei solid blanding av indierock, punkrock og powerpop på debutplata si.

Inspirasjonen frå fuzzbaserte band som Superchunk og The Replacements skin tydeleg gjennom. Stort sett lysande heile vegen gjennom.

Spotify:

CAR SEAT HEADREST ”Twin Fantasy“

Det opprinnelege albumet frå 2011 ”re-recorded, re-imagined in 2018“. No høyrde eg ikkje dette for sju år sidan, så for meg og mange andre, er dette eit heilt nytt og sjølvsagt spanande album.  Sjølvsagt heilt umiskjennelig Will Toledo og Car Seat Headrest. (Også det originale albumet frå 2011 har fått si vinylutgjeving i år, i ei litt begrensa utgåve).

Spotify:

OKKERVIL RIVER “In The Rainbow Rain”

Will Scheff sitt 10. album er ikkje av bandets aller sterkaste. Men Austin-bandet har likevel ikkje problem med å plassere seg godt innanfor det akseptable.

Spotify:

MITSKI ”Be The Cowboy“

Japan-fødde, New York-baserte Mitski Miyawaki lagar framleis nydeleg, alternativ barokk småjazza bossanova indie-poprock. Hennar femte utgjeving står ikkje noko attende for tidlegare meritter.

Spotify:

POLLIES ”Transmissions“

Alabama-bandet debuterte med eit brak i 2012, gjekk litt under radaren min i 2015, men kom attende i siktsona mi i 2018. Dei returnerte også til This Is American Music, og blei dermed lettare å sjå igjen. Og dei utvikla seg også litt, dei inkorporerte noko som må kunne kallast krautrock på eit par låtar. Og gjorde seg dermed litt meir utilgjengelege og støyande. Noko som førte til ein litt lengre tilvenningsprosess.

Spotify:

Digital only:

BRANDEN BARNETT “Father, Son and the Hungry Ghost“

Nok eit flott album frå Branden, i anda til Ghost Shirt og hans soloalbum frå 2012.
Ei blanding av powerpop og singer/songwriter-materiale.

Bandcamp:

DREW BESKIN ”Nostalgia Porn“

Andre utgjeving ein av hovudpersonane i The District Attorneys, Party Dolls, og PURSES. Indierock, alternativ, sørstats-soul. Ei utgjeving som vidarefører arven etter The District Attorneys.

Spotify:

PINEGROVE ”Skylight“

New Jersey-bandet sitt 2016-album var for meg årets beste plate. Årets plate fekk ein trangare fødsel grunna frontmann Evan Stephens Hall sin oppførsel ovenfor kvinnelege fans, ein sak som per no ser ut til å ha løyst seg. Dei mista litt momentum grunna dette, og eg veit er ikkje heilt kva eg meiner om dette enno. Men inntil vidare høyrast musikken her veldig bra ut. (Kjem på vinyl i februar 2019)

Spotify:

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Platearbeidarens 2018, årets beste norske plater.

Topp 10:

ENDRE OLSEN ”Bøttevis Med Blått“

Årets beste norske album for meg er Olsen sitt første album på fem år, hans tredje totalt sidan debuten under namnet Angry Wasp i 2011 og hans første fulle album på norsk. Og beviser det han antyda på «Lenge si’ i går», Ep’en frå 2013. Endre Olsen er best på norsk.

Spotify:

Platemelding:

På andreplass i norskavdelinga til Platearbeidaren kjem CADDY, eller Tomas Dahl som er einaste faste medlem. På ”Ten Times Four“ tar fortset i same fine leia som forgjengaran. Og for å sitere Dahl sjøl: ”Dersom «The Better End» var lyden av å være på ferie, er «Ten Times Four» lyden av å trenge en ferie.“ Framleis heilt glimrande powerpop. Som ikkje står attende  for så mykje anna innan sjangeren.

Spotify:

DEATH BY UNGA BUNGA ”So Far So Good So Cool“ på tredjeplassen ligg i same sjangeren som Caddy, men er litt tyngre i lyden. Som er heilt naturleg, vi snakkar her om eit band kontra eit enmannsprosjekt. Der begge har god kontroll på popmelodiane, og sånn sett er det berre tåpeleg å samanlikne. Men må eg, så må eg.

Spotify:

Årets fjerdeplass blir berre meir og meir enkel i lyden, men BENDIK BRÆNNE gjør ikkje nokre kompromiss på kvaliteten på låtskrivinga på ”Benedictionary“. Han spelar det meste sjølv, og gjør det enklast mogleg. Noko som kler årets utgåve av Brænne i indiefolk-lage.

Spotify:

VERDSMANNEN THORBJØRNSEN og “Elden Inni“ tok ein fin femteplass. Thorbjørnsen befestar med si tredje plate stillinga og viser at det i mine øyre mannens store gjennombrot, ”Vi Treng Trøyst“, frå i fjor – ikkje var eit blaff.

Årets plate er nok litt annleis, ja. Men på sin måte like sterk.

Platemelding:

Spotify:

På sjetteplassen finn vi DE MUSIKALSKE DVERGENE sin ”Rolig Rock’n Roll“. Det er ikkje så ofte at det kjem nye plater frå Grønhaug-brørne, så då tas til og med konsertutgåva i det litt rolegare hjørnet i mot med takk. Repertoaret spenner over nesten heile karriera. Og vi får klassikarar som ”Torsdagsfisken“, ”Marianne (Tempo Corvette)“ og ”To Av Alt“. I tillegg til alt det andre som er nesten klassisk.

Spotify:

VIDAR VANG cruisa inn på sjuandeplassen med “8530 Bjerkvik”. Gjennom åtte plater, to i 2018, har Vang etablert seg som ein solid singer/songwriter. Og det norske språket, dette er mannens tredje plate på norsk, blir en betre og betre idé. Denne utgjevinga er meir poprock enn ”9 Viser“, også frå i år, og ligg dermed nærast det eg lyttar mest til. Her er det til dels tidlegare materiale gitt ut på engelsk, her oversatt til og spilt inn på nytt. Flotte låter som ”Nu Skjer Det“ og ”Tidlig Mårrå“. Og ikkje minst Vang si beste låt, frå ”Rodeo“. ”The Chapman Autograph“ har fått si oversetting på ”Dæ“. Framleis ein heilt suveren låt.

Spotify:

Niande plass til TOVE BØYGARD og “Jord“ er kanskje for lavt. Stiger nok høgare når den får litt tid. Bøygard kom nok ein gong med plate i desember, vinyl då og digitalt no i januar. Utanom nokre coverversjonar, mellom anna ”16 tonn“, er dette nok ein gong ei veldig sterk samling eigenproduserte låter. Som vanleg lys, fin folkrock. Men også mørkare og tyngre, som ”Fjør“. Ein artist som fortenar all merksemda ho kan få.

Spotify:

DUMDUM BOYS ”Armer og Bein” smatt akkurat inn på topp 10. Bandet som har følgt oss i over 30 år klarer eg aldri å stille meg likegyldig til, når Kjartan og Prepple går laus som om dei aldri har gjort anna (og det har dei jo for så vidt aldri gjort) då er det vanskeleg å ignorere. Ikkje deira sterkaste album, men på mange måter meir enn sterkt nok.

Spotify:

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Platearbeidarens 2018, årets beste plater.

Topp 10:

CHRISTIAN KJELLVANDER “Wild Hxmans“ er for meg årets beste album i 2018.

På sitt sjuande soloalbum, leverte Kjellvander nærast karrierebeste. Framleis ei blanding av Midnight Choir og Townes Van Zandt pluss ein tøtsj av Springsteen i «Nebraska»-modus. Lange, mørke herlege låtar. (Hello darkness, my old friend).

Spotify:

Andre plass, også denne i Americana-sjangeren, leveres av CODY JINKS med ”Lifers“. Honky tonk, straight country, outlaw country, countryrock, alt.country. Cody har alt saman, levert gjennom 11 herlege låtar.

Spotify:

ROLLING BLACKOUTS COASTAL FEVER tar tredje plass, og tek oss på debuten sin ”Hope Downs“ attende til 80-talet og den andre sida av jorda. Australsk tidsriktig indierock som leiar tankane til ein enklare tid. Men likefullt lyden av 2018.

Spotify:

Fjerdeplassen tek oss til Boston og BUFFALO TOM.  “Quiet And Peace“ er bandets niande og første album på 25 år. Og tru det eller ei, trioen leverar som om tida har stått stille. 1993 har blitt 2018. Alternativ, indie, straight rock, whatever. Eit album med ein særs sterk samling låter.

Spotify:

SUN VALLEY GUN CLUB ”The Water, The Stars“ ligg som nummer fem hos meg. California-band som på si tredje utgjeving gir oss like delar Band Of Horses-melankolia og pønka indierock. Blant anna nydeleg bruk av hammondorgel og blåsarar på nokre låter. Nydeleg plate med glimrande dynamikk.

Spotify:

På sjetteplass kjem ALEJANDRO ESCOVEDO WITH DON ANTONIO og “The Crossing”. Hans trettende album imponerer med si blanding av Velvet Underground, Mott The Hoople og Americana. (Escovedo har lang røynsle innan sjangeren, han spilte tross alt alternativ country på plate med Rank and File allereie 1982). Årets utgjeving har ein rad celebre gjestar. På gitarar: mellom anna James Williamson (Stooges), John Perry (The Only Ones) og Wayne Kramer (MC5). På vokal mellom anna Joe Ely og Peter Perrett (The Only Ones). Saman med Don Antonio (ekte namn Antonio Gramentieri) har han laga eit konseptalbum om immigrasjon. Hovudsakleg frå Italia og Mexico. Litt langt, 17 låtar, men aldri uinteressant.

Spotify:

MARIE/LEPANTO tek plass nummer sju med “Tenkiller”. Med gruppemedlemma Justin Kinkel-Schuster og Will Johnson som nok er mest kjende som hovudpersonar i høvesvis Water Liars og Centro-Matic. Saman lagar dei ein folkrock som spenner frå det skjerande dissonante til det håplaust nydelege.

Spotify:

På åttandeplassen finn vi SUPERCHUNK og “What A Time To Be Alive”. Bandets 11. album er blitt eit politisk protest-album, til tider punkrock i stilen. Til tider rasende, fresende indierock  i uttrykket. Heile tida med ein velopplagt Mac McCaughan. Som har mykje på hjartet angående det noverande politiske klimaet i USA. Alt saman levert med låter og melodiar frå øvste hylle.

Spotify:

THE HELLENES og ”I Love You All The Animals” plasserar seg på niandeplassen. Vidvinkel, psykedelisk 60- og 70-talls inspirert rock. Med Matt Piucci frå 80-tals-heltane Rain Parade og røter i Paisley Underground frå same 10-år. Igjen tydeleg 80-tals, men likevel veldig 2018.

Bandcamp:

På tiandeplassen ligg KACEY MUSGRAVES med sin flotte ”Golden Hour“. Ho har til liks med mellom anna Taylor Swift gjennomgått ei forvandling frå habil countryartist, til meir straumlinja popartist. Med sterke nydelege låtar. Men framleis med små smakfulle innslag av countrymusikk. Så ho ligg framleis bak Swift, men likevel foran om du skjønar kva eg meiner.

Spotify:

Ymse plasseringar, og sjangre

Powerpop:

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Platearbeidarens 2017, sånn var det, utanlandske plater – Topp 40

1. BASH & POP sin “Anything Could Happen” er årets beste, og på fleire måter mest etterlengta plate. Tommy Stinson klarar å fortsette karrieren på vegen planert og tilrettelagt av The Replacements på 80- talet, og Rod Stewart og The Faces på 70-talet. Rå rufsete, vindskeiv rock.

Spotify

2. «The Navigator» med HURRAY FOR THE RIFF RAFF og bandets eminente låtskrivar, gitarist og vokalist, Alynda Lee Segarra, var deira femte riktige album. Og det beste.

Platemelding

Spotify

3. “God Like The Sun” med JIMMER kjem ut på rett side av årsbestelista, det vil seie nær toppen. Etter å ha venta i 23 år på Jimmer Podrasky, låtskrivar og vokalist i det fantastiske 80-tals-bandet The Rave-Ups, si førre plate, brukte han “berre” 4,5 år på denne. Og leste du første setninga over her, skjønar du at dette er gode greier.

Platemelding

Spotify

4. BOHANNONS med «Luminary Angels» rulla nok ein gong over meg med rock, blues, country, alt.country, Americana. Eller sørstatsrock om du vil. Og dette burde alle ville.

Platemelding

Spotify

5. ”The Nashville Sound“ er lyden av JASON ISBELL AND THE 400 UNIT på sitt sedvanlege suverene. Deira tredje studioalbum, sjølvsagt spelt inn i Nashville, er ein flott samling låter. Frå det hardt rockande til det nydelige og smektande. Isbell viser seg igjen som ein av dei største låtskrivarane innan Americana-sjangeren.

Spotify

6/7. DEER TICK frå Providence, Rhode Island med låtskriver og vokalist John J. McCauley i spissen leverar to herlege album i år, ”Deer Tick Vol. 1“ og (wait for it….) ”Deer Tick Vol.2“. Der vol. 1 er vesentleg rolegare enn (wait for it….) vol. 2. Begge to er uansett skikkelege høgdepunkt. Anten det er 60-tals soulmusikk eller The Replacements som er inspirasjonen.

Spotify Vol. 1

Spotify Vol. 2

8. “How The West Was Won“ med PETER PERRETT frå legendariske The Only Ones, var endå eit vellukka og særs velkomment comeback. Og sjølv om det har gått 21 år sidan ”Woke Up Sticky” kom ut kjennast det slett ikkje sånn ut. Låtane, stemma og den tilbakelente avleveringa. Alt er som det skal være på ei plate med Perrett i hovudrolla.

Spotify

9. WILL JOHNSON “Hatteras Night, A Good Luck Charm“ er nydeleg og vellydande Americana frå Centro-matic-leiaren. Med enkelte litt forstyrrande element slengt inn her og der. Sikkert for å holde oss på tå hev. Mannens femte soloalbum er uansett alt vi kan forvente oss. Og litt til.

Bandcamp

10. SPARKS er på si 23. plate, ”Hippopotamus“, umiskjenneleg seg sjølv. I ein alder av høvesvis 69 og 72, høyrast ikkje Russell og Ron Mael spesielt gamle ut. Plata høyrast moderne ut og eg mistenker at det er Ron som står for det meste av instrumenta her. Med andre ord minimalistisk utført. Det bandet eg har følgt lengst.

Spotify

11 –

Med “Sad Clowns & Hillbillies” sette JOHN MELLENCAMP tida og musikken attende ca. 30 år. Dog i ein mindre intens utgåve. Med Carlene Carter i rolla til mellom anna Crystal Taliefero og Miriam Sturm i rolla til Lisa Germano. Tida legar alle sår seiast det. Men jaggu slipar ho oss ned òg. Men likefullt eit flott album frå Mellencamp.

Spotify

EYELIDS sin “Or” er Peter Buck-produsert, og bandet kjem frå Portland, Oregon. Og det høyrest faktisk sånn ut. Om du skjønar kva eg meinar. Tidleg R.E.M. blanda med mellom anna The Decemberists og Blitzen Trapper. To andre band frå byen.

Spotify

Og sidan vi likevel er inne på Peter Buck må eg ta med supergruppa med medlemmer frå Sleater-Kinney, R.E.M. (Buck) og Minus 5. FILTHY FRIENDS og deira debutalbum ”Invitation“, er eit fantastisk stykke handverk.

Spotify

JAPANDROIDS sin ”Near to the Wild Heart of Life“ er ikkje like krakilsk og utagerande som på den førre plata frå 2012. Dei forsvann nesten fullstendig etter at dei hadde turnert ferdig ”Clebration Rock“. Og dukka ikkje opp att før tidlegare i år. Men sjølv om tida har roa den kanadiske duoen ned, er dette ei plate eg sett stor pris på. Kanskje eg og har vorten rundare i kantane.

Spotify

“Contraband Love“ frå LARRY CAMPBELL & TERESA WILLIAMS er deira andre album som duo. Dei har jobba saman sidan 1986 og vore gift sidan 1988, så dei har ikkje akkurat dynga oss med utgjevingar. Men dette blir det kanskje endring på no? Uansett, Campbell er mest kjend for dei fleste som musikar i bandet til Bob Dylan frå 1997 til 2004. Her syng han i tillegg, både aleine og i duett saman med Williams. Ein botnsolid plate med blues, soul og country.

Spotify

DREAM SYNDICATE gav ut sitt femte studioalbum, ”How Did I Find Myself Here?“, berre 29 år etter det førre. Og det er ikkje så mykje som har forandra seg. Jason Victor er ny og står for gitarkaskadane, og Chris Cacavas (Green On Red) er nytt medlem på keyboards. Elles høyrast Steve Wynn ut nett som han alltid har gjort. Suverent!

Spotify

“Last Place“ med GRANDADDY lot oss kjenne på ei herleg blanding av powerpop, Mercury Rev, Electric Light Orchestra og 10cc. Kanskje meir enn mindre. Det er ikkje ofte Jason Lytle og bandet kjem med plate. Men det er ei like stor hending kvar gong.

Spotify

DESTROYER er stort sett den kanadiske singer/songwritaren Dan Bejar og på ”ken“ er han framleis i det melodiske og melankolske hjørnet. Og som før du veit ordet av det transporterar deg attende til 80-talet og leikar Simple Minds. Før han nappar deg tilbake til notida.

Spotify

Det kanadiske bandet THE SADIES sitt tiande eigne album, ”Northern Passages“, har eit nydeleg albumcover. Aurora Borealis frå Canada, og om nordlyset treng eit rootsy, twangy, mollstemt lydfølgje innbiller eg meg at The Sadies er det.

Spotify

CHUCK PROPHET har med ”Bobby Fuller Died For Your Sins“ gitt ut 12 studioalbum etter oppløysinga av Green On Red. I Paisley Underground-samanheng berre overgått av Steve Wynn. På årets plate har han med seg eit stjernelag både på musikar- og produsentsida. Både i musikalsk innhald og tittel er denne plata bortimot uovertruffen i år.

Spotify

Det er unna få andre å ha ei så særprega stemme som AIMEE MANN, den gjer “Mental Illness“ til nok ein nydeleg milepæl i karrieren. Saman med låtane, singer/songwriter-lydbiletet. Folksoftrock-powerpopen. Alt det som gjer Mann til ein særprega artist.

Spotify

ANDREW COMBS har sanneleg utvikla seg sidan debuten frå 2012, ”Worried Man“. Som var meir reinspikka klassisk country. Ei lita justering på ”All This Dreams”. Litt meir Westcoast, som om Jackson Browne var ein Texas-songwriter. Ein trend han fortset på “Canyons Of My Mind“, med ei helling meir mot Harry Nilson og James Taylor.

Spotify

“Anchors” er WILL HOGE sitt åttande studioalbum, lyden og uttrykket ligg framleis i gatene til Springsteen og Ryan Adams. Og Bob Seger. Ei samanlikning som hadde vore verdilaus om ikkje mannen leverte gode låtar. Og det gjer han jo sjølvsagt.

Spotify

FATHER JOHN MISTY leverer ikkje mykje komikk på ”Pure Comedy“. Heller sorg. Og knuste hjarte. Men musikken er nydeleg. Ein slags softrock americana. Med mykje piano. Og blåsarar. Rett og slett nydeleg, anten han held tempoet nede. Eller spring i veg.

Spotify

Han fortset sin ferd i, og utforsking, av 60- og 70-tals soul DANIEL ROMANO på ”Modern Pressure“. Den stilsikre crooneren av 50- og 60-tals countrymusikk glimrar framleis med sitt fråvær. Utan at eg klagar.

Spotify

“Wild Kingdom“ med COTTON MATHER er nok eit solid tillegg i diskografien til Austin, Texas-bandet. Smart, moderne popmusikk. Sjekk også ut årets EP: Platemelding Spotify

Spotify

LEE BAINS III & THE GLORY FIRES sin ”Youth Detention“ set som vanleg fyr på det meste. I alle fall innleiingsvis. Plata er ganske så variert i tempo og intensitet. Noko som får fram dei ibuande nyansene som ligg i låtene. Med andre ord umiskjenneleg Lee Bains. Men den høgoktane sørstatssoulrocken blir så mykje betre, med innlagte kvilepausar.

Spotify

”Another Summer of Love“ viste at GospelbeacH og Brent Rademaker ikkje hadde problem å følgje opp den flotte debuten frå 2015. Psykedelisk vestkystrock, med slagside mot country.

Spotify

PORTER and THE BLUEBONNET RATTLESNAKES sin ”Don’t Go Baby Its Gonna Get Weird Without You“ blei dessverre hans siste plate. Han omkom dessverre i ei bilulukke i fjor på veg til ein spelejobb, plata var nesten ferdigstilt når tragedien inntraff. Familie og vener sørgde for at plata kom ut. Ei trist, men veldig god avslutting på karrieren.

Spotify

“Prisoner” med RYAN ADAMS overraska både musikalsk og i format. Musikalsk har han føter i både singer/songwriter-tradisjonen og stadionrocken. Noko han taklar særs godt i båe tilfella. Når det gjeld format, så finnest den her i huset i fire forskjellige utgåver. Utan å utbrodere det noko meir.

Spotify

KOREY DANE, frå Long Beach, California, spelar på si andre plate, ”Chamber Girls“, americana med powerpop-element. For meg eit ubeskrive blad, ein artist med eit flott musikalsk uttrykk og sterke låter.

Spotify

Marlon Rabenreither si andre plate under namnet GOLDSTAR, ”Big Blue“, er ei solid sak om du liker countrysoul og småskranglete folkrock, sistnemnde som Neil Young i dei gode dagane. Sjå ikkje lenger. Karen frå Los Angeles er nett det du treng.

Spotify

A GIANT DOG ”Toy“ viser eit band som er i stadig utvikling. Bandet står framleis for dei soniske utblåsingane inn i mellom, men lydbiletet denne gongen er meir glamrock. Meir reindyrka 70-talsrock.

Spotify

Og når vi først har nemnt den store hunden, må vi ta med hobbybandet til Sabrina Ellis og Andrew Cashen, SWEETSPRIT. ”St. Mojo“ er deira andre fulle album. Meir glam, meir funk, meir pomp og prakt, meir ballader. Eigentleg noko heilt anna. Og like nødvendig som A Giant Dog.

Spotify

THE KERNAL veit eg lite om. Men han/dei er basert i Jackson, Tennessee. ”Light Country“ er The Kernal sitt andre korte album. Og musikalsk snakkar vi om klassisk countrymusikk tidsett stort sett i 70-talet. Det er faktisk veldig bra, og faktisk alt for kort.

Spotify

Når New York-punkbandet The Etter gjekk i oppløysing fann vokalist Lindsay COCO HAMES tida inne for å gjere noko litt annleis. Ho danna bandet Parting Gifts med Greg Cartwright (Reigning Sound), dei ga ut to plater. Og i 2014 var ho ein del av turnéversjon av The New Pornographers. Før ho no endeleg solodebuterar med ”Coco Hames“. Og no er det 60-tals Phil Spector-lyd og 70-tals Memphis Soul-lyd som gjeld. Steikandes bra!

Spotify

THE DEEP DARK WOODS med ”Yarrow“ høyrest ut som nære slektningar av The Handsome Family.

Like pene, like gotiske og mørke. Berre kanadiske. Og med same country-twang.

Spotify

“Hallelujah Anyway“ med HISS GOLDEN MESSENGER. Det går unna no. Singer/songwriter Michael Taylor leverer ei ny plate nesten kvart år. Blandinga hans av klassisk rock, folk-soul og country, går uansett ikkje av moten. Så ei plate i året frå Taylor i Raleigh, North Carolina er minimum.

Spotify

LOW CUT CONNIE og deira fjerde album ”Dirty Pictures, Pt. 1“ si største endring, var at pianisten overtok vokalen frå trommeslagaren. Fordi sistnemnde slutta. Men elles læt Philadelphia-bandet like friskt som tidlegare. I tillegg har dei fått endå ein prominent tilhengjar. Frå før har Barack Obama nemnd si beundring for bandet. No har også Elton John meldt seg på. Sistnemnde har med bandet sitt bruk av piano å gjøre.

Spotify

Til slutt: SHARKS si “Killers of the Deep” som er bandets fjerde plate siden 1973, er ei flott plate. Det er litt spesielt, det skal seiast. Eit band som er lite kjent ut forbi meinigheita. Dei hadde si stordomstid på byrjinga av 70-talet. Og omsette plater over disk her i Florø då. (Eg kjenner både kjøper og seljar…). Men akkurat det kjem aldri til å skje igjen, mitt eksemplar av denne plata er kjøpt direkte frå bandets nettside.

Platemelding

Spotify

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Platearbeidarens 2017, sånn var det, norske plater – Topp 11

1. DIG DEEPER “In Central European Time“

Årets beste norske utgjeving, og på sitt tredje album er bandet trygt attende i Europa. Denne gongen er det meir Autobahn enn highway.

Platemelding

Spotify

2. ANTI-MUSIC BONANZA ”El Dorado“

Ru og skrapete 70-tals-inspirert boogierock (slapp av, eg ligg ikkje Status Quo inn i denne kategorien), med Roger Græsberg og Thomas Mårud i spissen. Samt Noregs Ringo, Alexander Lindbäck på trommer. Og ikkje minst, Krister Skadsdammen er sterkt tilstades på steel gitar.

Spotify

3. POGO POPS «Love Is The Greatest Compass»

Litt gråare håret, litt meir furet og værbitt. Men med den same evna til å finne dei gode melodiane som tidlegare. Og her kjem sjølvsagt Pogo Pops inn i bildet, med si første plate på fem år.

Platemelding

Spotify

4. HVITMALT GJERDE ”Våken“

Surfindie-poprock på bergensk blir ikkje betre enn dette. Bandet fortset ufortrødent vidare på deira tredje album. Eit lydbilete som lar deg behalde sommarkjensla langt ut på hausten.

Spotify

5. TOVE BØYGARD “Blåe Drag“

Dette er det eg kallar ein god kombinasjon, Tove Bøygard med multiinstrumentalist og produsent Freddy Holm. Det beste frå Ål og Halden, spelt inn i Holm sitt Kleiva Studio i Halden.

Platemelding

Spotify

6. daelen ”Easy Version“

Marte Dæhlen frå Hønefoss, med Evig Din For Alltid, minus Piddi, som backingband. Samt

Hans Petter Gundersen (pedal steel) og vår tidlegare sambygding Matias Monsen (cello). Country- og folk-rock som tenderer mot easy listening, liknande britiske Rumer. Gode, sterke låtar nydeleg produsert av Sgt. Petter Folkedal

Spotify

7. BENDIK BRÆNNE “The Last Great Country Swindle“

Brænne samarbeidar på denne plata saman med den kanadiske musikalske kamelonen Daniel Romano. Brænne varter til liks med sistnemnde ikkje opp med særleg mykje countrymusikk lengre. Då ligg til liks med Romano nærare soulrocken. Ikkje ulikt svenske Moneybrother, eller tidleg 70-tals Springsteen. Opninga på plata er elles heilt suveren, Del Shannon sin ”Runaway“, gitt full Mariachi-behandling med twangy gitarar, strykarar og blåsarar.

Spotify

8. GOOD TIME CHARLIE ”Ready To Rumble”

Her har veldig lite, om noko, forandra seg. Med ein platetittel som hintar til Link Wray- bør opninga med “Ready” vere såpass. Det er nett som å bli transportert attende til 80-talet då bluesinspirerte band som Fabulous Thunderbirds og Omar & The Howlers rådde grunnen.

Platemelding

Spotify

9. TØNES ”Sesong Fire“

Til trass kva tittelen seier, så er dette Frank Tønnesen sin niande plate. (Songen handlar om sesong fire av ”The Wire“) Igjen leverer han folkrock av det tilbakelente slaget. Nydelege melodiar og finurlege, surrealistiske tekstar. Om riving av fjøs, vottar og maxitaxiar. For å nemne noko.

Spotify

10. WILLIAM HUT/GISLI ”22“

Hut er ute med sin niande plate, denne gongen saman med islendingen Gisli. Ei utgjeving som er mest logisk på vinyl. Der dei har ein side kvar. William Hut fortset innan den meir elektroniske sjangeren han har lagt i seg i det siste. Med hans nydelege stemme i fokus. Gisli Kristjansson ligg i eit meir rocka og analogt landskap. Mot slutten går han nesten akustisk.

Spotify

11. VERDSMANNEN THORBJØRNSEN “Vi Treng Trøyst”

Årdølen Ketil Thorbjørnsen blei kalla alt anna enn verdsmann då han i januar sleppte laus låten “Svik”, han var i enkelte sine auge meir ein usling. Det var ikkje alle som skjønte den ironiserande og sarkastiske teksten.

Platemelding

Spotify

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Oktober 2017

Moderne, klassisk pop

Artikkeltags

PLATEARBEIDAREN

Cotton Mather Foto: © Valery Latypov

COTTON MATHER “Young Life” EP

Robert Harrison og Cotton Mather brukte “berre” 15 år på å få ut ”Death of The Cool“, oppfølgjaren til ”The Big Picture“ frå 2001.

Etterpå har det tatt seg opp ein del. Han fekk omsider klassikaren ”Kon Tiki“ frå 1997 ut på vinyl, det også i fjor.

Og ”Wild Kingdom“, oppfølgjaren til fjorårets album kom allereie i år. Nok eit solid tillegg i Cotton Mather-diskografien. Og innimellom her ein stad fekk dei ut ”Cotton Mather with Nicole Atkins EP“.

Grunnen til denne kreativiteten frå Harrison sin side, er at han har satt seg fore at skulle skrive ein låt til kvar av dei 64 hexagrama i I Ching. Ein fleire tusen år gammal kinesisk tekst.

Cotton Mather- Young Life

Men om inspirasjonen er gammal, er ”Mighty Girl“ tidsriktig nok, den. I Cotton Mather-universet i alle fall. Klassisk pop musikk i sfæren til Squeeze og Crowded House. Og Hoodoo Gurus i sein utgåve.

”Death Of The Cool“, tittelsporet frå fjorårets utgjeving (som dei observante allereie har oppdaga), smyg seg sakte frametter. Framleis smart engelskinspirert pop.

Smyg seg gjør også ”Dutch Light“, kanskje endå meir mot sein Beatles. Og Neil Finn frå dei før nemnde New Zealandarane. Så kort at den nærast er over før ein veit ordet av det.

”Eleanor Plunge“ aukar tempoet, utan at det er fare for at vi dett av i svingane. Men songen er denne gongen nærast irriterande kort. Den korte Hollies-inspirerte låten var så full av ”hooks“ og fengjande melodilinjar at den kunne vore dobbelt så long.

Lengda på låten ordnar ”Shepherds Purse“ opp i. Den opprettheld tempoet frå forgjengaren, men meir enn doblar låtlengda. Låten har også eit tyngre og meir rocka lydbilete. Nærast litt Dream Syndicate i lyden. Utan å miste popkjensla.

”Postcard Home“ er den siste låten, roleg tromming. Piano og cello. Nydeleg melodi, storslått og avslappa på same tid. Om du skjøner.

Og då var vi cirka halvvegs i I Ching-prosjektet til Cotton Mather og Robert Harrison. Det vil seie at vi har over 30 låter og minst to LP-plater å glede oss til.

Platemelding

Spotify

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Oktober 2017

Der det er fuzzgitar er det alltid håp

Verdsmannen Foto: Elin Hæreid

Av Ro@ald Hansen

VERDSMANNEN THORBJØRNSEN – “Vi Treng Trøyst”

Årdølen Ketil Thorbjørnsen blei kalla alt anna enn verdsmann då han i januar sleppte laus låten “Svik”, han var i enkelte sine auge meir ein usling. Det var ikkje alle som skjønte den ironiserande og sarkastiske teksten. Og dermed truleg såg på teksten som eit forsvar for innvandring og eit angrep på norske verdiar. Jaja, dei om det. Det er ikkje noko her som klarar å trekke meg noko særleg opp. Men jaggu høyrest han av og til veldig sint ut, Sintemannen Thorbjørnsen. På denne plata som av diverse årsaker gjekk under radaren min då den blei gitt ut i slutten av april.

Men det er mykje å glede seg over på den musikalske sida her, og den før nemnde “Svik” opnar plata. Sannsynlegvis den mest kjende låten her, av årsaker nemnd over.  Men det er ein flott låt. Litt stakkato folk-rock. Med tydeleg gitar og piano. Og eit herleg trekkspel/accordion mot slutten.

Verdsmannen- Vi treng trøyst. Foto: Elin Hæreid

”Hundre hol i armen“ tek oss ikkje til nokon finare stad. Her snakkar vi om ein stoffmisbrukar og ”gleder“ som følger med problemet. Der ein lever frå skudd til skudd. Med litt Cosylan inn i mellom. Og sjølvsagt dei som skal hjelpe han og andre likestilte attende til samfunnet. Som manglar både forståing og empati. Musikalsk ligg han i same sporet som på den første låten. Lydsporet frå helvete er sanneleg av det friske og positive slaget.

Då vart det brått litt mørkare og alvorlegare på ”Trøyst“. Innleiingsvis roleg og dystert. Deretter raskare og meir intenst, med ein tekst som kan tolkast på fleire måter. Anten er det du som sit nede og blir sungen til, eller så syng eg-personen til ein som ligg nede og lir. Ikkje så veldig oppmuntrande eller trøystande nokre av delane. Men låten blir runda av med ein feiande flott slide-gitar og tungt rockekomp. Og der det er fuzzgitar er det alltid håp.

”Bygdedyret“ fortset med slide-gitar og blueskjensle. Med ein med eit tekstleg tema godt kjend for oss på bygda. Rett og slett ein flott og fengande låt. Noko den har til felles med resten av innhaldet her. For sjølv om tekstane er aldri så viktige og godt skrive, med ein bodskap som når inn til meg, er det alltid melodiane og framføringane som er det viktigaste for meg.

Verdsmannen og band. Foto: Elin Hæreid

Og sjølv om uttrykket er endra radikalt på ”Verdsmannen“, er ikkje det så forskjellig likevel. Platas rolegaste låt med historia om turbokapitalisten som måtte kapitulere for kjærleiken, er vakker og kunne like godt vore levert av Bjella eller Nordstoga.

”Den Perfekte Dag“ er vel langt frå det-  perfekt altså. Nok ein låt i lågare tempo. Men meir enn intens nok. Denne gongen med eit hint av både Waits og Kaizers. Og tekst med beskriving frå nok ein av livets skuggesider. Psykiatrien kjem til kort, det endar i sjølvmord. Ho blir ikkje tatt på alvor, det er jo ikkje noko som synest på utsida. Ta deg saman – så går det nok over. Kanskje platas naknaste og sterkaste tekst. Og vondast å lytte til.

Og etter dette føler vi alle behovet for ein vals, eit behov ”Betongskogens Gut“ dekkar godt. I alle  fall i litt over to minutt. Då slår bandet om takta og tempoet og hiv seg ut i ei heseblesande rocka avslutting. Dei høyrest plutselig meir ut som Bachman-Turner Overdrive, ein finurleg og fin variasjon av det musikalske uttrykket. Teksten er framleis på livets skuggeside, ein rapport frå avdelinga med alkohol- og narkotikamisbruk. Med andre ord, igjen ubehageleg.

”Dreg I Lag“-  som avsluttar denne flotte plata, gjer dette i ein meir optimistisk og positiv tone. Verdsmannen blir her akkompagnert av berre eit trekkspel, og no er det polka som gjeld! Eller kanskje ikkje. I staden får vi platas rolegaste og avslappa innslag.

Og på denne måten går vi ut av denne til tider svovelsydande jammerdal av ei plata på ein harmonisk og roleg måte. Og får til slutt trøyst, og ikkje minst: håp.

Platemelding

Spotify

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget