Platearbeidarens 2017, sånn var det, utanlandske plater – Topp 40

1. BASH & POP sin “Anything Could Happen” er årets beste, og på fleire måter mest etterlengta plate. Tommy Stinson klarar å fortsette karrieren på vegen planert og tilrettelagt av The Replacements på 80- talet, og Rod Stewart og The Faces på 70-talet. Rå rufsete, vindskeiv rock.

Spotify

2. «The Navigator» med HURRAY FOR THE RIFF RAFF og bandets eminente låtskrivar, gitarist og vokalist, Alynda Lee Segarra, var deira femte riktige album. Og det beste.

Platemelding

Spotify

3. “God Like The Sun” med JIMMER kjem ut på rett side av årsbestelista, det vil seie nær toppen. Etter å ha venta i 23 år på Jimmer Podrasky, låtskrivar og vokalist i det fantastiske 80-tals-bandet The Rave-Ups, si førre plate, brukte han “berre” 4,5 år på denne. Og leste du første setninga over her, skjønar du at dette er gode greier.

Platemelding

Spotify

4. BOHANNONS med «Luminary Angels» rulla nok ein gong over meg med rock, blues, country, alt.country, Americana. Eller sørstatsrock om du vil. Og dette burde alle ville.

Platemelding

Spotify

5. ”The Nashville Sound“ er lyden av JASON ISBELL AND THE 400 UNIT på sitt sedvanlege suverene. Deira tredje studioalbum, sjølvsagt spelt inn i Nashville, er ein flott samling låter. Frå det hardt rockande til det nydelige og smektande. Isbell viser seg igjen som ein av dei største låtskrivarane innan Americana-sjangeren.

Spotify

6/7. DEER TICK frå Providence, Rhode Island med låtskriver og vokalist John J. McCauley i spissen leverar to herlege album i år, ”Deer Tick Vol. 1“ og (wait for it….) ”Deer Tick Vol.2“. Der vol. 1 er vesentleg rolegare enn (wait for it….) vol. 2. Begge to er uansett skikkelege høgdepunkt. Anten det er 60-tals soulmusikk eller The Replacements som er inspirasjonen.

Spotify Vol. 1

Spotify Vol. 2

8. “How The West Was Won“ med PETER PERRETT frå legendariske The Only Ones, var endå eit vellukka og særs velkomment comeback. Og sjølv om det har gått 21 år sidan ”Woke Up Sticky” kom ut kjennast det slett ikkje sånn ut. Låtane, stemma og den tilbakelente avleveringa. Alt er som det skal være på ei plate med Perrett i hovudrolla.

Spotify

9. WILL JOHNSON “Hatteras Night, A Good Luck Charm“ er nydeleg og vellydande Americana frå Centro-matic-leiaren. Med enkelte litt forstyrrande element slengt inn her og der. Sikkert for å holde oss på tå hev. Mannens femte soloalbum er uansett alt vi kan forvente oss. Og litt til.

Bandcamp

10. SPARKS er på si 23. plate, ”Hippopotamus“, umiskjenneleg seg sjølv. I ein alder av høvesvis 69 og 72, høyrast ikkje Russell og Ron Mael spesielt gamle ut. Plata høyrast moderne ut og eg mistenker at det er Ron som står for det meste av instrumenta her. Med andre ord minimalistisk utført. Det bandet eg har følgt lengst.

Spotify

11 –

Med “Sad Clowns & Hillbillies” sette JOHN MELLENCAMP tida og musikken attende ca. 30 år. Dog i ein mindre intens utgåve. Med Carlene Carter i rolla til mellom anna Crystal Taliefero og Miriam Sturm i rolla til Lisa Germano. Tida legar alle sår seiast det. Men jaggu slipar ho oss ned òg. Men likefullt eit flott album frå Mellencamp.

Spotify

EYELIDS sin “Or” er Peter Buck-produsert, og bandet kjem frå Portland, Oregon. Og det høyrest faktisk sånn ut. Om du skjønar kva eg meinar. Tidleg R.E.M. blanda med mellom anna The Decemberists og Blitzen Trapper. To andre band frå byen.

Spotify

Og sidan vi likevel er inne på Peter Buck må eg ta med supergruppa med medlemmer frå Sleater-Kinney, R.E.M. (Buck) og Minus 5. FILTHY FRIENDS og deira debutalbum ”Invitation“, er eit fantastisk stykke handverk.

Spotify

JAPANDROIDS sin ”Near to the Wild Heart of Life“ er ikkje like krakilsk og utagerande som på den førre plata frå 2012. Dei forsvann nesten fullstendig etter at dei hadde turnert ferdig ”Clebration Rock“. Og dukka ikkje opp att før tidlegare i år. Men sjølv om tida har roa den kanadiske duoen ned, er dette ei plate eg sett stor pris på. Kanskje eg og har vorten rundare i kantane.

Spotify

“Contraband Love“ frå LARRY CAMPBELL & TERESA WILLIAMS er deira andre album som duo. Dei har jobba saman sidan 1986 og vore gift sidan 1988, så dei har ikkje akkurat dynga oss med utgjevingar. Men dette blir det kanskje endring på no? Uansett, Campbell er mest kjend for dei fleste som musikar i bandet til Bob Dylan frå 1997 til 2004. Her syng han i tillegg, både aleine og i duett saman med Williams. Ein botnsolid plate med blues, soul og country.

Spotify

DREAM SYNDICATE gav ut sitt femte studioalbum, ”How Did I Find Myself Here?“, berre 29 år etter det førre. Og det er ikkje så mykje som har forandra seg. Jason Victor er ny og står for gitarkaskadane, og Chris Cacavas (Green On Red) er nytt medlem på keyboards. Elles høyrast Steve Wynn ut nett som han alltid har gjort. Suverent!

Spotify

“Last Place“ med GRANDADDY lot oss kjenne på ei herleg blanding av powerpop, Mercury Rev, Electric Light Orchestra og 10cc. Kanskje meir enn mindre. Det er ikkje ofte Jason Lytle og bandet kjem med plate. Men det er ei like stor hending kvar gong.

Spotify

DESTROYER er stort sett den kanadiske singer/songwritaren Dan Bejar og på ”ken“ er han framleis i det melodiske og melankolske hjørnet. Og som før du veit ordet av det transporterar deg attende til 80-talet og leikar Simple Minds. Før han nappar deg tilbake til notida.

Spotify

Det kanadiske bandet THE SADIES sitt tiande eigne album, ”Northern Passages“, har eit nydeleg albumcover. Aurora Borealis frå Canada, og om nordlyset treng eit rootsy, twangy, mollstemt lydfølgje innbiller eg meg at The Sadies er det.

Spotify

CHUCK PROPHET har med ”Bobby Fuller Died For Your Sins“ gitt ut 12 studioalbum etter oppløysinga av Green On Red. I Paisley Underground-samanheng berre overgått av Steve Wynn. På årets plate har han med seg eit stjernelag både på musikar- og produsentsida. Både i musikalsk innhald og tittel er denne plata bortimot uovertruffen i år.

Spotify

Det er unna få andre å ha ei så særprega stemme som AIMEE MANN, den gjer “Mental Illness“ til nok ein nydeleg milepæl i karrieren. Saman med låtane, singer/songwriter-lydbiletet. Folksoftrock-powerpopen. Alt det som gjer Mann til ein særprega artist.

Spotify

ANDREW COMBS har sanneleg utvikla seg sidan debuten frå 2012, ”Worried Man“. Som var meir reinspikka klassisk country. Ei lita justering på ”All This Dreams”. Litt meir Westcoast, som om Jackson Browne var ein Texas-songwriter. Ein trend han fortset på “Canyons Of My Mind“, med ei helling meir mot Harry Nilson og James Taylor.

Spotify

“Anchors” er WILL HOGE sitt åttande studioalbum, lyden og uttrykket ligg framleis i gatene til Springsteen og Ryan Adams. Og Bob Seger. Ei samanlikning som hadde vore verdilaus om ikkje mannen leverte gode låtar. Og det gjer han jo sjølvsagt.

Spotify

FATHER JOHN MISTY leverer ikkje mykje komikk på ”Pure Comedy“. Heller sorg. Og knuste hjarte. Men musikken er nydeleg. Ein slags softrock americana. Med mykje piano. Og blåsarar. Rett og slett nydeleg, anten han held tempoet nede. Eller spring i veg.

Spotify

Han fortset sin ferd i, og utforsking, av 60- og 70-tals soul DANIEL ROMANO på ”Modern Pressure“. Den stilsikre crooneren av 50- og 60-tals countrymusikk glimrar framleis med sitt fråvær. Utan at eg klagar.

Spotify

“Wild Kingdom“ med COTTON MATHER er nok eit solid tillegg i diskografien til Austin, Texas-bandet. Smart, moderne popmusikk. Sjekk også ut årets EP: Platemelding Spotify

Spotify

LEE BAINS III & THE GLORY FIRES sin ”Youth Detention“ set som vanleg fyr på det meste. I alle fall innleiingsvis. Plata er ganske så variert i tempo og intensitet. Noko som får fram dei ibuande nyansene som ligg i låtene. Med andre ord umiskjenneleg Lee Bains. Men den høgoktane sørstatssoulrocken blir så mykje betre, med innlagte kvilepausar.

Spotify

”Another Summer of Love“ viste at GospelbeacH og Brent Rademaker ikkje hadde problem å følgje opp den flotte debuten frå 2015. Psykedelisk vestkystrock, med slagside mot country.

Spotify

PORTER and THE BLUEBONNET RATTLESNAKES sin ”Don’t Go Baby Its Gonna Get Weird Without You“ blei dessverre hans siste plate. Han omkom dessverre i ei bilulukke i fjor på veg til ein spelejobb, plata var nesten ferdigstilt når tragedien inntraff. Familie og vener sørgde for at plata kom ut. Ei trist, men veldig god avslutting på karrieren.

Spotify

“Prisoner” med RYAN ADAMS overraska både musikalsk og i format. Musikalsk har han føter i både singer/songwriter-tradisjonen og stadionrocken. Noko han taklar særs godt i båe tilfella. Når det gjeld format, så finnest den her i huset i fire forskjellige utgåver. Utan å utbrodere det noko meir.

Spotify

KOREY DANE, frå Long Beach, California, spelar på si andre plate, ”Chamber Girls“, americana med powerpop-element. For meg eit ubeskrive blad, ein artist med eit flott musikalsk uttrykk og sterke låter.

Spotify

Marlon Rabenreither si andre plate under namnet GOLDSTAR, ”Big Blue“, er ei solid sak om du liker countrysoul og småskranglete folkrock, sistnemnde som Neil Young i dei gode dagane. Sjå ikkje lenger. Karen frå Los Angeles er nett det du treng.

Spotify

A GIANT DOG ”Toy“ viser eit band som er i stadig utvikling. Bandet står framleis for dei soniske utblåsingane inn i mellom, men lydbiletet denne gongen er meir glamrock. Meir reindyrka 70-talsrock.

Spotify

Og når vi først har nemnt den store hunden, må vi ta med hobbybandet til Sabrina Ellis og Andrew Cashen, SWEETSPRIT. ”St. Mojo“ er deira andre fulle album. Meir glam, meir funk, meir pomp og prakt, meir ballader. Eigentleg noko heilt anna. Og like nødvendig som A Giant Dog.

Spotify

THE KERNAL veit eg lite om. Men han/dei er basert i Jackson, Tennessee. ”Light Country“ er The Kernal sitt andre korte album. Og musikalsk snakkar vi om klassisk countrymusikk tidsett stort sett i 70-talet. Det er faktisk veldig bra, og faktisk alt for kort.

Spotify

Når New York-punkbandet The Etter gjekk i oppløysing fann vokalist Lindsay COCO HAMES tida inne for å gjere noko litt annleis. Ho danna bandet Parting Gifts med Greg Cartwright (Reigning Sound), dei ga ut to plater. Og i 2014 var ho ein del av turnéversjon av The New Pornographers. Før ho no endeleg solodebuterar med ”Coco Hames“. Og no er det 60-tals Phil Spector-lyd og 70-tals Memphis Soul-lyd som gjeld. Steikandes bra!

Spotify

THE DEEP DARK WOODS med ”Yarrow“ høyrest ut som nære slektningar av The Handsome Family.

Like pene, like gotiske og mørke. Berre kanadiske. Og med same country-twang.

Spotify

“Hallelujah Anyway“ med HISS GOLDEN MESSENGER. Det går unna no. Singer/songwriter Michael Taylor leverer ei ny plate nesten kvart år. Blandinga hans av klassisk rock, folk-soul og country, går uansett ikkje av moten. Så ei plate i året frå Taylor i Raleigh, North Carolina er minimum.

Spotify

LOW CUT CONNIE og deira fjerde album ”Dirty Pictures, Pt. 1“ si største endring, var at pianisten overtok vokalen frå trommeslagaren. Fordi sistnemnde slutta. Men elles læt Philadelphia-bandet like friskt som tidlegare. I tillegg har dei fått endå ein prominent tilhengjar. Frå før har Barack Obama nemnd si beundring for bandet. No har også Elton John meldt seg på. Sistnemnde har med bandet sitt bruk av piano å gjøre.

Spotify

Til slutt: SHARKS si “Killers of the Deep” som er bandets fjerde plate siden 1973, er ei flott plate. Det er litt spesielt, det skal seiast. Eit band som er lite kjent ut forbi meinigheita. Dei hadde si stordomstid på byrjinga av 70-talet. Og omsette plater over disk her i Florø då. (Eg kjenner både kjøper og seljar…). Men akkurat det kjem aldri til å skje igjen, mitt eksemplar av denne plata er kjøpt direkte frå bandets nettside.

Platemelding

Spotify

Advertisements
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Platearbeidarens 2017, sånn var det, norske plater – Topp 11

1. DIG DEEPER “In Central European Time“

Årets beste norske utgjeving, og på sitt tredje album er bandet trygt attende i Europa. Denne gongen er det meir Autobahn enn highway.

Platemelding

Spotify

2. ANTI-MUSIC BONANZA ”El Dorado“

Ru og skrapete 70-tals-inspirert boogierock (slapp av, eg ligg ikkje Status Quo inn i denne kategorien), med Roger Græsberg og Thomas Mårud i spissen. Samt Noregs Ringo, Alexander Lindbäck på trommer. Og ikkje minst, Krister Skadsdammen er sterkt tilstades på steel gitar.

Spotify

3. POGO POPS «Love Is The Greatest Compass»

Litt gråare håret, litt meir furet og værbitt. Men med den same evna til å finne dei gode melodiane som tidlegare. Og her kjem sjølvsagt Pogo Pops inn i bildet, med si første plate på fem år.

Platemelding

Spotify

4. HVITMALT GJERDE ”Våken“

Surfindie-poprock på bergensk blir ikkje betre enn dette. Bandet fortset ufortrødent vidare på deira tredje album. Eit lydbilete som lar deg behalde sommarkjensla langt ut på hausten.

Spotify

5. TOVE BØYGARD “Blåe Drag“

Dette er det eg kallar ein god kombinasjon, Tove Bøygard med multiinstrumentalist og produsent Freddy Holm. Det beste frå Ål og Halden, spelt inn i Holm sitt Kleiva Studio i Halden.

Platemelding

Spotify

6. daelen ”Easy Version“

Marte Dæhlen frå Hønefoss, med Evig Din For Alltid, minus Piddi, som backingband. Samt

Hans Petter Gundersen (pedal steel) og vår tidlegare sambygding Matias Monsen (cello). Country- og folk-rock som tenderer mot easy listening, liknande britiske Rumer. Gode, sterke låtar nydeleg produsert av Sgt. Petter Folkedal

Spotify

7. BENDIK BRÆNNE “The Last Great Country Swindle“

Brænne samarbeidar på denne plata saman med den kanadiske musikalske kamelonen Daniel Romano. Brænne varter til liks med sistnemnde ikkje opp med særleg mykje countrymusikk lengre. Då ligg til liks med Romano nærare soulrocken. Ikkje ulikt svenske Moneybrother, eller tidleg 70-tals Springsteen. Opninga på plata er elles heilt suveren, Del Shannon sin ”Runaway“, gitt full Mariachi-behandling med twangy gitarar, strykarar og blåsarar.

Spotify

8. GOOD TIME CHARLIE ”Ready To Rumble”

Her har veldig lite, om noko, forandra seg. Med ein platetittel som hintar til Link Wray- bør opninga med “Ready” vere såpass. Det er nett som å bli transportert attende til 80-talet då bluesinspirerte band som Fabulous Thunderbirds og Omar & The Howlers rådde grunnen.

Platemelding

Spotify

9. TØNES ”Sesong Fire“

Til trass kva tittelen seier, så er dette Frank Tønnesen sin niande plate. (Songen handlar om sesong fire av ”The Wire“) Igjen leverer han folkrock av det tilbakelente slaget. Nydelege melodiar og finurlege, surrealistiske tekstar. Om riving av fjøs, vottar og maxitaxiar. For å nemne noko.

Spotify

10. WILLIAM HUT/GISLI ”22“

Hut er ute med sin niande plate, denne gongen saman med islendingen Gisli. Ei utgjeving som er mest logisk på vinyl. Der dei har ein side kvar. William Hut fortset innan den meir elektroniske sjangeren han har lagt i seg i det siste. Med hans nydelege stemme i fokus. Gisli Kristjansson ligg i eit meir rocka og analogt landskap. Mot slutten går han nesten akustisk.

Spotify

11. VERDSMANNEN THORBJØRNSEN “Vi Treng Trøyst”

Årdølen Ketil Thorbjørnsen blei kalla alt anna enn verdsmann då han i januar sleppte laus låten “Svik”, han var i enkelte sine auge meir ein usling. Det var ikkje alle som skjønte den ironiserande og sarkastiske teksten.

Platemelding

Spotify

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Oktober 2017

Moderne, klassisk pop

Artikkeltags

PLATEARBEIDAREN

Cotton Mather Foto: © Valery Latypov

COTTON MATHER “Young Life” EP

Robert Harrison og Cotton Mather brukte “berre” 15 år på å få ut ”Death of The Cool“, oppfølgjaren til ”The Big Picture“ frå 2001.

Etterpå har det tatt seg opp ein del. Han fekk omsider klassikaren ”Kon Tiki“ frå 1997 ut på vinyl, det også i fjor.

Og ”Wild Kingdom“, oppfølgjaren til fjorårets album kom allereie i år. Nok eit solid tillegg i Cotton Mather-diskografien. Og innimellom her ein stad fekk dei ut ”Cotton Mather with Nicole Atkins EP“.

Grunnen til denne kreativiteten frå Harrison sin side, er at han har satt seg fore at skulle skrive ein låt til kvar av dei 64 hexagrama i I Ching. Ein fleire tusen år gammal kinesisk tekst.

Cotton Mather- Young Life

Men om inspirasjonen er gammal, er ”Mighty Girl“ tidsriktig nok, den. I Cotton Mather-universet i alle fall. Klassisk pop musikk i sfæren til Squeeze og Crowded House. Og Hoodoo Gurus i sein utgåve.

”Death Of The Cool“, tittelsporet frå fjorårets utgjeving (som dei observante allereie har oppdaga), smyg seg sakte frametter. Framleis smart engelskinspirert pop.

Smyg seg gjør også ”Dutch Light“, kanskje endå meir mot sein Beatles. Og Neil Finn frå dei før nemnde New Zealandarane. Så kort at den nærast er over før ein veit ordet av det.

”Eleanor Plunge“ aukar tempoet, utan at det er fare for at vi dett av i svingane. Men songen er denne gongen nærast irriterande kort. Den korte Hollies-inspirerte låten var så full av ”hooks“ og fengjande melodilinjar at den kunne vore dobbelt så long.

Lengda på låten ordnar ”Shepherds Purse“ opp i. Den opprettheld tempoet frå forgjengaren, men meir enn doblar låtlengda. Låten har også eit tyngre og meir rocka lydbilete. Nærast litt Dream Syndicate i lyden. Utan å miste popkjensla.

”Postcard Home“ er den siste låten, roleg tromming. Piano og cello. Nydeleg melodi, storslått og avslappa på same tid. Om du skjøner.

Og då var vi cirka halvvegs i I Ching-prosjektet til Cotton Mather og Robert Harrison. Det vil seie at vi har over 30 låter og minst to LP-plater å glede oss til.

Platemelding

Spotify

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Oktober 2017

Der det er fuzzgitar er det alltid håp

Verdsmannen Foto: Elin Hæreid

Av Ro@ald Hansen

VERDSMANNEN THORBJØRNSEN – “Vi Treng Trøyst”

Årdølen Ketil Thorbjørnsen blei kalla alt anna enn verdsmann då han i januar sleppte laus låten “Svik”, han var i enkelte sine auge meir ein usling. Det var ikkje alle som skjønte den ironiserande og sarkastiske teksten. Og dermed truleg såg på teksten som eit forsvar for innvandring og eit angrep på norske verdiar. Jaja, dei om det. Det er ikkje noko her som klarar å trekke meg noko særleg opp. Men jaggu høyrest han av og til veldig sint ut, Sintemannen Thorbjørnsen. På denne plata som av diverse årsaker gjekk under radaren min då den blei gitt ut i slutten av april.

Men det er mykje å glede seg over på den musikalske sida her, og den før nemnde “Svik” opnar plata. Sannsynlegvis den mest kjende låten her, av årsaker nemnd over.  Men det er ein flott låt. Litt stakkato folk-rock. Med tydeleg gitar og piano. Og eit herleg trekkspel/accordion mot slutten.

Verdsmannen- Vi treng trøyst. Foto: Elin Hæreid

”Hundre hol i armen“ tek oss ikkje til nokon finare stad. Her snakkar vi om ein stoffmisbrukar og ”gleder“ som følger med problemet. Der ein lever frå skudd til skudd. Med litt Cosylan inn i mellom. Og sjølvsagt dei som skal hjelpe han og andre likestilte attende til samfunnet. Som manglar både forståing og empati. Musikalsk ligg han i same sporet som på den første låten. Lydsporet frå helvete er sanneleg av det friske og positive slaget.

Då vart det brått litt mørkare og alvorlegare på ”Trøyst“. Innleiingsvis roleg og dystert. Deretter raskare og meir intenst, med ein tekst som kan tolkast på fleire måter. Anten er det du som sit nede og blir sungen til, eller så syng eg-personen til ein som ligg nede og lir. Ikkje så veldig oppmuntrande eller trøystande nokre av delane. Men låten blir runda av med ein feiande flott slide-gitar og tungt rockekomp. Og der det er fuzzgitar er det alltid håp.

”Bygdedyret“ fortset med slide-gitar og blueskjensle. Med ein med eit tekstleg tema godt kjend for oss på bygda. Rett og slett ein flott og fengande låt. Noko den har til felles med resten av innhaldet her. For sjølv om tekstane er aldri så viktige og godt skrive, med ein bodskap som når inn til meg, er det alltid melodiane og framføringane som er det viktigaste for meg.

Verdsmannen og band. Foto: Elin Hæreid

Og sjølv om uttrykket er endra radikalt på ”Verdsmannen“, er ikkje det så forskjellig likevel. Platas rolegaste låt med historia om turbokapitalisten som måtte kapitulere for kjærleiken, er vakker og kunne like godt vore levert av Bjella eller Nordstoga.

”Den Perfekte Dag“ er vel langt frå det-  perfekt altså. Nok ein låt i lågare tempo. Men meir enn intens nok. Denne gongen med eit hint av både Waits og Kaizers. Og tekst med beskriving frå nok ein av livets skuggesider. Psykiatrien kjem til kort, det endar i sjølvmord. Ho blir ikkje tatt på alvor, det er jo ikkje noko som synest på utsida. Ta deg saman – så går det nok over. Kanskje platas naknaste og sterkaste tekst. Og vondast å lytte til.

Og etter dette føler vi alle behovet for ein vals, eit behov ”Betongskogens Gut“ dekkar godt. I alle  fall i litt over to minutt. Då slår bandet om takta og tempoet og hiv seg ut i ei heseblesande rocka avslutting. Dei høyrest plutselig meir ut som Bachman-Turner Overdrive, ein finurleg og fin variasjon av det musikalske uttrykket. Teksten er framleis på livets skuggeside, ein rapport frå avdelinga med alkohol- og narkotikamisbruk. Med andre ord, igjen ubehageleg.

”Dreg I Lag“-  som avsluttar denne flotte plata, gjer dette i ein meir optimistisk og positiv tone. Verdsmannen blir her akkompagnert av berre eit trekkspel, og no er det polka som gjeld! Eller kanskje ikkje. I staden får vi platas rolegaste og avslappa innslag.

Og på denne måten går vi ut av denne til tider svovelsydande jammerdal av ei plata på ein harmonisk og roleg måte. Og får til slutt trøyst, og ikkje minst: håp.

Platemelding

Spotify

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Oktober 2017

Imponerer for tredje gong

Dig Deeper. Foto: Julia Marie Naglestad.

DIG DEEPER– ”In Central European Time“

På sitt tredje album er bandet trygt attende i Europa, denne gongen er det meir Autobahn enn highway. Landskapa er like opne, dei er berre annaleise. Det er framleis mykje gitarar i det bandet driv med, men dei utvidar paletten noko i høve til tidlegare plater. Høyrast det ut som. Når ein studerer platecoveret ser alt normalt ut. Men lydbiletet verkar av og til å gå i ein industriell retning. Dei har denne gongen fått ein rad gode hjelparar med på laget; halvparten (tre personar) frå det flotte popbandet frå Oslo, The Switch, Torgeir Waldemar og Johan Daniel Henriksen, Anders Møller, og amerikanske Moji Abiola.

”How Can I Be Certain” opnar plata hardt, ikkje utmattande hardt, men stødig og jamt. Bruken av pedal-steel gir det heile framleis stort, vidt lydbilde. Dei lenar seg kanskje meir mot den europeiske kraut-tradisjonen. Med noko illevarslande liggande bak den, malande dronete fronten. Herleg og suggererande når du blir fanga inn av det. Dei kan også minne om australske The Church (Som elles kjem med ny plate i år, nummer 26 i rekka!:-)). Og der fauk vi jammen innom endå eit kontinent.

Dig Deeper med sitt 3. album. Foto: Coverfoto

Dei går i ei meir tradisjonell og melodiøs retning på ”Stars Tonight (Have You Seen)“. Ein litt meir lausluppen og leikande utgåve. Der den store kontingenten gode hjelparar openberrar seg for første gongen. Her med flotte koringar. Og på denne låten dukkar den syrete lead-gitaren opp at. Som legg sitt lett psykedeliske filter over det heile. Med ein ganske mørk og myndigheitsrefsande tekst. Det er noko skuggar for utsikta vår.

”Don’t Ask To Much“ opnar med nydeleg pedal-steel gitar og tar tempoet nesten heilt ned. Og gir seg nesten progrocken i vald. Med ein låt i medium lengde i forhold til sjangeren, åtte minutt sånn circa. Og når eg seier prog er det den proggen eg har høyrt på og veit mest om, tidleg 70-tals Pink Floyd. Som “Meddle”, “Obscured By Clouds” og “The Dark Side Of The Moon”. Eg seier  ikkje at dei etterliknar britane, men dei minner til tider sterkt om dei. Også med litt av paranoiaen britane etter kvart utvikla. Her flyktar hovudpersonen frå noko eller nokon.

Dei føretek etter kvart ei tempoauking på “Hey!”, høgare tempo. Betre syrefaktor på gitarane, musikalsk dop for øyro og sinn. Gitarsoloar som i ein konkurranse der det gjeld å vere mest uthaldande, ikkje det eg nødvendigvis likar best, men i denne samanhengen er det særs passande. Det paranoide inntrykket frå låtane framfor sit framleis i rimeleg bra.

”The Ticket“ endrar fokuset igjen, eller sjangeren om du vil. Eller den geografiske plasseringa. Her er vi attende på den amerikanske vestkysten, paisley underground. Grateful Dead. Med platas kortaste låt. Med ei lengd på berre tre og eit halvt minutt stikk den seg verkeleg ut her. Med ein rastlaus tekst om å komme seg unna. Ein lys og litt håpefull låt, før mørket tek oss.

For det er nettopp det som skjer når ”Sky Brown Sky” omfamnar oss. Avsluttingslåten byrjar i kvart fall sånn etter ein litt roleg og avventande start. Med litt klimpring og forsiktig jamming, litt orientalsklydande. Deretter tek bandet sats og harvar over oss i seks, sju minutt. Give or take. Med kaskadar av lyd, elektronika. Elektriske gitarar, noko som høyrast ut som sitar. Vi blir kasta inn i kraftrocken frå byrjinga av 70-talet, ikkje nødvendigvis like lett og behageleg for alle.  Men for meg like interessant og spanande heile vegen. Og bandet landar det heile til slutt, og gir for så vidt ein forløysing etter ei solid oppbygging. Med eit flott kor, igjen i nabolaget til Pink Floyd.

Dig Deeper fortset å imponere på sitt tredje album, det er klart at dei denne gongen blei møtt med store forventningar frå meg. Men det løyste dei meir enn greitt nok. Det er sånn at eg er spent på kva dei finn på ved neste korsveg.

Platemelding

Spotify

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

September 2017

Still going strong- etter 30 år

Pogo Pops. Foto: Pressefoto

POGO POPS – «Love Is The Greatest Compass»

Pogo Pops si sjuande plate gjekk meg hus forbi, men det gjør jo eigentleg dei fleste plater om ein tenker på det. Skal eg vere ærleg er jo over 99 % av platene som kjem ut uinteressante for meg. Men likevel finst det framleis hundrevis, for ikkje å seie tusenvis, av plater som er interessante.

Og her kjem sjølvsagt Pogo Pops inn i bildet, med si første plate på fem år. Denne gongen berre litt seinare. Ikkje for det, eg kjøpte plata på vinyl når den kom i mai. Men eg gløymde den. Ja ja ja, eg veit det, ting går litt over stokk og stein her av og til. Og ting blir arkivert alt for tidleg. Men det er eigentleg enklaste måten å finne igjen ting på, ein må berre komme på at ein har det. Og når nokon minner deg på det tilstrekkeleg talet på gongar, hjelp det sjølvsagt på.

Pogo Pops – Love is the greatest compass. Foto: Pressefoto

Så her er vi no, på tide å endeleg hogge inn. Og hogge i gong på sedvanleg Pogo Pops-vis gjør dei på «Bright Lights». Vel, ikkje akkurat hogge. Men uptempo, vellydande poprock med Hammersland si lett attkjennande og karakteristiske stemme i sentrum. Med ein leiken saksofon i den frå midten til avsluttinga av låten. Særs flott og effektivt. Og melodiane kjem lett og avslappa, eit handverk dei no etter kvart har brukt 30 år på å finpusse.

«The Blue Beyond»; fortset like lett og avslappa. Stadig i høgt, stødig tempo. Denne gongen med lydbilde og harmonisong som leiar tankane hen til Electric Light Orchestra. Noko som i pop og powerpopkretsar med tida har blitt blant dei beste komplementa ein kan få.

Dei slappar heilt av på «The Way It Goes», ein så klassisk Pogo Pops-ballade som ein kan få. Eit låtformat bandet har meistra sidan «Man Inside My Head» på debuten for 27 år sidan, og no som då leverer Hammersland vokal så det held. Med naturlege avslipinga som åra har gjort, han var råare på debuten. Utsøkte strykarar frå Mari Persen og Florø-musikaren Matias Monsen, gir låten ein ekstra mjuk og mollstemt Beatles-dimensjon.

«Running»- er trass i tittelen ein rolegare, meir tilbakelent utgåve av bandet. Ikkje rolegare når ein kjem til tempo, men kanskje litt …småkjedeleg? Den plasserer seg som ein litt fjern slektning av Smashing Pumpkins sin ”1979“, med litt av pianoklimpringa frå «Riders On The Storm» som krydder. Og med fin vokal frå Christine Sandtorv. (Ephemera)

Då likar eg betre jazzbossanova-popen på «Architect», monaleg betre. Ein kul sval, slentrande; og i mangel av ein teitare beskriving; sløy låt. Men veldig fin. Ein sommarlåt for sommaren som aldri kom heilt i år. Eller i fjor. Litt den same sydlandske stemninga som til dømes The Young Rascals og «Groovin’» gir meg, utan samanlikning elles. Ei lun og fin avslutting på side ein.

«In December» fortel meg ikkje at vinteren kjem, den er her allereie. Men i motsetnad til andre som fortel deg at ein kommande vinter er ein ting å frykte, har bandet gjort det varmt og koseleg. Og Persen og Monsen sine strykarar hjelp til med det, i tillegg til at den halvrolege låten nok ein gong gjev eit nikk til den seine Beatles-utgåva.

Men det var ikkje vinter så veldig lenge, «These Summer Days» fortel oss noko anna. Og vi er raskt attende i den svale, slentrande stemninga som avslutta side ein på plata. Her med måkeskrik og lyden av bølger. Komplementært med ein fin accordion-solo.

«This Is The Night» tek oss frå strandliv, sol og måkeskrik. Og inn i natta. Aukar tempoet og trykket opp igjen til «Crash“-nivå. Pogo Pops i 90-talsmodus. Litt powerpop. Kontrollert, litt svevande og drøymande. Samt at nettene med Pogo Pops er fine og trygge, det er ikkje noko her som lurer deg ut på skråplanet.

Når vi nærmar oss slutten på side to med «Love Is The Greatest Compass» som fortset i same sjanger, stikk produsent Yngve Sætre innom med tivoliorgelet sitt, og tilset ei lita dose galskap. Ein galskap vi har alle sakna sidan Barbie Bones la opp i 1993!  Ikkje det? Har nokon høyrt om dette Bergens-bandet? Ikkje så mange der heller, nei. Samme det, livet gå vidare.

Og det gjør også Pogo Pops med «Curtains», sjølv om dei rett nok takkar av for denne gong. Her med Viggo Krüger bak mikrofonen, på ein etter Pogo Pops-standard, umelodiøs låt. Men derimot dvelande, malande; på berre ein akkord. Både dyster og oppløftande på same tid. Med akustiske gitarar, keyboards og enkel perkusjon. Om teksten er ein svanesong for nokon eller eit avskjedsbrev – er vel eigentleg mykje det same? Ikkje veit eg.  Men ein ettertenksam, fin og litt annaeies avslutting er det uansett.

Den over 30 år gamle popgruppa er enno ikkje hemma av alderen, og leverer veldig godt også i 2017. Den einaste som kan stå fram litt hemma her er platemeldaren, det tok trass alt nesten fire månader å få fram ei platemelding.

Platemelding

Spotify

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Juni 2017

Usannsynleg bra for tredje gong

Bohannons. Foto: William Johnson Photography

BOHANNONS «Luminary Angels»

På si tredje plate, alt etter korleis ein tel, står bandet frå Tennessee like sterke som tidlegare. Igjen med eit til tider intenst, pulserande lydbilde. Men også med rolegare innslag. Rock, blues, country, alt.country, Americana. Med stadig tydeleg slektskap til samtidige sørstatsband, som til dømes Lee Bains lII & The Glory Fires, Lucero og Dexateens. Plata er elles gitt ut på Cornelius Chapel Records, plateselskapet til Elliott McPherson frå sistnemnde band.

Og i spissen som vanleg brørne Matthew og Marty Bohannon. Høvesvis på hovudgitar og hovudvokal, med nokre få unntak.

Opninga «Run The Roads» set raskt stemninga. Hissige harde, bitande gitarar. Med litt syrete kantar, og gjennomgåande fin variasjon i tempo og trykk. Det høyrest også ut som om inspirasjonen denne gongen ligg litt i tidleg 70-tal. Les MC5 og The Stooges.

“No Trouble Tonight” plasserer Matthew bak mikrofonen, den første av to gongar, samstundes som tempoet blir skrudd opp. Til ei blanding av 1972 og 1977. Mykje sinne, han seier at han ikkje ser etter bråk i kveld, men det høyrest ikkje sånn ut.

Tittelkuttet roar det ned att innleiingsvis, men “Luminary Angels” tek seg opp etter kvart. Låten har ikkje noko med skinande englar å gjere. Den baserer seg på historier han blei fortalt av ei kvinne han vart kjend med frå Luminary. Ein av dei meir grisgrende delane av Tennessee. Og etternamnet til mange av personane i forteljingane var Angel. Historier han seier i beste fall var rare. Som livet på landsbygda i sørstatane ofte er. Musikalsk blir det litt som “Swee Home Alabama” frå helvete.

“Smoke and Ashes” opnar med Marty i svovelpredikant-modus. Men låten er litt rolegare, nærast folk-aktig i uttrykket. Og meir melodiøs.

Med “2000 Nuthin” er vi attende på køyret, hardare og meir utagerande. Men framleis med den melodiøse linja frå føregåande låten.

“Vacation” plasserer igjen Matthew bak mikrofonen, og denne gongen er det utvilsamt folk. Folkrock nærare bestemt, med ei fele som prikken over i-en. Nok ein flott og melodiøs låt.

Og så kjem platas varaste og finaste augneblink, “Heart Go West”. Ein nydeleg, haltande countrylåt. Og ei side av bandet vi ikkje har høyrt sidan “Grammaw and Grandpaw” på EP-en “Days of Echo” frå 2010.

“Likevel Days” aukar opp att tempoet. Slepp laus Matthew sin gitar litt meir. Som eit forvarsel på kva som kjem. Framleis med det melodiøse uttrykket intakt. Det er hakket før vi går heilt ned og helsar på djevelen sjølv.

Og på avsluttingslåten “Big Mouth”, er både han og han hin til stades både i sinn og i sjel. Låten høyrast uansett ut som eit oppgjer av episke proporsjonar. Her er gitarane i førarsetet, målande. Flerrande. Det blir uvesentleg kva låten handlar om. Det einaste som betyr noko er dei herlege gitarane som held deg fast i ein malstraum av lyd. Og ikkje slepp taket før låten tonar sakte ut. Det er så ein nesten sit sveitt igjen å ha bevega seg.

Men uansett, bandet har levert nok eit fantastisk album. Ikkje verken fornyande eller grensesprengande, berre usannsynleg bra.

Platemelding

Spotify

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget