Årsbesteliste 2011 – Del ein – Powerpop (og anna vellydande musikk) 32 plater.

Ei liste der det er mykje ukjend. Men mykje veldig fin musikk.

An American Underdog “Always on the Run” Soundcloud Dette er ein herremann ved namn Andy Reed
som lagar powerpop med trykk på pop. Ei blanding av Squeeze, Beach Boys og Jellyfish.

The Blueberries “18” Det totalt oversette bandet brukte Kickstarter til å finansiere ein best of av dei tre rootsy powerpop-albuma dei ga ut på 90-talet.
Veldig fint. Kickstarter

Peter Bruntnell “Black Mountain U.F.O.” Briten som ein gong, på slutten av 90-talet, var rekna blant dei betre alt.country-artistane har blitt meir popete. Melodiøs halvtempo powerpop med countryundertonar. iTunes

The Bye Bye Blackbirds sin “Fixed Hearts” er også powerpop med countryundertonar. Og som eg kan sjå, deira tredje plate. Spotify

Caddy er eigentleg Tomas Dahl, trommeslagaren med ei fortid i mellom anna Turbonegro og The Yum Yums. Musikken på “Electric Hero”, hans andre plate, beskrivast som: “Bryan Adams and Paul Stanley writing songs together…in Brian Wilsons house??!….Yes please!!!” Dahl spelar alt sjølv og leverar ei prototyp powerpop-plate. Myspace

Tim Culling sin “Goodbye Western Sun” er ein 7-spors EP der Culling spelar alt sjølv utanom trommar. Endå meir countrybasert powerpop. Myspace

“Second Skin” med Tommy Flake høyrast ut som ein hybrid av Elliott Smith, Brendan Benson og Todd Rundgren. Og nesten like suverent.Spotify

Norske Hiawata! leverar powerpop på “Backs to the Future” som dei skulle være Weezer oppvekse i Moss. Les platemelding Spotify Wimp

No har vel aldri Hifi Superstar nokre slagarar i det heile teke. Ikkje ein einaste ein sjølv om tittelen “One Hit Wonder” skulle tyde på det. Men dei kunne hatt det, denne plata er særs fengjande. http://www.myspace.com/hifisuperstarband

Scott Gagner har tidlegare gitt ut plater med Town and Country og Cartographer (høyr sistnemnde her ). “Rhapsody in Blonde” er debuten under eiga namn. Nydeleg popmusikk tidvis med pigger. Spotify

Plate nummer to frå The Ditchflowers “Bird’s Eye” fortsatte den sofistikerte melodiøse linja frå debuten i 2007. Søt powerpop. Spotify

Hotel Lights er leia av Darren Jessee, tidlegare trommeslagar i Ben Folds. “Girl Graffiti” er deira fjerde plate. Folksy pop med vrengte gitarar. Spotify

Meir prototyp powerpop leverast av Kurt Baker “Rockin’ For a Living” er mannens andre EP. Fjorårets var ei samling coverversjonar. Spotify Wimp

Fountains of Wayne utvikla seg ganske kjapt til å bli powerpop-sjangeren sine gudfedre. “Sky Full of Holes” gjør ingenting for å forandre det. Spotify Wimp

Litt vestkust med ein teint av powerpop er det Peter Lacey serverar oss på “We Are the Sand”. Soundcloud

Shane Lamb ligg i same landskapet som Peter Lacey. “Better Here” er ein oppvising i god låtskrivarkunst. CDbaby

Powerpop med eit snev av Led Zeppelin og AC/DC putta inn leveras av Greg Pope. “Monster Suit” fortset der fjorårets fine “Blue Ocean Sky” slapp. Soundcloud

The Quags tek i følgje seg sjølv vare på anda frå Alex Chilton, Small Faces og The Jam. “Priceless Grains of Sand” skuffar ikkje i så måte. CDbaby

Klassisk powerpop leverte The Rationales på “The Distance in Between”. Intet mindre. Spotify

Richie Reinholdt leverar mindre country og meir powerpop enn tidligere på “Night and Day” "CDbaby"No hadde eg aldri høyrt om fyren før. Men sånne bagateller bør ikkje hindre nokon i å opopdage ein heilt glimrande artist. CDbaby.

Powerpop blir kalt en miks av Beatles og Hardrock. Seth Swirsky og Mike Ruekberg i The Red Button ligg nærast Beatles på “As Far as Yesterday Goes”. Spotify Wimp

Chris Richards har samla tidlegare uutgitte ting på “Historia Pathetic Dos”. Som soloartist og med banda Hippodrome og The Phenomenal Cats. Og ut frå tittelen kan ein skjøna at dette den andre samlinga med oppsamla materiale han har gitt ut. Bandcamp

12-strengs gitarar, merseybeat, powerpop, nok sagt. Det du treng å vite om Gary Ritchie sin “Hum, Sing…Repeat” CDbaby

Richard Snow & The Inlaws er powerpop frå Nottingham. “Am I Really That Boring?” drar vekslar på gode britiske tradisjonar innan sjangeren. Soundclick

Om du kan førestille deg indiepowerpop er Supraluxe sin “The Super Sounds of Supraluxe” akkurat det.Spotify

Tony Cox spelar pop i Beatles og Crowded House-skulen på “On the Way”. Mannens andre plate. Spotify

Dwight Twilley sin “Soundtrack” er soundtracket til ein tenkt dokumentarfilm om Twilley. Og då måtte det sjølvsagt høyrast ut som ein oppsummering av karrieren. Med nye låtar. iTunes

Mannen bak ein haug med plater under eiget namn og The Candy Butchers, Mike Viola, køyrer ufortrødent vidare på “Electro De Perfecto”. Glitrande skarpkanta popmusikk iTunes

Richard X. Heyman sin “Tiers/And Other Stories” er nok ein fin plate frå mannen som spelar det meste sjølv. Ikkje eit dobbel-album, men to separate plater. Eit konseptalbum, bortimot ein rocke-opera. I følgje mannen sjølv. Samma det, det er uansett over gjennomsnittet fint. CDbaby

Og når vi først er inne på Heyman tar vi med hobbyprosjektet hans. Der han spelar trommer. The Doughboys sin “The Doughboys: Rock N’ Raw” læt heilt annaleis enn den patenterte powerpopen han sjølv lagar. Her er det streit rock’n’roll som gjeld. I konserttapning på CD og DVD Spotify

Sugar Louise er norske, og i byrjinga lurte eg på ”Everything’s Better With Sugar” var unnfanget i Moss og fødd på same avdeling som The Yum Yums. Men trøndarane klarar seg godt på eiga hand. Wimp Platemelding

Og då passer det å avslutte i Moss. The Dahlmanns har varma opp til “All Dahled Up” med nokre singlar. Og dei skuffar ikkje. Spotify Platemelding

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s