Årsbesteliste 2011 – Del to – norske utgjevingar – 30 plater

Dei fem første platene her på delt førsteplass, altså årets beste norske plate. Ellers er det kanskje ei liste over kva som har vært verdt å få med seg av plater.

Kristiansundsbandet El Cuero leverte ei fantastisk plate med “From Mountains to Sand”. Fikk i år og oppleve at sceneversjonen er minst like sterk. Spotify Platemelding

!
!
!

Ni Liv begikk med sin “Langhelg” karrierebeste. Og når ein snakkar om å ha godt tak på det norske språket ligg Jon Solberg i toppen. Spotify Platemelding

Bergensbandet Angry Wasp kom ut av ingenting. “Winnetou” gjorde til at skuffelsen av at Jayhawks gjekk på trynet blei mindre. SpotifyPlatemelding":

Stein Torleif Bjella fekk endeleg sitt gjennombrot med “Vonde Visu”. Tekstforfattar av ei annan verd. Spotify Platemelding

Etter å ha kasta ut all unødvendig staffasje leverte Robert Post sin til no sterkaste plate, “Rhetoric – Season One”. Spotify Platemelding

Seven Doors Hotel viste at alt.country lever og har det godt i Noreg. “The Overlook” overgår tidvis nokre av forbilda deira. Spotify Platemelding

Med storebroren til Lars-Lillo Stenberg, Halvor, i besetninga leverte Mannen På Trappa ei fin plate. “Takk” ligg i skjeringspunktet deLillos, DumDum Boys og visepop. Med mykje fett orgel. Spotify

Von frå Gudbrandsdalen gjorde alle mine fordommar til skamme. “Mange Veigje” er folkrock på eit nivå over Hellbillies. Spotify Platemelding

Gubberockens (i følgje dei sjølve) forkjemparar, The Black Soul Circus, leverte med “The Black Soul Circus” noko som ikkje likna mykje på gubberock. SpotifyPlatemelding

Åge Aleksandersen & Sambandet viste med “Furet, Værbitt” at den eldre delen av norsk rock er høgst oppegåande. Spotify Platemelding

Som forventa var Good Time Charlie sin “Garage a Go-Go”. Kanskje landets beste band innan sjangaren rhythm’n’blues-driven garasjerock. Spotify Platemelding

Steinar Karlsen forsterka berre inntrykket med “Ulydium” at der har vore eit godt år for GTC-leiren. Spotify Platemelding

Det igjenoppståtte Colors Turned Red, Duel in the Sun, leverte med “Duel in the Sun” på nivå med høgdepunktet på 80-talet. Spotify Platemelding

Petter Carlsen ga oss atmosfærisk og melodiøs popmusikk på andreplata si, “Clocks Don’t Count” Spotify Platemelding

Finn Coren sin “Mitt Hjerte” er hans andre norskspråklege utgjeving. Der han tonesett ein norsk forfattarkjempe. Denne gongen Jens Bjørneboe. Spotify Platemelding

Med nyleg annonsert Spellemannsprisnominasjon kan det hende at Onkel Tuka endeleg får den merksemda dei alltid har fortent. “Hvit Honning” var ei lita openbaring når den kom tidlegare i år. Spotify

Orbo & The Longshots leverar fin countryrock på “Prairie Sun”. Og eg følar at dei har reist seg litt etter “Masquerade”. Wimp

Med eit lydbilete som ledar tankane hen til Jokke leverte Oslo Ess den fine “Uleste Bøker Og Utgåtte Sko”. Litt meir sprettent og polert enn Jokke, dog. Spotify

Oslo Inn malte litt breiare enn Oslo Ess på “Slike Dager”. Og var for meg hakket kvassare. Spotify Platemelding

HP Gundersen og hans dronegitar ga The Last Hurrah!! eit internasjonalt løft. Når ein høyarar “Spiritual Non-Believers” skjønar ein kvifor. Spotify
Platemelding

Peter Berry & The Shake Set tok oss attende til 60-talet. “Berry-Go-Round” er resirkulasjon gjort på særs elegant måte. Spotify
Platemelding

Eit fyrverkeri av eit band viste Los Plantronics oss at dei er på “Organic Voodoo Soup” Spotify Platemelding

Ian Senior har blitt litt enklare og råare i lyden på “Twelve Guitars”. Utan at det plagar meg noko særleg. Spotify

Jørn Christensen og Vibeke Saugestad brukte lang tid på oppfølgjar-plata til Thinkerbell. “2” var verdt ventetida. Spotify Platemelding

Eit fyrverkeri av eit band er også Synkoke . Men av det meir destruktive slaget. “The Ideologist” må høyrast for å tros. Spotify Platemelding

Åshild Mundal leverte med “Fritt Fall” ei fin popplate. På klingande sognedialekt. Spotify Platemelding

Tom Roger Aadland slår til igjen etter den fine Bob Dylan-utgjevinga frå 2009. Denne gongen med litt svakare materiale. Skulle ein tru. Men saka er at Aadland ikkje treng hjelp frå andre låtskrivarar for å lage ei sterk plate. No skal eg ikkje påstå at Dylan blir overgått her. Men låtskrivaren Aadland står meir enn stødig på eigne bein. Platemelding Spotify

I Loddefjord går det framleis hett for seg. Og sjølv om Fjorden Baby! sin “Se Deg Rundt i Rommet”

Spotify og John Olav Nilsen & Gjengen med “Det Nærmeste Du Kommer”ikkje leverte like geniale utgjevingar som tidlegare, tykkjer eg framleis dette er plater som hevdar seg godt. Spotify

Då tykkjar eg Lars Vaular tek nye steg med “Du Betyr Meg”. Sikkert fordi han opprinneleg er frå Åsane. Vaular er elles den einaste rap/hip-hop-artisten eg taklar over tid. Spotify

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s