Årsbesteliste 2011 – Del tre – Topp 10 og resten av røkla (totalt ca. 90 plater)

Årets beste plate i 2011 sto Kevn Kinney for. For andre gong i løpet av tre år. I 2009 var det med Drivin’n’Cryin’. No skal ikkje eg seie så mykje meir om “A Good Country Mile” . Eg sa nok her Platemelding iTunes Kjøp

!
!
!

Topp 2 – 10

02. Jason Isbell & 400 Unit gjorde det igjen. “Here We Rest” er langt der oppe, og eg må spørre meg sjølv om “Codeine” er årets låt. Spotify Platemelding

03. Dei leverte som forventa i år igjen, Drive-By Truckers på “Go-Go Boots”. Nedturen den leiren i år var at Shoanna Tucker slutter i bandet. Men på den annen side så betyr det fleire DBT-relaterte plater. Spotify Platemelding

04. Jackie Leven, eller Den store mannen, forlot oss i midten av november. Noko som gjekk inn på meg mykje meir enn eg hadde trudd. Og dess meir eg tenker på det, eg innser at dei to konsertene eg overvar med Leven i Førde er dei beste eg har vore på. Jackie Leven & Michael Cosgrave sin “Wayside Shrines and the Code of the Travelling Man” sett eit punktum for mannens platekarriere. Men han blir aldri gløymt. Spotify

05. 23 år mellom platene blir litt lenge tykkjer eg. Men Semi-Twang sin “Wages of Sin” var verdt å vente på. Spotify

06. The Black Keys har jammen fått ein del negative kommentarar hjå fans som ikkje likar utveklinga på “El Camino”. Det er gjerne sånn at hard-corefans har probem med evolusjon. Eg derimot er godt nøgd med rocka høgoktan soul. Tøft nok for meg. Bandet skapte også furore då dei nekta streaming på mellom anna Spotify Wimp

07. môra-Per tok ut sitt fulle potensial på “Sockervägen”. Svensk folkrock har sannsynlegvis aldri vore betre. Spotify Platemelding

08. Dei gamle heltane Sator leverar som dei 20 åra eg har kjend dei ikkje har passert. “Under the Radar” er bortimot karrierebeste. Spotify Platemelding

09. Tom Waits si “Bad as Me” er den plata frå Waits eg har høyrt mest på. Og likt best sidan “Mule Variations” frå 1999. Kanskje den mest etterlengta plata i år som verkeleg innfrir. Med Keith Richards med på to låtar. Og nesten fråverande frå Spotify Spotify låt 1 Spotify låt 2

10. Israel Nash Gripka trenger muligens berre å spele åpningslåta på “Barn Doors and Concrete Floors”, “Fools Gold” for å få deg hekta. Gripka verkar å vere litt “hemmeleg”, lite info på nettet. Rå, autentisk countryrock med ei stemme du hugsar. Spotify

I
I
I
I

Resten av røkla
I
I

Ok, det var topp 10. Etter dette går eg litt meir vilkårleg til verks.
Alt det følgjande er plater frå 2011 eg meinar det er verdt å skaffe seg.

Ei blanding av amerikanske, britiske, svenske og kanadiske artistar.

Dvs. om ikkje noko anna er nemnt er platene amerikanske.

Britisk alt.country er ikkje å forakte. Bob Collum sin “The New Old Thing” visar det. Mannen har tidlegere 3 – 4 CD’er/EPer bak seg CDbaby

James Walbourne er også britisk. “The Hill” er ikkje særleg britisk-lydande. Vi snakkar her om country-rock, folk og bluegrass. Americana av høg kvalitet. Spotify

The Northstar Session sin “Late Bloomer” ligg i gata til Counting Crows. Også deira tredje plate er vel verdt å få med seg. CDbaby

Mordecai Smyth er desto meir britiske i lyden. “Sticky Tape & Rust” er britisk folk som kunne vært gitt ut på 60- eller 70-talet. Stort sett heilt glimrande. ModrecaiSmyth.com iTunes

Old Californio leverar americana i ei blanding av Grateful Dead og Eagles på “Sundrunk Angels”. Spotify

Skottane Dropkick ligg seg på “Time Cuts the Ties” inntil sine landsmenn Teenage Fanclub. Men med ein meir amerikansk tilnærming, meir country og litt meir pop. Ein av monge fantatstiske ut gjevingar på den svenske labelen Sound Asleep. Spotify

Foster & Lloyd returnerte etter eit langt fråvær. “It’s Already Tomorrow” visar at tida vekke ikkje har gjort dei dårlegare. Amazon

Som ein av monge texastrubadurer, singer/songwriter er det lett drukne. Men Michael Fracasso (opphavleg frå Ohio) sin “Saint Monday” ragar høgt og godt. Nok eit vellukka Kickstarter-prosjekt CDbaby

Joe Ely er ein av hederskarane innan segmentet texastrubadurer. Etter omtrent 40 år i bransjen. Og årets utgjeving, “Satisfied at Last”, skuffar ikkje. Spotify

Ei fin oppdaging for meg i år var John Holk & the Sequins frå Detroit sin “If You See Her”. Folk/country med rock og popkantar. CDbaby

Valentiger med “Oh, to Know!” kan kallast americana. Med med ei helling mot The Replacemenmts og Two Cow Garage. Spotify

Country i Rodney Crowell-gata finn vi på Ted Russell Kamp sin “Get Back to the Land”. Tidvis glimrande. Spotify

Audrey Auld frå Australia, busett i Nashville, leverte med “Come Find Me” ein fin country/folk-plate. Spotify

Auld ankom heimen saman med Stephen Simmons sin ”The Big Show”. Som er litt meir rocka i lyden, ,en også meir akustisk. Men like fin. Spotify Platemelding Auld og Simmons

Molly Thomas kan minne om Lucinda Williams og Sheryl Crow. Men “Make Everything Bright” står støtt på eigne bein. Bandcamp

Ein av to som kom rekande saman med Molly var Rod Picott og hans “Welding Burns”. Countrybluesrock med sterke låtar. Og det som må være den sterkaste plata eg har høyrt av ein tidlegare bygningsarbeidar. Spotify

Jon Byrd var den andre som kom rekande saman med Molly. “Down at the Well of Wishes” er meir country i lyden. Men eg klagar ikkje. CDbaby Platemelding Thomas, Picott og Byrd

Meir americana får vi på Amos Lee sin “Mission Bell”. I James Taylor-gata. Levert med ein klar og sterk stemme. Med mykje kjensler og patos. Spotify

Gurf Morlix tek for seg ein av låtskrivargigantane som gjekk bort så alt for tidleg. “Blaze Foley’s 113th Wet Dream” er ei respektfull og fin countryhylling av mannen. (Blaze Foley om du ikkje har skjønt det) CDbaby

Det er litt meir lyd, støy og kaos på kanadiske Feist si fjerde plate, “Metals”. Men melodiane og Feist si fremføring er like nydeleg som tidlegare. Singer/songwriter indiepop. Spotify

Shelby Lynne fortsetter å køyre med sin Memphis-soul i americanatapning ned “Revelation Road”. Ikkje det at ho nokon gong eigentleg har vore dårleg. Men no har ho verkeleg funnet formen over fleire plater. Denne gongen spelar ho det meste sjølv. I tillegg. Spotify

Årets naknaste og mest intense plate sto Josh T. Pearson for med “Last of the Country Gentlemen”. “Ei plate så stor og stillferdig at ho skrik mot deg.” Ei stemme, ein gitar. Platemelding Spotify

Chip Taylor, John Platania & Kendel Carson: Rock & Roll Joe – A Tribute to the Unsung Heroes of Rock N’ Roll Dette prosjektet hyllar dei ukjende heltane innan rocken, dei som ikkje pleiar å få merksemd. Les meir om prosjektet her: Rock & Roll Joe Musikken er som alt anna Chip Taylor er involvert i uovertruffen. Airplaydirect

Ho er ei av dei artistane som tilsynelatande ikkje gjør så mykje av seg, Gillian Welch. Men stillferdig eller ikkje, det er ting på “The Harrow & the Harvest” som berre får meg til å måpe. Nydeleg! Spotify

Den tidlegare og noverande bassisten i pønkebandet X, John Doe (jada, dei har starta opp att dei, og) fortset å gi glimrande plater. “Keeper” er sjølvsagt ikkje noko unntak. iTunes

Tom Russell sin “Mesabi” er ikkje like sterk som “Blood And Candle Smoke”. Det hadde nok vært litt i overkant. Fin er den uansett. Spotify

Ubrukte ting frå perioden 1985 til 2010 med Peter Case låter betre enn mykje av det andre finn på å bruke. “The Case Files” byr på mykje rå blues i tillegg til folkartisten Case. Spotify

Dave Alvin har holdt på sidan 70-talen saman med The Blasters og som soloartist. “Eleven Eleven” er ikkje nooko påskudd for å slutte Spotify

Går ut frå at dette er Will Hoge sin sjuande plate. Er ikkje alltid like lett å halde oversikten. “Number Seven” er uansett americana av like høg klasse som på dei føregåande utgjevingane. Spotify

The Baseball Project med Steve Wynn ovg Peter Buck i spissen gav ut sitt andre album. “Volume 2: High and Inside” har også eit baseball-tema. Med Craig Finn frå The Hold Steady som vokalist på ein låt. Like stort som førre gongen. Spotify

Australske Michael Carpenter hadde planer om å få ut fire plater med coverversjonar i år. Han har klart tre til no. Høyr to av dei her. Fin blanding av klassisk pop, powerpop og americana. Spotify SOOP 3 Spotify By Request vil 1 Nettstad

Centro-Matic har også gitt ein del plater etter kvart. “Candidate Waltz” er nok ein gong skranglete americanainfisert indierock frå øverste hylle. Amazon

I same sjangeren finn vi My Morning Jacket. “Circuital” er gjerne meir episk i stilen. Men ikkje dårlegare. Spotify

The Decemberists la om stilen til fordel for meir folk og country på “The King is Dead”. Noko som imine øyro var ein stor framgong. Spotify The King Is Dead Dei følgde plata opp i haust med “Long Live the King”. Meir av det same, berre kortare. Spotify Long Live The King

Rhett Miller, frå Old 97’s, holder på å ferdigstille eit nytt album. “The Interpreter Live at Largo” er ei samling coverversjonar som, med to unntak. er spilt inn live. Mellom anna Davis Bowie, The Pixies og The Ramones i stort sett akustiske versjonar. Spotify

Same ideen hadde Slaid Cleaves med “Sorrow & Smoke”. Et lite kvileskjær medan vi ventar. Akustiske versjonar av stort sett eigne låtar. Med eit litt støyande publikum. Og igjen blir eg minne om for ein fantastisk låt “Cry” er. Spotify

Fleshtones med den legendariske gitaristen Lenny Kaye på køyrar ufortrødent vidare i garasjerockfilen. “Brooklyn Sound Solution” høyrast ut som om den blei spilt på 60-talet. Steintøft for å seie det mildt. Spotify

Etter å ha levert fjorårets beste plate hadde eg forventningar til Glossary. “Long Live All of Us” innfrir desse. Men jaggu har dei utvikla seg sidan i fjor. No har miksa ein god dose Soul inn i miksen. Spotify

David Lowery, frontmann i Cracker, leverte med “The Palace Guards” sin solodebut. Dette burde han b egynt med før. Platemelding Spotify

Mr. Dinosaur Jr. himself, *J. Mascis*, gjør det litt rolegare som soloartist. “Several Shades of Why” ligg milevis frå det før nemnde band driv med. Men det viser at Mascis ikkje treng å ha gitar og forsterkar skrudd på 11 for å levere. Spotify

The Smithereens har ikkje vore så mykje til stades sidan 90-talet. “2011” er bandets første skikkelege utgjeving sidan 1994 og tek muligens opp tråden frå “11” fra 1989. Spotify

Dei tøffaste gutane i klassen, Social Distortion, opprettheld ryktet sitt på “Hard Times & Nursery Rhymes”. Med den aller tøffaste guten, Mike Ness, i spissen. Vrengte gitarar er sjeldan så nydeleg. Spotify

Tommy Stinson tidlegare medlem av The Replacements, hovudmannen bak Bash & Pop og Perfect, og no medlem av Guns’n Roses høyrast framleis mest ut som dei tre førstnemnde. Og ikkje sistnemnde på “One Man Mutiny” Spotify

Han har holdt på sidan midten av 80-talet, Matthew Sweet. Men “Modern Art” er ikkje lyden av ein artist på veg nedover. Rolling Stone

Jonathan Wilson mest kjend som produsent, mellom anna for Dawes, kan og lage fine plater sjølv. Det er “Gentle Spirit” eit godt døme på. Spotify

Bandet Lauderdale kjem frå Muscle Shoals, Alabama. Plata “Moving On” høyrast ut som ein blanding av Lucero og Ryan Adams. Heilt glimrande, eigentleg. Spotify

Greg Trooper var noregsven ein gong på 80-talet. Mykje tid har gått og mange plater er gitt ut sidan då. Men den Kickstarter-finansierte “Upside Down Town” visar at han eigentleg ikkje har forandra seg så mykje. Spotify

Kanadiaren Daniel Romano sin “Sleep Beneath The Willow” er Leonard Cohen i countryversjon. Ikkje mindre. Spotify

Whitehorse kjem også frå Canada. “Whitehorse” byr på meir stemningsfull, tidvis skranglete, americana. Spotify

Med det passande namnet The Deep Dark Woods mana bandet fram ein stemning som sto til kanadiarane sitt namn. “The Place I Left Behind” plasserar deg i hauststemning. Spotify

Nisse Hellberg klarar seg godt utan Wilmer X, dessverre. “Flod av Eld” er nok ein innertiar av ein bluesrockabillyrock’roll-plate. Spotify

Kurt Vile sin ”Smoke Ring for My Halo” kan karakteriserast som indie med americana-overtonar. Eit eigentleg ryddig og ikkje alt for utsvevande lydbile. Fin og karakteristisk vokal utan andre ambisjonar enn å levere dei sterke låtane. Spotify

Dei tidlegare bandkompisane (ein i kvart fall) i War On Drugs leverar mykje av det same på ”The Slave Ambient”. Ikkje la deg skremme av verken bandnamn eller tittel. Det finnast nokre kutt her som kan kallast delvis ambient. Men det skuggar likevel ikkje for at denne plata er verdt å få med seg. Spotify

Will Oldham har eg mista oversikten på, talet på plater byrjar å bli rimeleg høgt. I år er det nok ein gong Bonnie “Prince” Billy som gir ut plate. “Wolfroy Goes to Town” er meir vindskeiv lågmælt americana med nydeleg song av Angel Olson, innimellom. iTunes

Sam Beam, eller, Iron & Wine gav oss “Kiss Each Other Clean”. Denne gongen litt meir instrumentert og behandla enn tidlegare. Men same høge standarden på låtmaerialet. Spotify

Noko av det same kan seiast om Bright Eyes sin “The People’s Key”. Conor Oberst held seg i sitt vanlege, kjende habitat. Til tider litt tyngre enn tidlegare. Utan at det gjør noko negativt for plata. Spotify

Og sjølvsagt må vi ha med Justin Vernon og hans Bon Iver.” Bon Iver” er meir instrumentert enn den nakne debuten. Men det kler den Grammy-nominerte plata. Spotify

The Low Anthem si tredje plate “Smart Flesh” innfridde sjølvsagt. Og ”Boeing 737” er ein av årets beste låtar. Spotify Platemelding

Richmond Fontaine fann igjen forma med ”The High Country”, lågmælt lyrikksterk americana. Wimp

Deer Tick høyrast på ”Divine Providence” ut som ein skranglete utgåve av seg sjølv. Om det går an. Men låtane er framleis sterke og at det til tider høyrast ut som om plata er spilt inn i fylla, er ikkje til forkleining for desse. Stream

Då er Dawes med sin “Nothing is Wrong” meir straumlinjeforma. Vestkustrock med Jackson Browne i botnen. Spotify

Middle Brother er Jacob Goldsmith frå Dawes, John McCauley frå Deer Tick og Matthew Vasquez frå Delta Spirit dei slo seg saman og utgjorde ei av årets beste supergrupper. “Middle Brother” er ei fin blanding av før nemnde band. Med sterke låtar frå overflødigheitshorna desse tre karane tydeligvis har. Spotify

Og når vi er i inne på supergrupper innfridde jo King Mob med ”Force 9” Med røter i Snakes, The Pretenders, Sex Pistols, og Chris Spedding i spissen var jo ikkje det nokon bombe. Spotify Platemelding

Også Trouble Boys sin ”Bad Trouble” leverte varane. Detter svenske The Refreshments forsterka med britane Sean Tyla og Billy Bremner. Sistnemnde kjend frå Rockpile, førstnemnde frå Ducks Deluxe og Tyla Gang. Dei to siste supergruppane leverar høgoktan rock’n’roll av beste merke. Spotify

Wilco leverar som vanleg varane med “The Whole Love”. Bandet som er blitt kalla det nye Radiohead, og Radiohead som er blitt kalla det nye Pink Floyd. Begge delar er jo sjølvsagt, for å ta litt i, heilt på trynet. Radiohead Pink Floyd? Eg veit, verda har gått av hengslane for lenge sidan. Wilco er som dei alltid har vore berre Wilco. Unike. Spotify

Med “Blessed” leverte Lucinda Williams ei plate av ein kvalitet som vi forlangar og forventar frå den kanten. Spotify

Ryan Adams skal visstnok ha vore borte ein stuund. Men avdi det heile tida har dukket opp nye ting med han har eg ikkje lagt det til merke. “Ashes & Fire” er uansett første skikkelege plata på ein stund. Den når ikkje heilt opp til det han gjorde for 10 år sidan. Men det er ikkje så mange andre som gjør heller. Spotify

Blondie sin “Panic of Girls” visar at dei som meinar at dei eigentleg burde lagt opp for lenge sidan, tek feil. Dog ikkje like skarpe som i velmaktsdagane. Men likevel fullt ut godkjent. Spotify

Når ei plate er merka at dette er artistens sitt siste studioalbum. Og mannen framleis er i live. Då skjønar ein at noko har skjedd. Glen Campbell vart nyleg diagnostisert med Alzheimers. Og ut i frå det eg har opplevd og veit om den sjukdommen kan eg ikkje seie anna enn at eg blir veldig trist. Då er det desto meir imponerande å høyre resultatet, “Ghost on the Canvas” . Som førre gongen har han fått hjelp frå rockemusikarar nokre generasjonar yngre enn seg sjølv. Og det har eigentleg blitt ein heilt fantastisk plate. Ein treng ikkje gå lengre enn til det Paul Westerberg-skrivne tittelkuttet for å skjøne det. Spotify

Supergitarist Steve Cropper har på “Dedicated – A Salute to the 5 Royales” samla ein rad artistar for å levere ein hyllest til R&B- og doo wop-gruppa The 5 Royales. Med hjelp frå mellom anna Delbert McClinton, Lucinda Williams og Bettye LaVette, leverar han omarrangerte versjonar av låtane. Sjølvsagt heilt glimrande. iTunes

Wanda Jackson sin “The Party Ain’t Over” viste at når Jack White klarte å revitalisere Loretta Lynn sin karriere for nokre år sidan, gjorde han det lett for Wanda Jackson, og. For å seie det sånn: Det høyrast ikkje ut som denne dama er over 70. Spotify

Verda treng feelgood-plater. Eg treng feelgood-plater. “Dirty Jeans and Mudslide Hymns” er akkurat det. John Hiatt har gitt ut 20 plater og er for meg meir relevant og berusande enn nokon gong. Spotify

BoDeans er gjengen, duoen, som ikkje kan gjøre noko gale. Dei kunne tatt ein Jose Mourinho på meg utan å forandre kærleiksforholdet som har vart sidan 1986. “Indigo Dreams” forandrar ikkje på det. Wimp

Men det viste seg at det var trøbbel i BoDeans-tårnet. Neuman og Llanas har no gått kvar til sitt. Og Sam Llanas ga ut sin andre soloplate, “4 A.M.”. Og er ei fin vidareføring av det han har gjort tidlegare. (Den første soloplata kom på slutten av 90-talet under namnet Absinthe) CDbaby

Joe Henry visar med “Reverie” at sjølv om han markerar seg meir som produsent notildags, er han framleis kapabel til å levere sterke plater. Som Tom Waits utan gruff. Spotify

På “Beyond the Sun” får vi resultatet av Chris Isaak sin tur til Sun Studio i Memphis. Innspelingane av låtar, klassikarar, opprinneleg innspilt i det legendariske studioet har fått sin umiskjennelege Chris Isaak-vri. Eit prosjekt det var umogleg å mislukkast med. Soundcloud

Garland Jeffreys fann endeleg ut at tida var moden for å slutte seg til den verkelege verda igjen. Med “The King of in Between” gjorde han det på ein forbilledlig måte. Spotify Platemelding

Nick Lowe har eigentleg ingenting att å bevise. Men årets utgjeving “The Old Magic” visar at han held koken. Ikkje like genial som på 70-talet. Men vi må berre akseptere at mannen treng å ta det litt rolegare no. Spotify

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s