Årsbesteliste 2012 – norske utgjevingar

1. –Tønes “Sån Av Salve”

– Bygdeoriginalen (om eg får lov til å kalle han det, då) frå Sokndal i Rogaland har gjort mykje bra i karrieren sin. Med ”Sån Av Salve” toppa han alt. Folk- og countryrock med låtar i verdsklasse, som til dømes ”Eg går og legge meg” og ”Sånn Koga Eg”. Til tider hysterisk morosamt.

Platemelding

Spotify

2. De Musikalske Dvergene “Tunge Steiner”

– Også bergernserne overgikk i år seg sjølv. Også dei med lyrikk i oppklasse, som vankeg levert av Helge Grønhaug. Dei sto fram som vanleg som de store originalane dei er, denne gongen litt tyngre i lyden. Som denne gongen var skapt i samarbeid med medprodusent ORBO.

Platemelding

Spotify

3. Levi Henriksen & Thomas Mårud Med Bra Landsens Folk “Langt Sakte Tog”

– Henriksen og kompani presterte og karrierebeste. Som vanleg var tekstane av ein uvanleg høg kvalitet. Og når dei for første gongen fekk 100% utteling på melodiane og lyden som følgde med, var det berre å bøye seg i beundring.

Platemelding

Spotify

4. Rune Berg “Hølå”

– Mannen bak The Margarets pg Number Seven Deli solodebuterte endeleg. Og for ei plate det blei. I same ande som dei før nemnde banda leverte han nærast ei perfekt popplate. Trass i den noko kryptiske tittelen leverte han tekstane på engelsk.

Platemelding

Spotify

5. Last Heat “Last Heat”

– Last Heat debuterte med eit lydbilete fundamentert i den amerikanske vestkystrocken. Og gjorde det til laud. Ikkje på nokon måte originalt, berre så utruleg bra. Ei plate der lyd og låtar ligg i toppen. For ikkje å seie på toppen.

Platemelding

Spotify

6. Dig Deeper ”August Afternoon”

– I den amerikanske musikktradisjonen lå også Dig Deeper frå Bergen. Men dei leverte ei blanding av alt.country og Paisley Underground (amerikansk 80-tals vestkustindierock). Og nok ein gong fekk vi oppleve eit band med stålkontroll på låtskrivinga.

Platemelding

Spotify

7. Caroline & the Treats “Saturday Night, Rock & Roll”

– Caroline og godsakane lagde ein oppfølgjar til ”Bad All Over” frå 2010 som i kvart fall ikkje så føre meg. Årets utgjeving er om mogleg endå betre enn forgjengaren. Powerbubblegumpop med sterke innslag av punk og glam i verdsklasse. Med gitarist Morten Henriksen i toppform.

Platemelding

Spotify

8. Meg Og Kammeraten Min “Det E’kke Bra Før Det Er Dårlig”

– No har eg aldri hatt sansen for det ein kallar barneplater. Men Gebhart og Hagfors fikk meg til å gjøre eit unntak. For dette er i sanninga drittdårleg….eh, utruleg bra. Home Groan og HGH i norsk barneversjon. Med andre ord, alt.country på norsk.

Platemelding

Spotify

9. Sivert Høyem “Where is My Moon?” EP

– No er dette ein utgjeving med berre fire låtar, men grunna den store betringa frå “Long Slow Distance” frå 2011 tok eg den med. Høyem igjen sånn som i kvart fall eg likar å høyre han. Med melodi og stemme i fokus.

Spotify

10.I Was a King “You Love it Here”

– Med hjelp frå Norman Blake (Teenage Fanclub) og Robyn Hitchcock gjekk dei seg sjølv ein høg gong på si fjerde plate og leverte si beste plate nokon gong. Musikalsk inspirert som vanleg av dei nemnde medhjelparane. Gitarorientert nydeleg popmusikk med gåsehudfarmkallande harmoniar.

Spotify

!
!
!
!
!
!

Topp 11 – 26 – Hulter til bulter

Henning Kvitnes “Ingen Tid Å Miste”

For å være ærleg hadde eg gitt opp Mr. Kvitnes. Men der gjorde eg feil, gitt. Og “Sydstatshjerte” er ein av dei beste låtane har gitt ut.

Spotify

Jack Stillwater “Muddy River”

Jack Stillwater er ikkje ein amerikansk person, mann. Men eit norsk band som no er ute med sin andre plate. Ei ganske så solid ei.
Bandet spelar alt.country av det solide slaget. Det er låtar her som er så solide at dei berre slår deg i bakken.

Platemelding

Spotify

Orango “Colonial Militia Vol. 1”

Grunnfjellet er det same. Lyden er igjen fin og vital. Kanskje litt likare BigBang. Men likevel ikkje. Det er soul- og sørstatsrock. Sterkt inspirert av 70-talet. Til tider tungt og fint. Men det som er nytt, er eit høgare fokus på melodiar. Det er meir melodiøst.

Platemelding

Spotify

Oslo Ess “Verden På Nakken, Venner I Ryggen”

Dei fortset som på førsteplata med høgoktan rock. Med norske tekstar. Og etter intens turnéverksemd læt det meir samspelt enn nokon sinne. Dei kan til tider faktisk minne om ei norsk utgåve av The Gaslight Anthem.

Platemelding

Spotify

Sergeant Petter & The Buddies “Sergeant Petter & the Buddies”

På si femte plate gjer eigentleg ikkje Petter Folkedal tinga så veldig forskjellig frå tidlegare. No veit ikkje eg om han har brukt lang tid på sine tidlegare innspelingar. Men her har han og bandet gått i studio og brukt tre dagar på å få alt på plass. Og det har dei sanneleg greidd.

Platemelding

Spotify

Robert Smith-Hald “Thou Mayest”

Plate nummer to frå den Bergens-busette eksilamerikanaren går seg i fleire retningar – for det meste positive. Og det er ikkje tvil om at Smith-Hald har utvikla seg sidan debuten, ”Innocence Said”

Platemelding

Spotify

Vidar Vang "Sidewalk Silhouettes

No var ”Sleepless Songs” frå 2010 ganske så nedpå. Men det hindrar ikkje mannen frå å ta det endå lengre ned.

Platemelding

Spotify

The Beautybag “Heavy Luggage”

The Beautybag er i realiteten singer-songwriter Richard Nygård. Som leverar ei sterk debutplate i sjangeren folkrock/alt.country.

Platemelding

Spotify

Depui “Manhood”

Hovudpersonen og låtskrivaren Bent Ivar Depui Tversland står bak ei veldig bra plate. Som svingar innom streit rock, balkanpop, blues og skranglecountry.

Platemelding

Spotify

The Violent Years ”Trying To Get Over”

Meir norsk americana. Denne gongen frå sørlandet. Med gode dosar av alt.country-

Platemelding

Spotify

Onkel Tuka ”Woodys Verden”

Norsk skakkjørt, skeiv countrymusikk på norsk. Denne gongen i form av Woody Guthrie på norsk. Gjort som som ingen gjør dei etter på desse breddegrader,

Platemelding

Spotify

Smoke Mohawk “Viva El Heavy Man”

Platemelding

Spotify

I utgangspunket ei plate på den tunge sida- Tung psykedelisk rock med den til tider spinnville, rabiate vokalisten Thomas Felberg i spissen. Med ein variasjon utan sidestykke.

Yuma Sun ”Romanza”

Norsk prærierock med utgangspunkt fra prærien bak Ulriken i Bergen. Eller noko sånt. Uansett heilt glimrande.

Platemelding

Spotify

Pogo Pops “Darlin Emm, Northern Girl”

Frank Hammersland og Pogo Pops visar at dei framleis har stålkontroll på dei gode melodiane. Framleis like friske.

Platemelding

Spotify

Drømmere & Drankere “Båten Blir Til Mens Du Ror”

Vindskeiv americana på norsk, til tider geniale tekstar og Dag Tufte si svært karakteristiske stemme på toppen. Denne gongen med Erlend Aasland som lim som held det heile betre saman.

Platemelding

Spotify

The Hank W. Rodgersons Gospel Experience “Shine a Light”

Ei utgjeving som var større enn ein skulle tru, Olav Larsen leverte ein skikkeleg autentisk gospelplate.
Spotify
Bandcamp

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s