Årsbesteliste 2012 – utanlandske utgjevingar

1. Bohannons “Unaka Rising”

– Gruppa InDeep hadde ein slagar på 80-talet kalla “Last Night A DJ Saved My Life”. Og om ikkje “Unaka Rising” redda livet mitt, fekk den meg opp frå ein stad eg ikkje ville være. Samstundes så fekk eg meg eit nytt favorittband. Dei spelar enkel forklart sørstatsrock av det skitne genuine, råe slaget.
Platemelding
Spotify

2. Redd Kross “Researching the Blues”

– At ei band skulle holde på i over 32 år før dei lagar si beste plate er ikkje vanleg, Men det er nettopp det Redd Kross har gjort. Ei plate som i utgangspunktet traff meg umiddelbart fortsette å vokse. Deira powerpop/glampunk er nærast perfekt. Og den finnast knapt ein låt utgjeven i åt som er betre enn ”Stay Away from Downtown”.
Platemelding
Spotify

3. American Aquarium “Burn.Flicker.Die.”

– Nord Carolina-bandet leverte med fjerde album si desidert beste utgjeving. Ei plate heilt utan daudkjøtt. Ganske streit countrinspirert rock med eit låtmateriale av ein annan verd. Med tekstar ein verkeleg kan fordjupe seg i.
Spotify

4. Lee Bains III & the Glory Fires “There is a Bomb in Gilead”

– Nest ettet Bohannons leverte denne gjengen den mest skitne, gutturale og fengjande sørstatsrocken. Ei plate som nærast må høyrast for å tros. Og at dei blander litt sørstatssoul inn i rocken gjør ikkje tinga verre for å seie det sånn.
Platemelding
Spotify

5. Cory Chisel & Wandering Sons “Old Believers”

– Etter diverse rundar med meg sjølv kom eg til ar dette er mannens tredje plate. Under dette namnet. Tar ein med alt det andre snakkar vi om den sjuande. Nok ein gong handlar det om folkcountryrock. Av det heilt glimrande slaget. Og låten ”I’ve Been Accused” er framleis like sterk.
Platemelding
Spotify

6. Nada Surf “The Stars Are Indifferent to Astronomy”

– Meir powerpop, nydelege melodiar med skarpe kantar på innpakninga. Nok ei plate eg aldri blir lei av, spesielt ”Waiting For Something” skil seg ut med særs smittande refreng. Har aldri fått det ut av hovudet etter at det hamna der.
Spotify

7. Pollies “Where the Lies Begin…….”

– Debutplata kombinerte det beste frå to verdner. Alabama 2012 og 80-tals amerikansk alternativ rock. Eit band som for meg kom frå det ukjende og var ei av årets beste overraskingar.
Platemelding
Spotify

8. Chuck Prophet “Temple Beautiful”

– Den tidlegare Green On Red-gitaristen leverte på si 12. soloplate ei hylling til San Francisco. Og gjorde det med glirande låtar og virtuost gitarspel. Nok ein artist som berre blir betre og betre med åra. Botnsolid americana.
Spotify

9. Magnolia Mountain “Town and Country”

– Americana er også beskrivinga som ligg nærast Cincinatti-bandet. Men av det meir jordnære slaget, rootsrock og alt.country med innslag av folkmusic frå Appalachene. Og med ein av årets nydeligaste låtar, deira versjon av Will Johnson sin “Just To Know What You’ve Been Dreaming”.
Platemelding
Spotify

10. The District Attorneys “Slowburner”

– Enkelt sagt americana-utgåva av The Gaslight Anthem. Og mykje, mykje betre. Eit debutalbum av klassiske proporsjonar. Sterke låtar og eit 1eigentleg variert uttrykk i framføringa.
Platemelding
Spotify

And then some… Eller ein haug med andre plater eg likte i 2012. Hold fast dette blir episk…

Bob Mould “Silver Age”

Mannen bak Hüsker Dü og Sugar leverte sin beste plate sidan “Copper Blue” med Sugar i 1992.
Spotify

Micah Schnabel “I’m Dead, Serious”

Two Cow Garage-vokalisten si andre soloplate. Og som første gongen ltt tammare enn moderbandet. Men berre litt.
Platemelding
Spotify

Graham Parker & The Rumour “Three Chords Good”

Graham Parker samla troppane igjen etter 32 år. Og det høyrast nesten ut som om tida har stått stille sidan “Squeezing Out Sparks”. Litt meir tilbakelente, men magien er framleis til stades.
Ikkje på Spotify, Wimp eller Norske iTunes http://grahamparker.net/

Some Dark Holler “Hollow Chest”

Americana Ghotic, mørk, mørk. men samstundes heilt nydeleg.
Platemelding
Spotify

Nude Beach “II”

Ein musikalsk blanding av Tom Petty, The Replacements, Supergrass, Bruce Springsteen og punk. Som læt heilt fantastisk.
Platemelding
Spotify

Delicate Cutters “Ring”

Alabamabandet gav ut si tredje plate. Og folkrocken deira blir berre betre og betre.
Spotify

Diamond Rugs “Diamond Rugs”

Supergruppe med medlemmar frå melllom anna Deer Tick og Los Lobos. EIn innertier for fans av førstnemnde, er litt meir usikker på fans av sistnemnde.
Spotify

Dave Provost “My Favorite Ghost”

Den tidlegare Dream Syndicate-medlemmen låt på sin første plate på 10 år, som ei blanding av Steve Earle, Bruce Springsteen og John Hiatt. Når ein absolutt skal sette ein merkelapp på det. Bra er det uansett.
Spotify

Patterson Hood “Heat Lightning Rumbles in the Distance”

Vår gode ven frå Drive-By Truckers leverte nok ein sterk soloplate i år.
Spotify

Hurray For The Riff Raff “Look Out Mama”

Alynda Lee Segarra og bandet kom med si fjerde plate i år. Og står for tida for den mest intense, rocka, bluegrass-folkrocken.Segarra syng så du kjenner at gåsehuden reiser seg over heile kroppen.
Spotify

Jason Isbell & The 400 Unit “Live From Alabama”

Vel er dette ei konsertplate. Og vel er dette ei best-of-plate, og burde vere i en anna kategori. Men måten dette er gjort på gjør det til ei utgjevving heilt i toppskiktet. Heilt glimrande rett og slett.
Spotify

Strand of Oaks “Dark Shores”

Strand of Oaks, eller Timothy Showalter som mannen bak heiter, leverar lågmælt folkrock. Med store låtar, som til dømes “Satellite Moon”.
Spotify

The Henry Clay People “Twenty-Five for the Rest of Our Lives”

Streit rock i anda til The Clash og The Replacements. Spel høgt!
Spotify

John Hiatt “Mystic Pinball”

Hiatt gir ut plata han plar gi ut. Har du likt mannens streite rock med sterke låtar og hans særeigne stemme er denne sjølvsagt.
Spotify

Young Hines “Give Me My Change”

Rock og powerpop i kretsen til Brendan Benson blir aldri feil. Young Hines klarar heller ikkje å rote det til. “Don’t Break My Fall” er kandidat til åres låt,
Spotify

Kelly Hogan “I Like to Keep Myself in Pain”

Countryinspirert singer/songwriter med Booker T på orgel. Med innslag av blues og soul.
Spotify

Jeff Zentner “A Season Lost”

Melankolsk, mørk singer/songwriter
Spotify

Jkutchma & the Five Fifths “Pastoral”

Som om Yusuf Islam tek attende sitt gamle namn og blir meir amerikanskinspirert.
Spotify

Chris Knight “Little Victories”

Kentuckyartisten køyrar på med sin elektriske, skarpe countryrock.
Spotify

Lucero “Women & Work”

Lucero viste at å ta i bruk blåsarar på førre plata var ein genistrek. Dei fortsatte denne linja i år. Eit barband om det nokonsinne har vore eit.
Platemelding
Spotify

Bill Mallonee “Amber Waves”

Vigilantes of Love-leiaren er etter eiget utsagn ute med si utgjeving nr. 50(!). Americana som er heilt uimotståeleg.
Bandcamp

Michael McDermott “Hit Me Back”

McDermott brukte som så mange før han Kicksarter til å finansiere si nye plate. Solid rock i Heartlandtradisjonen. Med innslag av soul.
Spotify

John Murry “The Graceless Age”

Ei ny oppdaging av av dimensjonar. Med hjelp frå mellom anna Chuck Prophet har den Tupelo, Misissippi-fødde artisten laga ei særs mørk og nydeleg plate.
Spotify

Jay Farrar, Will Johnson, Anders Parker and Yim Yames “New Multitudes (Deluxe Edition)”

Dette er det eg kallar ein supergruppe. Leiarane av Son Volt, Centro-matic, Varnaline og My Morning Jacket har laga ei suveren hyllest til Woody Guthrie. Og for ein gongs skuld er bonusplata nesten like god som hovudplata.
Spotify

A.C. Newman “Shut Down the Streets”

Vokalisten i New Pornoraphers har med si tredje soloplate laga ein heilt nydleg popplate. Svalt og nydeleg-
Spotify

The Nomads “Solna”

Garasjerockkongane som eg av ein eller anna grunn dei siste åra har samnlikna med Turbonehro. Men for for meg blir det rått parti. Svenskane har vore å stole på sidan 1981.
Spotify

OFF!OFF!”

Sideprosjektet til Steven McDonald frå Redd Kross spelar hardcorepunk. Saman med medlemmar frå Circle Jerks/Black Flag, Burning Brides og Rocket From The Crypt/Hot Snakes pløyar, og då meinar eg PLØYAR, dei gjennom 16 låtar på omtrent like mange minuttar. Ikkje køyr bil når du høyrar på denne plata.
Spotify

Gentleman Jesse & His Men “Leaving Atlanta”

Gentleman Jesse skrur tiden attende til 1979, både amerikansk powerpop og britisk new wave. Glimrande!
iTunes

Aimee Mann “Charmer”

Mann gav oss nok ei plate med sjarmerande, elegant og smart poprock
Spotify

Alone at 3AM “Midwest Mess”

Ok, denne plata beli eg interessert i fordi den fantes på whiskyfarget vinyl. Jaggu bra at musikken var heilt glimrande og. Referansar er Two Cow Garage og The Replacements.
Spotify

Arliss Nancy “Simple Machines”

Same referansane som over, men med piano. Utan at dei TEK det piano.
iTunes

Truckstop Darlin’ “Hope and the Heart it Breaks”

Igjen Two Cow Garage og The Replacements-referansar. Men med steel-gitar. Og vreng så det held.
Spotify

The Maldives “Muscle For The Wing”

Akkurat, ja. “Blood On The Highway” er ein SÅNN låt. Som berre sler deg ut og må spelast igjen og igjen. Panoramarock med eit snev av Nei Young.
Spotify

Mark Cutler “Sweet Pain”

Gamle heltar dukkar opp iigjen, her det den tidlegare Dream Syndicate- og Raindogs-medlemmen som leverer ei god americanaplate.
Spotify

McDougall “A Few Towns More”

Gitar, banjo, tramping, roping. Heile plata høyrast ut som ein formidabel fest.
Spotify

The Only Sons “When the New Wears Off”

Dette blei dessverre svanesongen til dette glimrande Tennessee-bandet. Men eg er trygg på at vokalist/gitarist Kent Goolsby vil fortsette å levere varane på eiga hand i 2013. Åndsbrødre av Glossary også frå Murfreesboro.
Spotify

Shoes “Ignition”

Powerpop-gudfedrane som aldri gir seg. Etter over 30 år høyrast dei framleis like friske og elegante ut.
Spotify

Shovels and Rope “O’ Be Joyful”

Om du kan seie at dette ikkje er noko for deg etter å ha høyrt opningslåten “Birmingham”, DÅ MÅ DU SKJERPE DEG! Eller kanskje du ikkje likar glimrande americana og bluegrassinfluert musikk? Denne plata er uansett heilt fantastisk. Vokalist Cary Ann Hearst vekkar både det eine og andre i meg.
Spotify

Dan Stuart “The Deliverance of Marlowe Billings”

Green On Red-leiaren dukkar opp att før du anar det og leverar ei plate av høg kvalitet og typisk Stuart.
Spotify

Spirit Family Reunion “No Separation”

Unge mennesker spelar bluegrass-musikk med røter i 50-talet. Både musikalsk og innspelingsteknisk. Og gjør det på ein heilt glimrande måte.
Spotify

Ian Hunter And The Rant Band “When I’m President”

Dei gamle er framleis eldst, Ian Hunter blir 74 i 2013. Og det høyrast ikkje ut som om alderen hemmar han. Han Høyrast framleis ut som Ian Hunter, og veit framleis korleis han skal rocke.
Spotify

Brian Whelan “Decider”

Til vanleg gitarist for Dwight Yoakam, men på eigen hand er det powerpop som gjeld.
Spotify

Bobby Jealousy “A Little Death”

”A Little Death” er ei blanding av punk, rock, pop og powerpop. Med mykje fine harmoniar og vokalarbeid. Til tider særs nydeleg og elegant utført. Med ein til tider skyhøg kvalitet på låtane.

Spotify
Platemelding

Andrew Anderson “Poison in the Wires”

Fin countryrock, med litt skarpare kantar enn vanleg av og til.
Bandcamp

Kevin Gordon “Gloryland”

Amerikansk artist og singer/songwriter med utgongspunkt i bluesen, sterke låtar og fin fremføring.
Spotify

Steve Almaas “Trailer Songs”

Den gamle Beat Rodeo-helten holder det gåande. Heldigvis. Med sin lett karakteristiske stemme og folkpowerpopamericana
Spotify

Kendall & Anders “Wild Chorus”

Anders Parker (Varnaline, New Multitudes) får hjelp frå Kendall Meade og saman har dei laga 11 låtar saman som skin.
Spotify

Nels Andrews “Scrimshaw”

Nok ein glimrande singer/songwritar som tok i bruk Kickstarter for å sjøsette sitt nyaste peosjekt.
Spotify

Beachwood Sparks “The Tarnished Gold”

Vestkustrock av det nydelege slaget. deira tredje plate.
Spotify

The Bean Pickers Union “Better the Devil”

Eit band eg oppdaga via Facebook og gløymte til eg fekk platene eg bestilte av dei. Som eg då ikkje hugsa at eg hadde bestilt. Og som eg no er glad for at eg gjorde. Bluegrass.Og sånn.
Spotify

Brendan Benson “What Kind of World”

Den alltid driftige Benson fann tid innimellom prosjekta sine og produsentjobbane til å gi ut nok ei soloplate. Og det er er eg alltid like glad for.
Spotify

Jeremy Benson “Darksongs 2”

Multiinstrumentalist og indie folkrock-låtskrivar frå New Jersey.
Spotify

Buffalo Killers “Dig. Sow. Love. Grow.”

Amerikansk rockeband frå Cincinatti, Ohio. Dei litt røffe lillebrørne til Black Crowes-
Spotify

Calexico “Algiers”

Tex-mex indierockarane laga nok ei plate. Treng du vite meir? Spill den.
Spotify

catl. “Soon This Will All Be Gone”

Kanskje eg har fått ein ny kanadisk favorittartist. catl kjem frå Toronto. Og spelar ein blanding av punk og deltablues. I alle fall deltablues. Med innstillinga frå punken
Platemelding
Bandcamp

Leonard Cohen “Old Ideas”

Leonard Cohen har etter kvart blitt ein artist det for meg er vanskeleg å være for utan. Det bør ikkje du heller.
Spotify

Bob Collum “The Ungrateful Depression”

Det høyrar til sjeldenheitane at det kjem countrymusikk av høg kvalitet frå Storbrittania. Bob Collum gjør noko med det, i år som i fjor.
Spotify

Andrew Combs “Worried Man”

Endeleg ein reinspikka countryplate, frå ein ny ung artist.
Spotify

The dB’s “Falling Off the Sky”

Av alle årets comeback vår nok dette eit av dei beste. Igjen er det som om tida har stått stille.Stamey/Holsapple/Holder/Rigby er i storform over 30 år etter førre plate med denne besetninga.
Spotify

Iris DeMent “Sing the Delta”

Hennar første plate med originalstoff på 16 år var ei openbaring. Med ei blanding av country og gospel.
Spotify

Dinosaur Jr. “I Bet on Sky”

Ikkje J. Mascis si beste plate, men kva pokker? Det er Dinosaur Jr. Og “Watch The Corners” gjør uansett opp for det meste.
Spotify

Dr. Dog “Be the Void”

Heilt ærleg? Trudde dette var noko hip-hop-greier. Og sjekka det aldri ut. Lenge leve fordommane. Neida, psykedelisk indierock frå Pennsylvania. Og heilt glimrande.
Spotify

Diiv “Oshin”

Og der var vi på 80-talet igjen, gitt. New Order og postpunk i skjønn forening. Smelta saman i Brooklyn. Og rett og slett veldig bra, faktisk! Pitchfork har sikkert hatt multiple orgasmer sidan plata kom ut.
Spotify

Dropkick “Paper Trails”

Glasgowbandet leverte nok ei glimrande powerpopplate i anda til Teenage Fanclub. Og som vanleg, hade eg nær sagt, iscenesatt Jerker Emanuelson og Sound Asleep-records.
Spotify

Bob Dylan “Tempest”

Treng eg å sei noko? Nei. Bob Dylan, plate nummer ørten. Den er bra. Spil.den.
Spotify

Justin Townes Earle “Nothing’s Gonna Change the Way You Feel About Me Now”

Det er bra at denne karen ikkje bare har arva faren sine evnar til utaggerande festing. Han lagar veldig gode plater, og.
Spotify

Alejandro Escovedo “Big Station”

Escovedo saman med Tony Visconti har blitt ein killerkombinasjon dei siste åra. Også i år.
Spotify

Marvin Etzioni “Marvin Country!”

Etzioni, ex. Lone Justice, samla ein rad usikalske kollegaer. Mellom anna Maria McKee, Richard Thompseon, Steve Earle og Buddy Miller. Det Var lurt!
Spotify

Kasey Anderson and The Honkies “Let the Bloody Moon Rise”

Om du googler denne karen finn du ut at det er ikkje berre musikken som har gjort han kjend i år dessverre. Og plata ser ut til å ha forsvunnet frå nettet. Veldig synd, for dette er heilt utruleg bra. Country med høg rockfaktor.
Kos deg med bonusspora frå plata Spotify

Otis Gibbs “Harder Than Hammered Hell”

Singer/songwriter med særeigen stemme og sterke låtar.
Bandcamp

First Aid Kit “The Lion’s Roar”

Svensk americanaduo med dei rette venane og ein av årets sterkaste låtar i form av “Emmylou”.
Spotify

Fort Shame “Double Wide”

Eit av prosjekta som Todd May er involvert i. Óg som ein forsmak på hans kommande soloalbum.
Spotify

Giant Giant Sand “Tucson: A Country Rock Opera”

Der Calexico er for arvtakarane å rekne er Giant Sand originalen, Og Howe Gelb er ein urkraft. Dette er Giant Sand i utvida utgåve. Og det er heldigvis ikkje noko tradisjonell operamusikk involvert.
Spotify

Joe Pug “The Great Despiser”

Ny plate frå singer/songwritaren. Og ein av årets sterkaste låtar med “Silver Harps and Violins”.
Spotify

Del Fuegos “Silver Star”

Dan Zanes tok seg ein pause frå barnemusikkprosjektet sitt og samla bandet. Og ga ut ny myusikk for første gong sidan 1989.
iTunes

Marty Stuart “Nashville, Vol 1: Tear the Woodpile Down”

Vel har Marty Stuart sitt utgangspunkt i Nashville. Det høyrast berre ikkje sånn ut. Den tidlegare Johnny Cash-gitaristen har ein autensitet som ligg ca. 400% over den jamne “country”-artist frå Nashville. Smokin’!!
Spotify

Turnpike Troubadours “Goodbye Normal Street”

Rocka countrymusikk med skitt på fingrane. Og banjo.
Spotify

Bob Woodruff “The Lost Kerosene Tapes, 1999”

Wooddruff sit uutgitte countryrockmeisterverk frå 1999. Endleg gitt ut av Jerker Emanuelson og Sound Asleep-records.
Spotify

Dwight Yoakam “3 Pears”

Yoakam visar her at det er heva over ein kvar tvil at han er ein relevant rocka countryartist.
Spotify

Doc Dailey & Magnolia Devil “Catch the Presidents”

Eitt av dei nye stjerneskudda innan alt.country. Og det er berre så bra, så bra.
Spotify

Horsehead “Sympathetic Vibrations”

Streit rock frå Richmond, Virginia
Spotify

Sons Of Bill “Sirens”

Streit rock frå Charlotesville, Virginia
Spotify

Trapper Schoepp & the Shades “Run, Engine, Run”

Streit rock frå Milwaukee, Wisconsin.
Spotify

Fishergreen “Keep It Together”

Suveren soulrock frå Birmingham, Alabama.
Spotify

Paul Kelly “Spring And Fall”

Australieren gjer aldri opp. Denne plata er eit nummer i ei rekke eg har mista oversikten over for lenge sidan. Suveren singer/songwitar også i år.
Spotify*

River Giant “River Giant”
Alternativ rock frå Seattle i Crazy Horse-tradisjonen.
Bandcamp

Branden Barnett “Verse, Chorus, Curse”

Ghost Shirt-leiar solodebuterar og gjør alt sjølv. Sterke låtar for det meste i powerpoptradisjonen.
Spotify

Wooden Wand “Blood Oaths Of The New Blues”

Glimrande Neo-folk og alt.country frå Kentucky. Mannen bak, James Jackson Toth, har over 100(!) utgjevingar i forskjellige formar på samvitet.
Spotify

EXTENDED PLAYS (EP’ER)

Houndmouth “Houndmouth”

Ein EP med tydeleg The Band-inspirasjon- Og Gospel- Og alt.country. Og sjølvsagt alt for kort. Gi oss meir, fort!
Spotify

Frankenstrangler “Lovers Lane”

Eit glimrande coverband med utgangspunkt i The District Attorneys.
Bandcamp

Preacher Roe “Sanguinelle”

Preacher Roe ga lyd frå seg igjen etter den suverene “Blood Root Remedy” frå 2010. Framleis veldig bra.
Bandcamp

Mooner “Unpronounceable Name EP”

Nok ein EP med eit heilt ukjend band som leverar god streit rock. I heartlandtradisjonen.
Bandcamp

drivin’ n’ cryin’ “Songs From the Laundromat”

og
“Songs About Cars, Space and The Ramones”

Kinney og Nielsen har vore på EP-kjøret i år, det kjem to til til neste år. Går t frå at dei fortset å utforske røtene side der og.
Spotify
Spotify
Platemelding

The Quaildogs “Extended Play”

og “The Fall EP”

To EP’er med counryinspirert 70-talsrock. Sjølvsagt frå dei amerikanske sørstatane.
Bandcamp

St Paul and the Broken Bones “Greetings From St. Paul and the Broken Bones”

Eit fyrverkeri av ein EP frå Birmingham, Alabama. Blåauga sørstatssoul.
Bandcamp

Elizabeth Cook “Gospel Plow”

Countryartisten Cook har med hjelp frå ektemannen Tim Carroll laga ein rocka gospel-EP. Beståande av standardlåtar, rett og slett nydeleg. Og alt for kort.
Spotify

Through The Sparks “Alamalibu”

Småpsykedelisk sørstatssoul frå Alabama. Med årets låt, “Angel Fix”.
Spotify
Platemelding

Joey Kneiser “Moonlight For The Graveyard Heart”

Vokalisten frå Glossary leverar stødige soloutgjevingar, og.
Spotify
Platemelding

Tedo Stone “Happy-EP”

Nytt stjerneskot frå Athens, Georgia løfta fram av This Is American Music. Gleder meg seriøst til kommende fullengdaren i 2013.
Platemelding
Spotify

Barlettas “The Barlettas EP”

Ein stad mellom The Band and The Beach Boys alfabetisk. Musikalsk også, eigentleg. Pluss reggae.
Bandcamp

Browan Lollar “For The Givers Nd The Takers”

Gitarist extraordinaire og sidemann til mellom anna Jason Isbell solodebuterar.

Spotify
Platemelding

Todd Farrell “Where Fake Cowboys Go to Drink”

Todd Farrell jobbar som teknikar og studiomusikar i Nashville og har jobba med både store og små artistar. Samstundes som han inn i mellom jobba med eige materiale.
Bandcamp
Platemelding

The District Attorneys “Jr.”

Fire ny låtar frå DA’s. Gratis.
Platemelding
Last ned her:

Wood Ear “Steeple Vultures”

Alt.country indierock. Med sterke tekster.
Spotify

CANADA – NO ER DET ANDRE KANADISKE ARTISTAR NEMND OVER, MEN DETTE UNDER ER NYE OPPDAGINGAR

The Evens “The Odds”

Kanadisk postpønkduo med ein fortid i mellom anna Minor Threat og Fugazi.
Spotify

PS I Love You “Death Dreams”

Trengte berre sjå ein video frå øvingslokalet av “How Do You” for å bli hekta på denne canadiske duoen. Med gitarist extrordinaire og vokalist Paul Saulnier i spissen. PS Det høyrast ikkje ut som ein duo.
Spotify

Eamon McGrath “Young Canadians”

Ein røff blading av pønk og folkmusic. Både nydeleg og støyande.
Spotify

Brian Dunn “TVs and Radios”

Han kjem frå ein stad mellom Bruce Cockburn og Bruce Springsteen. For å seie det enkelt. Men sjølvsagt med andre nyansar i tillegg.
Spotify

Young Guv and the Scuzz “A Love Too Strong – EP”

Ah, powerpop. Herregud, saksofonen er jo verdt prisen for plata aleine.
iTunes

Zachary Lucky “Saskatchewan”

Singer/songwritar av det lågmælte slaget.
Spotify

Japandroids “Celebration Rock”

Bulldozeravdelinga innan kanadisk rock. Ein duo, utruleg nok.
Spotify
Platemelding

Royal Wood “We Were Born to Glory”

Klassisk popmusikk frå Toronto-
Spotify

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

One Response to Årsbesteliste 2012 – utanlandske utgjevingar

  1. Johnny W. seier:

    Her har du pinadø fått med deg mye snadder, og ei liste som bare nevner John Murry for alle verdens tomler opp fra meg..

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s