Platearbeidarens årsoppsummering 2013

”Endeleg” klart for årets oppsummering på platefronten. Og når er skriv ”endeleg” er det fordi eg følar det blir vanskelegare og vanskelegare å plukke ut dei beste platene. Eg føler at det kjem ut stadig fleire og fleire gode plater. Og det gjeld sjølvsagt også 2013. Eg kjem attende med fleire listar. Følg med her.

Platearbeidarens topp 10 plateutgjevingar frå 2013:

1. Jimmer “The Would-Be Plans” (Vinyl)
Årets beste plate var samstundes årets største og beste overrasking. Og ein stor seier for Jimmer Podrasky sjølv etter alt han har vore gjennom sidan The Rave-Ups la inn årane.
Les grunnen her: Platemelding
Kjøp digitalt: Bandcamp
Kjøp fysisk: Bigcartel

!

2. Superchunk “I Hate Music” (Vinyl)
– Etter “Majesty Shredding” frå 2010 var det ikkje overraskande at dei levere dette monstret av ei plate. Platemelding Spotify Kjøp vinyl

3. The Baptist Generals “Jackleg Devotional to the Heart” (Vinyl)
– Og når vi snakkar om monster, The Baptist Generals dukka og opp frå det blå. Med ei fantastisk plate og det som er ein av årets beste låtar i ”Dog That Bit You”: Platemelding Spotify Vinyl

4. Big Star “Nothing Can Hurt Me” (Vinyl)
– Verdas gjennom tidande beste band (det er sånn det er..) blei i år hylla med ein film og tilhøyande lydspor. Der ingen av låtane tidlegare har vore gitt ut i disse versjonane. Ei fantastisk utgjeving på dobbel vinyl. Spotify Vinyl

5. Bill Carter “Unknown” (CD)
– Texaneren har ikkje gjort så mykje av sidan 80-talet då han hadde platekontrakt med eit stort plateselskap. Han har i mellomtida livnæra seg som låtskrivar og gitt ut nokre få plater på små selskap. Eit lite selskap er han på framleis, men denne gongen har han fått ekstra merksemd grunna Johnny Depp si deltaking på gitar på ein av låtane, “Anything Made of Paper”. Ei sterk Texas Troubador-plate. Kjøp her

6. Halden Electric “Women” (CD)
– Årets beste norske plate er for sikkerheits skuld dobbel. Låtskrivar, vokalist og gitarist Anders Svendsen fekk i samarbeid med produsent Freddy Holm skrudd saman eit meisterverk. Platemelding Spotify Kjøp CD

7. Have Gun, Will Travel “Fiction, Fact or Folktale?” (Vinyl)
– Sidan det er avgrensa plass på ei topp 10-liste, er det berre plass til ei utgjeving frå This Is American Music. Men til liks med alt anna TIAM har gitt oss er den suveren. Og lit til. Platemelding Kjøp her Spotify

8. Israel Nash Gripka “Rain Plains” (Vinyl)
– Gripka peisar vidare, denne gongen med inspirasjon frå landskapa på sin nye heimstad i Austin, Texas. Og ein god dose Neil Young. Ein artist mange fleire ville hatt godt av å oppdage. Spotify Vinyl Spotify

9. Jason Isbell ”Southeastern” (Vinyl)
– Isbell overgjekk som vanleg seg sjølv på årets fantastiske utgjeving. Det er av og til vanskeleg å sette ord på kor bra noko er. Som her. Spotify Vinyl

10. Bill Janovitz ”Walt Whitman Mall” (Vinyl)
– Buffalo Tom-leiaren sin fjerde soloplate. Glimrande blanding av indierock og americana. Kjøp her Spotify

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s