Platearbeidarens årsoppsummering 2013 – Utenlandske plater som er fine

Platearbeidarens topp 10 , dei 10 beste platene totalt sett. Det som følgjar under er ca. 140 plater eg ville kjøpt om eg ikkje allereie hadde gjort det.
!
!

A Giant Dog “Bone” Eitt av to band med Sabrina Ellis, på oppfølgjaren til “Fight” frå 2011 får ho igjen levd ut pønkebehovet sitt. Sterk melodiøs pønk med gode låtar. Spotify Vinyl

Terry Allen “Bottom of the World” Singer/songwriter som til liks med Joe Ely, Jimmie Dale Gilmore og Butch Hancock kjem frå Lubbock, Texas. Musikalsk liknar han mest på sistnemnde. Og Guy Clark. Spotify

Bob Andrews & Rkr-Cb “Set the Hammond on Fire” Tittelen avslørar kva som er hovudinstrumentet her, keyboardspelaren frå Graham Parker & The Rumour gjør tinga på si eiga måte. Spotify

Arliss Nancy “Wild American Runners” Coloradobandet Arliss Nancy spelar ei blanding av rock and roll, punk, og alt.country. Ein litt mjukare utgåve av Two Cow Garage. Så vidt eg kan sjå er dette bandets tredje plate. Like flott som “Simple Machines” frå 2012. Spotify Vinyl

Nick Batterham “Closing Time at Ya Ya’s” Fin nyoppdaging av året, god singer/songwritar frå Australia. Spotify Kjøp CD

Beachwood Sparks “Desert Skies” Cosmic American Music i ein litt råare utgåva enn på platene som kom etter at denne skulle ha vore gitt ut. Opphavleg spilt inn før debutplata “Beachwood Sparks” som kom ut i 2000. Og no endeleg tilgjengeleg no. Spotify

The Bear “Overseas Then Under” Glimrande soulpopamericana frå Muscle Shoals, Alabama. Med Louisa Murray si nydelege stemme, Ben Tanner frå Alabama Shakes og Browan Lollar. Spotify Vinyl

Emily Bell In Technicolor Tøff rock frå Texas. Oppdaga gjennom Kickstarter-prosjektet hennar. Spotify

Belle Adair “The Brave and the Blue” Meir musikk frå Alabama denne gongen folk av det dynamiske slaget. Ikkje alltid på den lyse sida, men heile tida veldig bra. Spotify Vinyl

Alex Bleeker & The Freaks “How Far Away” Herleg vindskeiv popamericana. Spotify Vinyl

Blue Rodeo “In Our Nature” Blue Rodeo har eigentleg laga same plate sidan tidleg 90-tal. Og versjonen frå 2013 står ikkje attende for nokre av dei andre. Vellydande canadisk countryrock. Spotify

The Bluefields “Ramshackle” Det nye bandet til Warner E. Hodges, Jason and the Scorchers og Dan Baird, The Georgia Satellites. Og blandinga av dei to banda låtar suverent. Spotify Kjøp CD

Bobby Jealousy “The Importance of Being Jealous” Det andre bandet med Sabrina Ellis på vokal. Og der A Giant Dog er tufta på vennskap, er Bobby Jealousy tufta på kjæleik. Leiarane av bandet er Ellis og ektemann Seth Gibbs. Spotify

Bonnie “Prince” Billy “Bonnie ‘Prince’ Billy” Veldig begrensa utgjeving, han leverte førsteopplaga sjølv til butikkene. Lågmælt musikalsk med berre Will Oldham sin vokal og gitaren hans. Vanskeleg å få tak i, men ikkje umogleg. Spotify?

BR5-49 “More From Robert’s” Ny og utvida utgåve av den legendariske CD’en frå 1996. Den mest autentiske country-musikken som vart spela på 90-talet. Frisk då og frisk no Kjøp CD YouTube

Billy Bragg “Tooth & Nail” Ny, flott plate frå briten. Med ein av årets finaste låtar; “There Will Be A Reckoning” Spotify

The Bremen Riot “The Pm Magazine” Rølpete rock frå Mike Nicolai med Grand Champeen i ryggen. Som ein rå utgåve av The Only Ones. (Av og til) Bandcamp

Richard Buckner “Surrounded” Med omtrent 10 album på snart 20 år snakkar vi om ein godt etablert artist. Årets utgjeving er av vanleg høg kvalitet. Til tider ganske så instrumentert til han å være. Spotify

Buffalo Gospel We Can Be Horses Ikkje så mykje gospel, meir alt.country og americana. Tidvis berre nydeleg. Spotify

Charlie Burton “Rock´n´ Roll Behavior” Nok ein samling satt saman av den rockantikvar Jerker Emanuelson og Sound Asleep Records Rocker som har holdt på sidan 70-talet. Spotify Kjøp CD

Buttercup “Walk Over Mountains: The Best of Buttercup” Endå eit band som skulle ha vore ein del av Alt.country-bølgen på 90-talet. Igjen plukka frem av Emanuelson og Sound Asleep Records Spotify Kjøp CD

Glen Campbell “See You There” Spilt inn samstundes med “Ghost On The Canvas” frå 2011, nokre av Campbells største slagarar i oppdaterte versjonar. Også produsert av Dave Darling og Dave Kaplan. Ein stor artist som avsluttar karrieren på ein verdig måte. Spotify

Neko Case “The Worse Things Get, the Harder I Fight, the Harder I Fight, the More I Love You” Country, Alt-Country, Americana, Pop/Rock, Adult Alternative Pop/Rock. Sånn circa. Neko si sjette plate skuffar ikkje. Spotify

Steph Casey “Whisper & Holler” Flott singer/songwriter frå New Zealand. Av og til litt skarpare i kantane. Eg vart hanka inn allereie på opninga “Nice to Almost Know You” Spotify Kjøp CD

Guy Clark “My Favorite Picture of You” Gammal helt vaksinert mot å skuffe, og mannens fjortande plate gjør naturleg nok ikkje det. Spotify

Clear Plastic Masks “Clear Plastic Masks” Denne listas mest obskure utgjeving, ikkje musikalsk, vi snakkar om bluesbasert garasjerock. Og litt til. Problemet er at plata berre blei selt på konsertar, eg fekk den tilsendt saman med ei bestilling frå bandet på deira andre utgjevingar. Det tok litt tid, så denne LPen blei nok sendt med grunna dårleg samvit. Høyr deira nyaste sigle her

Slaid Cleaves “Still Fighting the War” Ny flott folksinger/songwriter-plate frå Austin-boaren. Ein av arvtakarane til Guy Clark and John Prine. Kjøp her

Lloyd Cole “Standards” Nok ei flott plate frå den britiske slitaren som vi ikkje ser ut til å bli kvitt. Eg klagar ikkje på det. I år liknar han på seg sjølv i 1984. Spotify

Coloradas “The Big Empty” Lågmælt bluegrass-inspirert americana. Eller mountain bluegrass og dark folk. Spotify Kjøp her

Mikal CroninMCII” Grei oppsummering: Pop/Rock, Alternative/Indie Rock, Alternative Pop/Rock, Garage Punk. Med Ty Segall. Ei plate eg ikkje fekk heilt taket på før eg høyrte den på vinyl. Men då satt den. Ei av årets beste plater. Spotify Vinyl

Dawes “Stories Don’t End” Ei plate som fekk litt blanda mottaking, men eg liker den godt, eg. Deira tredje plate med vestkystfolk, inspirert av Jackson Browne. Spotify

Dead Confederate “In the Marrow” T. Hardy Morris og bandet harvar vidare med si blanding av alt.country, psykedelisk rock og grunge, Sjølvsagt umogleg å ikkje like. Spotify

The Deep Dark Woods “Jubilee” Nydeleg mørk, herleg countrymusikk frå dei dype kanadiske skogane. Mykje godt orgel. Spotify

Deerhunter “Monomania” Kall det alternative rock, indie Rock, drømmepop, Post-Rock eller eksperimentell rock. Men følg godt med, Bradford Cox og bandet høyrast av og til ut til å ville gøyme vekk låtane i kaoset dei til tider skapar. Men det klarar dei ikkje, herleg!. Spotify

The Del Lords “Elvis Club” Gjenforent, og dei spelar framleis si tidlause blanding av 60-tals garasjerock, country, blues og folk. Urban Americana. Platemelding Spotify Kjøp her

Pete Donnelly “Face the Bird” The Figgs-bassisten er ute med si andre soloplate. Meir poporientert, 60- og 70-talet, enn bandet. Spotify Kjøp her

drivin’ n’ cryin’ “Songs From the Psychedelic Time Clock” Eit av mine favorittband har levert del tre av fire i den pågåande EP-serien, den siste kjem i februar 2014. Enn så lenge kosar eg meg med denne: Spotify

Ducks Deluxe “Rockin’ At the Moon” Veteranpubrockarane legg inn årane etter å ha vore gjenforent sidan 2007. Og etterlet seg eit flott konsertdokument. Spotify

Blaine Duncan & Lookers “The When She Dies” Nok ein glimrande artist frå Alabama, medlemmar frå Lee Bains III & the Glory Fires, Dexateens, Drive-by Truckers, The Bear og Belle Adair hjelpte til med å lage denne flotte EPen. Spotify

Steve Earle & The Dukes (& Duchesses) “The Low Highway” Ikkje mannens sterkaste, men heller ikkje den svakaste. Og få artistar er lettare å tilgje enn Mr. Earle Spotify

Tim Easton “Not Cool” Han har gått rockabillyvegen i år. Og eg klagar ikkje på det. Klart best på vinyl. Spotify Vinyl

Easton Stagger Phillips “Resolution Road” Flott plate frå tre singer/songwritarar med Tim Easton i spissen. Kickstarter-prosjekt med offisiell utgjeving i 2014. Grunnen til at den er med her er at eg har mottatt vinyl og digital nedlasting.

Eels “Wonderful, Glorious” Trengte eigentleg ikkje å høyre meir enn 10 sekund på forsmaken “Peach Blossom” for å skjøne at eg treng Eels. Vinylutgåva eg har er på dobbel oransje 10 toms vinyl. Fin å sjå på og fin å høyre på. Spotify Vinyl

Escondido “The Ghost of Escondido” Velprdusert, velspelt og velsunget americana får i kvart fall eg aldri nok av. Vel, vel. Flott bruk av trompet. Spotify Kjøp CD

Fidlar “Fidlar” 39 minutt med knalltøff skate/surfpønkrock. California-bandet leikar ikkje akkurat butikk når dei albumdebuterar etter ei rad snglar. Spotify

Fifth On The Floor “Ashes & Angels” Knreibeint countryrock produsert av Shooter Jennings. Spotify

Jeff Finlin “My Moby Dick” Siger/songwriter med nesten 10 plater på samvitet. Eg har i kvart fall åtte. Litt tilbakelent og avslappa americana. Spotify Kjøp CD

Ellen Foley & The Worried Men “About Time” Sanneleg er det godt å ha ho tilbake. Stemma er framleis like sterk og lett gjenkjenneleg. Og låtane er av gjennomgåande høg kvalitet. Platemelding Høyr og last ned Kjøp CD

Foxygen “We Are the 21st Century Ambassadors of Peace & Magic” Inspirert blanding av Stones, Lou Reed og powerpop. Spotify

Robbie Fulks “Gone Away Backward” Nokon påstår at dette er Fulks si beste plate, mulig det. Den læt uansett best på vinyl. Spotify Vinyl

Howe Gelb “Dust Bowl” Giant Sand-sjefen leverer fleire soloplater, her er ein av dei. Nakent og spartansk. Spotify
Fortsatt under oppdatering.

Vince Gill & Paul Franklin “Bakersfield” To på sine eigne måtar countrylegender, vokalist og gitarist Vince Gill og Paul Franklin pedal-steel-gitarist, hyllar Bakersfield i lyd og låtar. Glimrande på vinyl. Spotify Vinyl

Colin Gilmore “The Wild and Hollow” Nokre tar opp arven etter Nick Lowe og Rockple betre enn andre. Her i countryversjon. Og Lowe sin “Ragin’ Eyes”. Spotify

Gleeson “II” Ei heilt fantastisk powerpopplate på dobbel vinyl. Spotify Kjøp her

Ha Ha Tonka “Lessons” Ha Ha Tonka har utvikla seg og blitt litt meir komplekse. Utan at det gjør noko, eg elskar dette bandet uansett. Spotify Vinyl

Emmylou Harris & Rodney Crowell “Old Yellow Moon” Ei plate med disse gigantane innan countrymusikk saman er nesten ein våt draum som blir sann. Altså, dei har jo jobba saman før. Men dette blei eit litt meir formalisert samarbeide. Og det blei—vellukka. Spotify

Grant Hart “The Argument” Hart leverte i år eit konseptalbum basert på John Milton sin “Paradise Lost”. Og han har meir til felles no med David Bowie musikalsk og vokalt enn Hüsker Dü. Men bra er det uansett. Spotify

Juliana Hatfield “Wild Animals” Ei av to plater Hatfield er tungt involvert i i år, den andre kjem lengre nede. Her er det stort sett akustisk, med gode låtar. Ikkje noko nytt og banebrytande, berre flott. Spotify

Richard X. Heyman “X” På si tiande plate leverar Heyman atter ein gong nydeleg popmusikk. Og sjølvsagt blir eg ikkje overraska av det, berre glad. Han spelar absolutt alt sjølv. Som ein moderne Todd Rundgren. Spotify

Chris Hickey “Frames of Mind, Boundaries of Time and Looking for Anything” Amerikansk Lo-fi frå før tydinga var oppfunne. Dei to første, for lengst utgåtte, LPene til mannen får med hjelp frå Jerker Emanuelson og Sound Asleep Records ein etterlengta nyutgjeving. Kjøp her

The Hiders “Temenos” Ohiobandet leia av Billy Alletzhauser med ei fortid i legendariske Ass Poys, er ute med si fjerde plate. Og blir beskrive som eit band interessant for dei med plater av Neil Young, The Grateful Dead, The Rolling Stones, The Band, Willie Nelson og Wilco i samlinga. Spotify

Hiss Golden Messenger “Haw” Ei nydeleg plate best beskriven som folk, utan andre store fakter enn solid låt skriving. Kjøp her

Will Hoge “Never Give in” Nok ei solid utgjeving med countryrock frå tennesseearen, med eit snev av Bob Seger. Spotify

Hollis Brown “Ride on the Train” Solid plate med klassisk poprock og americana. Solid handverk utan nokre store faktar, kjøp den på vinyl. Spotify Vinyl

Houndmouth “From the Hills Below the City” Flott countryrock i gata til The Band Spotify

I Can Lick Any Sonofabitch in the House “Mayberry” Den nye plata til ICLASITH låter litt som Two Cow Garage, den same råskapen er intakt. Med mykje bruk av munnspel. Spotify

I See Hawks in L.A. “Mystery Drug” Nydeleg vestkyst-countryrock frå California. Med årets feelgood-låt: “Stop Driving Like An Asshole” Spotify

Jail Weddings “Meltdown: A Declaration of Unpopular Emotion” Noko som høyrast ut som ganske vellukka forsøk på gjenskape lyden til Roy Orbison, Phil Spector og the Walker Brothers i 2013. Gitarbasert naturleg nok. Spotify Vinyl

Garland Jeffreys “Truth Serum” Ringreven leverar si andre solide plate sidan comebacket. Platemelding Spotify

Shooter Jennings “The Other Life” Berre ein klarar å komme seg gjennom opingslåten “Flying Saucer Song” så blir dette bra. Klassisk Shooter Jennings, best når han vidareførar arven etter faren Waylon. Spotify

JKutchma & the Five Fifths “Sundown, Usa” J. Kutchma & The Five Fifths si ”Sundown USA” er bandets andre plate. Fjorårets debut, “Pastoral”, var ei av årets beste. Og om ikkje årets ragar like høgt, er det ikkje langt unna. Platemelding Spotify Vinyl

Duquette Johnston “Rabbit Runs a Destiny” Indie, Lo-fi, draumande psykedelia, vrengde gitarar. Det skjer mykje på denne flotte plata frå Birmingham, Alabama-artisten. Spotify Vinyl

Valerie June “Pushin’ Against a Stone” June kallar musikken sin for “organic moonshine roots music”. Og er kanskje inne på noko. Legg til r’n’b og gospel så snakkar vi. Platemelding Spotify

Kill County “Dust in Wire” Bluegrassfolk, eller som dei seier sjølve: folk music dynka med sveitte, øl og ambisjon. Kjøp her, Bandcamp

King Khan & The Shrines “Idle No More” Ei heidundrande partyplate med garasjerock og psykedelisk soul frå Berlinbaserte Kahn, opphavleg frå Canada. Spotify

Roger Knox & Pine Valley Cosmonauts “Stranger in My Land” Meir flott countrymusikk frå Bloodshot. Denne gongen frå Australia. Spotify Vinyl

Lenny Lashley’s Gang of One “Illuminator” Lashley kjem frå Boston, men han høyrast til tider britisk ut. Glimrande pønk som Rancid. Spotify Vinyl

Left Arm Tan “Alticana” Meir høgkvalitets kosmisk amerikansk musikk eg aldri får nok av. Det burde ingen. Spotify

Los Lobos “Disconnected in New York City” Konsertopptak med Los Lobos. Nok sagt. CDen har med ein DVD med ekstra materiale. Spotify Kjøp CD

Lydia Loveless “Boy Crazy” Fantastisk EP som er ein forsmak på hennar kommande album som kjem i 2014 Spotify Kjøp CD

Austin Lucas “Stay Reckless” Lucas debuterar endeleg på eit stort selskap, og når han i tillegg allierar seg med Glossary må det bli bra. Sterke låtar i elektrisk americana. Spotify Vinyl

Steve Martin & Edie Brickell “Love Has Come for You” Han kjenner eg godt til, skodespelar og ein jævel på banjo. Men ho har eg fått med seg har eg ikkje høyrt på sidan ho kasta gummistrikk på månen saman med New Bohemians på 80-talet. Saman har dei uansett laga glimrande bluegrassplate. Spotify

Maston “Shadows” Flott einmanns poporkester som busett i California lagar popmusikk solskinsstaten verdig. Spotify| Vinyl

The Mavericks “In Time” Raoul Malo og kompani lagar framleis flott musikk som en forlenging av Roy Orbison, med litt meir rytmar inn i mellom. Spotify

Todd May “Rickenbacker Girls” Ei av årets beste plater er levert av ein debutant. Platemelding Spotify

David Mayfield Parade “Good Man Down” På sitt etterlengta andrealbum utforskar folk rocken litt meir. Med hjelp frå mellom anna Seth Avett frå The Avett Brothers og countrystjerne Dierks Bentley. Spotify

Scott Miller “Big Big World” Flott countryrockplate laga i samarbeid med John Hiatt-gitarist Doug Lancio. Tidvis både rocka og funky, men også cool og tilbakelent. Spotify

Minor Alps“Get There” Duo beståande av Juliana Hatfield Matthew Caws frå Nada Surf. Saman har dei laga ei flott poprockplate. Spotify

The Mop Tops “Got to Make Sunday Funky!” Sjølv om svenskane The Mop Tops har laga musikk i 30 år, er dette berre deira tredje fulle album. Og dette er ei hyllingsplate til britiske The Equals. Eit så spesielt prosjekt er det sjølvsagt Jerker Emanuelson og ”Sound Asleep Records”: http://www.soundasleeprecords.com/index2.htm som gir ut. Spotify Kjøp her

John Moreland “In The Throes” Han spelar noko som enkelt kan karakteriserast som streit rock. I same landskapet som Bruce Springsteen, Steve Earle. Bob Seger og John Mellencamp. Sagt enkelt Platemelding Spotify Vinyl

T. Hardy Morris “Audition Tapes” Inspirert av Elliot Smtih, Alex Chilton og Vic Chesnutt. Sistnemnde til liks med Hardy frå Georgia. Legg til lyden av Neil Young så er vi der. Det er blitt til tider ei nydeleg plate med mykje pedal steelgitar. Stemningsfull Lo- Fi. Med undertonar av countrymusikk. Platemelding Spotify

Mount Moriah “Miracle Temple” Alt.country, poprock, Alternative/Indierock og Alternative singer/songwriter skulle dekke det meste om den andre plata til North Carolina-bandet. Spotify

Kacey Musgraves “Same Trailer Different Park” Den fjerde plata til Musgrave er noko så sjeldant som ei countryplate med rockabilly, blues-rock, bluegrass og countryfolk gitt ut på eit stort plateselskap, Mercury Nashville. Den ligg eit hestehovud, minst, før det som kjem frå Nashville no til dags. Spotify

The New Mendicants “Australia 2013 EP” Supergruppe med Joe Pernice (Pernice Brothers og Scud Mountain Boys) og Norman Blake (Teenage Fanclub) i styringa. Med musikk som er ei blanding av nemnde band. EP gitt ut i anledning Australia-turneen dera tidlegare i år og forsmak på plata som kjem i 2014. og ja, “This Time” er ein INXS-låt. Spotify

The Nomads “Loaded Deluxe EP” 10" Det er vanskeleg å gå forbi dei svenske garasjerockgudfedrane Spotify

Oblivians “Desperation” Pønkebandet frå Memphis, med mellom anna Greg Cartwright frå Reigning Sound, kjem attende med si første plate på 16 år. Og ein kan ikkje seie at alderen tynger. Tøft og brutalt. Spotify

Okkervil River “The Silver Gymnasium” No har ikkje eg fått eit skikkeleg kick av Okkervil River sidan “The Stage Names” frå 2007. I så måte er årets utgjeving den beste eg har høyrt sidan den gong. Spotify

The Olms “The Olms” Må innrømme at eg ikkje heilt har fått taket på dei siste utgjevingane til Pete Yorn. Men her, saman med J.D. King, i ein hylling til 60-tals popmusikk, skin han igjen. Spotify

Overseas “Overseas” Ikkje eit år utan ein plate frå Will Johnson (Centro-Matic). Overseas er han og David Bazan og to brør Kadane. Ein heilt ny indie supergruppe. Les meir her: Kjøp

Sam Phillips “Push Any Button” Hennar tiande plate, den tredje sjølvutgitte, med smart popmusikk som dreg vekslar på 50- og 60-talet, samt moderne popmusikk. Ein flott, særprega artist. Spotify

Phosphorescent “Muchacho” Årets utgjeving er så suveren som ein kunne forvente frå Matthew Houck og Phosphorescent. Til tider fantastisk vakker. Platemelding Spotify

Rod Picott “Hang Your Hopes on a Crooked Nail” Ei plate som glapp frå meg når det gjaldt melding av plata grunna sjukdom, men eg lytta mykje til den flotte plata. Men den kjem ikkje ut før i full bredde før i 2014. Så eg kjem attende til den. Kickstarter

Leroy Powell & Messengers" “The Life and Death” Tidlegare gitarist for Shooter Jennings, gir ut flotte plater med southern rock, blues aog country. Som denne: Spotify Kjøp

Purling Hiss “Water On Mars” Blanding av tidleg Nirvana, tunge gitarar og flotte melodiar. Til tider flott popmusikk. Men med fuzz i førersetet. Spotify Vinyl og kassett!

The Replacements “Songs for Slim” Litt tragisk at tidlegare gitarist Slim Dunlap måtte få eit invalidiserande slag for at Paul Westerberg og Tommy Stinson skulle komme saman som The Replacements. Men no kan det komme fleire utgjevingar og turné. Årets utgjeving er uansett ei flott byrjing på den nye given. Spotify

The Rides “Can’t Get Enough” Stephen Stills (Crosby, Stills & Nash) sitt nyaste prosjekt saman med Kenny Wayne Shepherd og Barry Goldberg. Fin blanding av originalar og coverversjonar av mellom anna Muddy Waters, Elmore James, Iggy Pop & The Stooges og Neil YoungFant den ikkje på Spotify sikkert ein soneting, men du høyre den her:

Carrie Rodriguez “Give Me All You Got” Ny god plate frå Rodriguez med låtar skriven mellom anna med, som vanleg, Chip Taylor. Spotify

Daniel Romano “Come Cry with Me” Kanadiar som låtar som ei blanding av George Jones og Gram Parsons. Spotify

Caitlin Rose “The Stand-In” Tradisjonel singer/songwriter-country, tidvis med skarpe kantar. Men også det heilt mjuke og vare. Spotify

Tom Russell and the Norwegian Wind Ensemble “Aztec Jazz” Nærast ein best of-samling, spilt inn saman med det Halden-baserte “Det Norske Blåseensemble” og gitarist Thad Beckman. Til tider sakralt og vakkert. Spotify

Mando Saenz “Studebaker” Årets plate, hans tredje, blei spelt inn av og hjå Mark Nevers i hans Beech House Studio i Nashville. Nevers er kanskje mest kjend for sitt arbeid saman med Lambchop, men han har også samarbeidd med mellom anna Bonnie ‘Prince’ Billy og Calexico. Men musikken på denne plata liknar ikkje nokre av dei nemnde artistane. Her snakkar vi om americana og roots, innan Texas-songwritar-tradisjonen. Platemelding Spotify

Savages “Silence Yourself” Feminin rock frå Storbritannia med skarpe kantar. Som får meg til å tenke på Siuoxsie and The Banshees. Spotify

Boz Scaggs “Memphis” Ringrevens første album på fem år, to originalar og 11 coverversjonar. Mellom anna av Mink DeVille. Spotify

Scud Mountain Boys “Do You Love the Sun” Joe Pernice og fjellgutane ga ut si første plate sidan den fantastiske “Massachusetts” frå 1996. Og denne er nærast like fantastisk. Høg rotasjon på platespelaren. Spotify Vinyl

Ty Segall “Sleeper” Lo-fi indierock med høgt volum. Akustisk eller ikkje. Denne karen er intens uansett korleis han gjør det. Spotify

Semi-Twang “The Why and the What For” Comebacket i 2011 var ikkje noko blaff, “The Wages Of Sin” blei følgt opp på ein flott måte med årets plate. Spotify

Stephen Simmons “Hearsay” Fin plate frå den produktive singer/songwritaren. Spotify

Sam Sliva and the Good “And the People Say” Når han får med seg Jason Isbell til å spele inn ein Ryan Adams-låt blir interessa vekt. Med god grunn. Han blander inn litt av alle forbilda sine; Bob Marley, Led Zeppelin, George Strait og John Lee Hooker. Spotify

Darden Smith “Love Calling” Texas-troubadour som har helde på, av og på, sidan 1986. Flott singer/songwriter som er lett gjenkjenneleg. Spotify

Someone Still Loves You Boris Yeltsin“Fly by Wire” Litt trist Lo-fi har blitt lysare, og forandringa har kanskje noko med at dei var i Russland tidlegare i år. Der trefte dei nettopp Boris Jeltsin. Spotify

Son Volt “Honky Tonk” Jay Farrar og Son Volt kan ikkje gjøre noko gale. I år er det “Bakersfield-country”http://en.wikipedia.org/wiki/Bakersfield_sound som gjeld. Spotify

Chris Stamey “Lovesick Blues” Stamey lagar litt rare platar av og til, dette er ikkje ei av dei. Fin draumepop. Spotify

The Sterling Sisters “Hale” Mørk, gothic country frå Baltimore, i slekt med 16 Horsepower. Bandcamp

The Strypes “Snapshot” Ei av årets store overraskingar. Dei får meg til å tenke på tidleg Stones, gamle heltar som Nine Below Zero. Dr. Feelgood og Eddie & The Hotrods. I ein sylskarp utgåve. Dette er ikkje nostalgi, det er revitalisering. Platemelding Ei utgjeving skapt for vinyl. Med eit bonusspor ikkje med her: Spotify Vinyl

Richard Thompson “Electric” God stemme og genuint gitarspel, ein veit kva ein får når Thompson gir ut plate. Spotify

Greg Trooper “Incident on Willow Street” Greg Trooper klare å snike ut nok ei knallsterk utgjeving i året som gjekK. Som vanleg lett gjenkjenneleg. Og hans gamle vapendrager, Larry Campbell, bidreg med mellom anna steel-gitar.

Two Cow Garage “The Death of the Self Preservation Society” Høgoktan, lyrikksterk rock frå Ohio. Schnabel og kompani skuffar ikkje på si sjette plate. Spotify Vinyl

Tyla Gang “Stereo Tactics” Sean Tyla og bandet leverar klassisk rock på årets utgjeving. Og dei ligg ikkje på latsida, det kjem ein konsertplate allereie tidleg i 2014. Spotify

Townes Van Zandt_ “You Are Needed Now – Live at Bla Rock Cafè, Norway, 1996” Eigentlig blir det litt kuriøst å nemne denne, men den finnes der ute ein stad. Berre på vinyl. Townes heilt på slutten av karrieren. Discogs

Kurt Vile “Wakin on a Pretty Daze” Flott og behageleg americana-indierock. Til dels lange, drøymande låtar på mannens femte plate. Spotify

Patricia Vonne “Rattle My Cage” Musikalsk fyrverkeri frå Texas som verkeleg ristar buret dit. Texas-rock med New York- og glam-tendensar. Men ho veit og å a det rolegare. Spotify

J.Roddy Walston & The Business “Essential Tremors” Jerry Lee Lewis møter Marc Bolan og T. Rex. Dei debuterar her på eit større selskap. Fant den ikkje på "Spotify"http://open.spotify.com/album/2sLaWm054MCKYny2KfLSjA, sikkert ein soneting her og, men du høyrer den her:

Warm Soda “Someone for You” Årets powerpopfunn, fantastiske låtar. Platemelding Spoify Vinyl

Water Liars “Wyoming” Mørk, sterk americanabasert indierock. Kryp innpå deg og festar seg. Nektar deretter å sleppe taket. Spotify "Vinyl"http://www.fatpossum.com/products/wyoming

Waxahatchee “Cerulean Salt” Waxahatchee, eller Katie Crutchfield som vokalist og hovudmedlem heiter, durar vidare på sitt andre album. Med EMOfolkgrunge. Og eg høyrar likskapar med PJ. Harvey og Liz Phair. Intense saker. Spotify

Tony Joe White “Hoodoo” White høyrast ut som forventa på årets utgjeving, og det held i massevis for meg. Spotify

Wyldlife “The Time Has Come to Rock & Roll” Glamrock og powerpop. AC/DC og Hanoi Rocks. I amerikansk utgåve. Ganske så flott. Spotify Vinyl? Sjølvsagt

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

2 Responses to Platearbeidarens årsoppsummering 2013 – Utenlandske plater som er fine

  1. Øyvind L. seier:

    Tusen takk for en veldig informativ og spennende oppsummering. Vi har litt å strekke oss etter
    http://www.taretv.no/?cat=14

  2. Roald Hansen seier:

    Takk for det! Liker veldig godt før Taxien Kommer.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s