Platearbeidarens årsoppsummering 2013 – This Is American Music – pluss utsikter for 2014

Eg rakk aldri å publisere årsoppsummeringa av This Is American Music sine utgjevingar i 2013. Så vi tar den no saman med ein av karane bak selskapet, Jay Cooper, sine betraktningar for 2014. Og eg egledar meg.

Cosmonaut on Vacation “Let the Moment Land” Det er mykje overraskande som dukkar opp. Som til dømes kraut-rock frå Birmingham, Alabama. Og sjølvsagt er det This Is American Music som står for utgjevinga. Platemelding Spotify Kjøp

Dana Swimmer “Veloce” Dana Swimmer er eit band basert i Athens, Georgia. Men opphavleg frå ein av forstadane til denne byen, Cleveland. Og om eg skal trekke musikalske referansar blir det ei blanding av Alabama-bandet Through The Sparks og Athens-bandet The District Attorneys. Berre for å halde det innan familien. Platemelding Spotify Kjøp

Dorado “Anger Hunger Love and the Fear of Death”
Frå Birmingham, Alabama. Som til tider til forveksling kan minne om Through The Sparks (TTS). Grunnen er sjølvsagt at frontfigur og vokalist er felles i begge band. Den særeigne stemma til Jody Nelson er lett å kjenne igjen. Platemelding Spotify Kjøp

El Cantador “Translation Wave” Endå meir uvand musikk frå TIAM, denne gongen frå Ocean Springs, Mississippi. Musikken på denne EPen høyrast i mangel på nokon betre beskriving, ut som ein amerikansk utgåve av Doves. Spotify Kjøp

Doc Feldman & the L D 50 “Sundowning at the Station” Lågmælt, men likevel intens singer/songwriter frå Lexington, Kentucky. Spotify Kjøp

Kent Goolsby “Trophies of Youth” Dei fleste startar nok på null når dei høyrer namnet Kent Golsby. Nemner eg bandet The Only Sons, med tre utgjevingar på samvitet, blir det kanskje ikkje betre. Men dette er uansett mannens solodebut. Og den er produsert av Joey Kneiser frå Glossary. Samt at den eigentleg gjer mannens fortid i The Only Sons irrelevant. Han er rolegare og meir nedpå som soloartist. Men ikkje utan sine utblåsingar. Platemelding Spotify Kjøp

Great Peacock “Great Peacock” Årets første verkeleg store utgjeving frå This Is American Music kom i form av ein fem spors EP, frå dette glimrande Nashville-bandet. Som i følgje seg sjølv spelar Southern/Folk/Pop. Ei ganske grei beskriving. Blount Floyd og Andrew Nelson gav opp karrieren med eit tyngre rockeband for å mellom anna jage draumen om å vere George Jones. Platemelding Spotify Kjøp

Hurray For The Riff Raff “My Dearest Darkest Neighbor” I forbindelse med Kickstarter-kampanjen som resulterte i Alynda Lee Segarra og Hurray for the Riff Raff si glimrande ”Look Out Mama”, spelte dei inn ei samling coverversjonar eksklusivt for dette prosjektet. Alt levert i bandet si tilbakelende bluegrasstapping. Og med denne kvaliteten på både låtar og framføring, trengte ein ikkje være rakettforskar for å skjøne at denne samlinga ville kunne få ei skikkeleg utgjeving etter kvart. Platemelding Spotify Kjøp

Magnolia Mountain “Beloved” Og der Utley som soloartist går meir i retning av country, er det meir blues og soul på denne plata. I tillegg til at vokalistane Melissa English og Renee Frye slepp meir til som hovudvokalistar. English har vore med lenge, medan Frye er nykommar. Platemelding Spotify Kjøp

Teen Getaway “Hits & Missives” Nok eit for meg ukjend band frå dei amerikanske sørstatane. Også denne gongen frå Birmingham, Alabama. Dette er ikkje deira første plate, men eg har litt problem med å finne kva dei har gitt ut tidlegare. Utan at det betyr noko. Denne gongen har dei uansett This Is American Music i ryggen. Og nok ein gong overraskar TIAM og gir oss noko annleis. Platemelding Spotify Kjøp

Mark Utley “Four Chords and a Lie” Då Mark Utley tidlegare i år tidlegare i år køyrde i gong Kickstarter-kampanjen sin, var det ikkje berre ei plate han hadde på beddinga. I tillegg til den forventa Magnolia Mountain-plata, hadde han skrudd saman ei solo-plate. Grunnen var sjølvsagt at han hadde skrive ein del låtar han følte ikkje passa inn verda til bandet sitt. No har han i staden eit nytt band, Bulletville, på halvparten av låtane. Og då går det plutseleg i reinspikka countrymusikk. Platemelding Spotify Kjøp

Bonnie Whitmore “There I Go Again” Om du liker Tift Merritt, Lucinda Williams, Dixie Chicks og The Mastersons, har du rett og slett ikkje noko val. Då må du berre skaffe deg denne plata. Platemelding Spotify Kjøp

Porter & the Pollies “Porter & the Pollies” Medan vi ventar vi ventar på nye plater frå både Chris Porter (Some Dark Holler) og The Pollies, dei har begge nye plater på gong, slår dei seg saman og gir ut ein EP Platemelding Spotify Kjøp

The Kernal “Farewellhello” Suveren country frå ein artist eg berre kjenner under dette namnet. Blir no også tilgjengeleg som CD. Spotify Kjøp digitalt Kjøp CD

Tedo Stone “Good Go Bad” Ein kan trygt seie at forventningane frå fjorårets EP, ”Happy”, blir innfridd når Stone endeleg debuterer med ein fullengdar. Som på EP-en snakkar vi om soul. Denne gongen kanskje ikkje så mykje countrysoul. Heller kanskje meir mot rocka soul. Som Stones til tider var så gode eksponentar for på byrjinga og midten av 70-talet. Platemelding Spotify Kjøp

This Is American Music i 2014.

Og då gir vi ordet til Jay Cooper: "We expect the first full-length we have to be “Love Wars Baby” by Party Dolls – something of an Athens/Atlanta ‘supergroup’ including Drew Beskin and Walker Beard of the District Attorneys, Frank Keith of the District Attorneys / Tedo Stone / Ruby the Rabbitfoot and sometimes T. Hardy Morris, Tedo Stone himself, and Jeremy Wheatley of Crooked Fingers. The title track, which you’ll be hearing soon, was a co-write between Drew and Daniel Womack of Futurebirds. This will be followed in the spring by the debut record from Blue Blood, an Athens band fronted by Hunter Morris (Hardy’s cousin). We’re really excited for everyone to hear this. Great fuzzy pop record. Also in the spring (perhaps before Blue Blood – still sorting our release dates) we’ll have a really interesting solo project from Elliott Macpherson of the Dexateens, a (I know this is an odd description) garage-y country blues homage to KISS circa the Destroyer album, entitled “Destroy Me.” Then in early May the much-anticipated full-length from Great Peacock. This is going to be a monster. Along the way, or shortly thereafter, we expect to have some more music from The Kernal, Dana Swimmer, perhaps a new 7" from Have Gun, Will Travel, some new Tedo Stone recordings with the band he put together after the record was in the can (the band that played on his Daytrotter session – strong, strong band – I saw them on a bill with Bohannons and Dexateens and Tedo was the loudest band of the night). I know you’ll be glad to hear this – new Bohannons at some point (you can hear some of these songs on their latest Daytrotter session, as well). And later in the year we should see The District Attorneys’ follow-up to Slowburner. And a few other things we are in discussions about… we’ve got a slight breather here for a moment, but 2014 has us excited. Oh, one more thing… you can expect to see us venturing a bit more into vinyl. A number of the projects mentioned above will be getting the vinyl treatment.

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s