Platearbeidarens årsoppsummering 2015, ein heil haug med plater.

Også 2015 har vore eit musikalsk festmåltid. Og noko av det ypperste og mest velsmakande på bordet står lokale artistar for.
!
!

Bohannons “Black Cross, Black Shield”

Eg har eigentleg kvidd meg litt til denne plata. Grunnen er sjølvsagt at eg vil samanlikne den med deira førre plate, “Unaka Rising” frå 2012. Ei plate dei fleste andre (plater) fell i gjennom mot. Legg til at den plata, av diverse årsakar, framleis betyr veldig mykje for meg. Så fallhøgda var veldig høg. Galdhøpiggen-høg. Men hadde eg grunn til å uroe meg? Årets beste plate! PlatemeldingPlatemelding
Spotify

Lokale heltar

Steinar Karlsen “Tur” Karlsen er ute ned si andre plate i løpet av kort tid.
Den førre, “Tog Til Sunnfjord”, kom i september. Til liks med denne kom også den på vinyl. Om enn i noko komprimert utgåve på sju tommar.
Men no er det sjølvsagt Karlsen si fjerde soloplate, “Tur”, som gjeld.

Tre plater på tre månader Platemelding Spotify

Good Time Charlie “Jubel & Skrubbsår” Knapt to år etter si førre barneplate “Draumeblues Og Blåsus”, er dei her igjen. Og sjølvsagt er det lurt å følgje opp eit populært konsept, smi medan jarnet er varmt.
Platemelding Spotify

Tina Refsnes “No one knows that you’re lost" Den vellydande debutplata til den Oslo-baserte Florøaartisten Tina Refsnes er spelt inn i Canada, men høyrest ut som om den har sitt opphav frå den motsette sida av det amerikanske kontinentet, California. Platemelding Spotify.

Lillian Samdal “4 Vintrar” Den største overraskinga eg har høyrt på veldig lenge, kjem frå Fjaler.
Samdal er utdanna kunstnar ved Kunst- og Designhøgskulen i Bergen og Manchester Metropolitan University. Platemelding Spotify

PV & THE HEHEHEEEYS “Eye Say”

Lokal forankra powerpop av god kvalitet er sjeldan kost. Lokalt forankra i den forstand at keyboardist, og tydeleg til stades i lydbiletet, Erlend Eidsvik, kjem frå Svelgen.
Og god kvalitet i det at dette Bergensbaserte bandet tidvis minnar meg om Jellyfish og XTC. For å nemne nokre. Spotify

De Musikalske Dvergene “Go’e Busser”

Når eit band startar opp med kredoet Garantert Ambisjonsløs Rock. Kaller debutsingelen frå 1985 det same, og framleis holder på over 30år seinare. Då er det noko som har gått gale. På ein måte. Platemelding Spotify

The Thank Yous “100% middleclass indie”
Ny norsk superduo beståande av Petter Folkedal, betre kjend som Sergeant Petter, og Lars Lundevall, frå deLillos. Saman spelar dei powerpop. Platemelding Spotify

Tom Roger Aadland "Rapport Frå Eit Grensehotell” Her i Noreg får ein ikkje noko betre enn artistar som syng på morsmålet sitt. Det finnast nok av eksempel på det motsette. Allereie i år 3-4 stykker, utan at eg gidd å dvele ved det. Eg tykkjer det er viktigast å konsentrere meg om dei som leverar varene. Som Aadland. Platemelding Spotify

GISKE “Carousel Magic Spell”
GISKE består av Alex Rinde, Rune Berg og Ronnie MAG Larsen. Med andre ord ⅗ av The Margarets. Og ikkje ulik i stilen. Men langt rolegare. Med den opphavelege magien inntakt. Spotify

Caddy “The Better End”, herleg blanding av, enkelt sagt, Teenage Fanclub og powerpop. Ei av årets desidert beste plater. Platemelding Spotify

Barreracudas “Can Do Easy”, årets finaste blanding av punk, powerpop og garasjerock. Spel høgt!! Bandet frå Atlanta, Georgia leverar så det luktar svidd. Dei kallar seg sjølve eit punkband. Men er nok meir nyanserte enn som så. Spotify

Mooner “Masterpiece”, mesterverk? Kanskje. Chicago-bandet leverar uansett glimrande Americana-powerpop på sin første fullengdar. Dog med fine kvileskjær. Spesielt mot slutten. Dei innfrir alle forventingane eg hadde etter tre flotte EPer.
Spotify

Hjerteslag “Møhlenpris Motell”
Yeah right! Akkurat det vi treng meir 80-tals-nostalgi. Kunne eg ha skrive. Eller, endeleg fortset eit band det beste av bergensrocken frå 80-talet. Som Gjennomslag (har du ikkje høyrt “Klare Linjer” har du ikkje levd) og Alle Tiders Duster (her treng eg berre å seie “Lillegutt”). Med hint av John Olav Nilsen & Gjengen. Og 80-tals postpunk.
Platemelding
Spotify

Dig Deeper "How You Spend Your Days”
Plate nummer to frå det bergensbaserte bandet held fram i same høge kvalitet som på plata frå 2012, “August Afternoon”. Men ikkje heilt i same leia. Denne gongen har dei bevega seg litt fram i tid. Til 90- og 2000-talet. Platemelding
Spotify

Ghost Shirt “After The Spark”, Branden Barnett og kompani si plate glimra lenge med sitt fråvær alle andre plattformar enn vinyl. Men det ordna seg til slutt, og no er den sterke indierockplata tilgjengeleg. I kvart fall på Bandcamp

Blister “Grizzly Leaving Land” Ein av dei gløymte norske perlene frå i fjor. Ein supergruppe med medlemmar frå DumDum Boys og deLillos. Og produsent frå Hellbillies. Med Håvard Hernes som eminent låtskriver og vokalist. Popmusikk med litt americana-tendensar.
Spotify

Josh Ritter “Sermon on the Rocks", fronta av ein av årets beste låtar,”Getting Ready To Get Down”, visar Ritter med denne plata at han er ein av dei største americana-(og litt poprock)artistene der ute. Der inne. Der borte. Der oppe. Ja, du skjøner. Spotify

The Sonics “This Is The Sonics”, jøss. 49 år sidan forrige plate, med tre av originalmedlemma om bord. Og nesten like tøffe i trynet som tidlegare. Årets overrasking. Spotify

Alabama Shakes “Sound & Color”, andreplata til Brittany Howard og bandet er også til tidsrom ein manifestasjon av heidundandre sørstatsrockesoul. Men også mykje varare parti er det nok av. Spotify

Thunderbitch “Thunderbitch”, og sjølvsagt må Brittany Howards ha eit sideprosjekt. Litt råare og meir uvørent enn AS. Men eigentleg ikkje så ulikt. Spotify

Kamasi Washington “The Epic”, om du treng litt jazz i 2015, er Kamasi din mann. Også på trippel vinyl og CD. Spotify

The Church “Further Deeper”, Steve Kilbey og bandet opprettheld magien som oppsto for nærare 35 år sidan. Den har tydelegvis blitt godt kultivert. Spotify

Steve Wynn “Benedikt’s Blues”, Wynn leverar med dette albumet eit råsterkt lydspor til den norske TV-serien “Dag”. Ørlite rundare i kantane i forhold til dei siste platene. Men likevel suverent som Wynn vanlegvis er. Spotify

Destroyer “Poison Season”, melankolsk singer/songwriter med mykje på hjartet. Mye strykarar nokre stadar, diskrete blåsarar andre stadar. Fin blanding av lågt og høgt tempo. Og ein fullblods 70-tals Springsteen-rockar i “Dream Lover”.

Spotify

Dave Rawlings Machine “Nashville Obsolete”, David Rawlings og Gillian Welch er på denne plata meir seriøse enn tidlegare. I følgje dei sjølve. Men om dette er lyden av verkeleg seriøs folk og americana, så seier eg berre kjør på. Musikk blir berre tidvis meir nydeleg enn dette. Spotify

Punch Brothers ‎”The Phosphorescent Blues”, årets utgjeving frå brørne er deira mest varierte så langt. Med ei blanding av bluegrass, visesang, jazz og klassisk musikk. Spotify

Car Seat Headrest “Teens Of Style”, Brooklyn-band leia av Will Toledo leverar fuzz-driven indiepowerpop. Litt, for ikkje å seie mykje ungdommeleg råskap frå New York, der altså. Spotify

Keith Richards “Crosseyed Heart”, her høyrast Richards tidvis ut som den blues-kjempa og innovatøren han eigentleg er. Som leverar ein dobbel-LP i både Stones’ og bluesen sitt teikn. Til og med med litt reggae blanda inn, og folk. “Goodnight Irene”. Denne plata et for min del ca. 100 gongar betre enn forventa. Spotify

Mackenzie Scott sitt andre album under namnet, Torres, “Sprinter”. Og der debuten hennar frå 2013 var lågmælt og folk-orientert, er denne meir i el-gitarane og fuzzen sitt teikn. Med enkelte tilbakeslag. Også det fungerar særs bra. Spotify

Kurt Neumann førar BoDeans-namnet vidare på “I Can’t Stop”. Litt annleis utan Llanas, og det kan jo dermed ikkje bli heilt optimalt. Men eg klarar ikkje å la være å like det. Og tru det eller ei. Denne plata finn du hverken på iTunes eller Spotify. Kjøp her

Andrew Bryant “This Is The Life”, trommeslagaren frå Water Liars er ute med sitt fjerde soloalbum. Flott lågmælt low-fi, indie, alt.country, whatever. På si eiga måte heilt nydeleg. Spotify

Mikal Cronin “III”, oppsummering: Pop/Rock, Alternative/Indie Rock, Alternative Pop/Rock, Garage Punk. Cronin står denne gongen bak det meste av musiseringa. Pluss hjelp frå mellom anna ein strykekvartett. Der Cronin sjølv skreiv alle arrangementa. Imponerande! Spotify

Diamond Rugs “Cosmetics”, indierockens svar på The Traveling Wilburys, deira påstand, ikkje mi, fortset i same flotte stil som på debuten. Med medlemmar frå Deer Tick, Black Lips, Dead Confederate, Los Lobos og Six Finger Satellite er det berre nødt til å bli rølpete. Og tøft. Spotify

Porter “This Red Mountain”, frontmannen frå Back Row Baptists og Some Dark Holler. Og hans solodebut produsert av Will Johnson frå Centro-Matic avvik ikkje så mykje frå hans tidlegare eskapader. Spotify

The Decemberists “What A Terrible World, What A Beautiful World” Dei oppheld seg framleis i det americana-landskapet dei omfamna for fullt på “The King Is Dead” frå 2011. Stadig like nydeleg. Spotify

Roger Lion “Roger Lion”, Joe Pernice (han, ja) og Josh “Budo” Karp lagar akustisk musikk for ei Hip-Hop-verd. Kva no det måtte bety. For meg er det barokk, nærast elektronisk popmusikk, med lite Hip-Hop og powerpop. Utan å ha høyrt Budo tidlegare, vil eg tru at det er Pernice som er lengst unna komfortsonen sin. Spotify

Grey Lands “Right Arm”, endå litt kanadisk indierock. Med gode melodiar, frå Lo-Fi til det meir brautande. Men heile tida ei god lytteoppleving. Spotify

The Orange Humble Band "Depressing Beauty”, årets beste mannskap:
Darryl Mather; Lime Spiders og Some Loves, Dwight Twilley, Jon Auer og Ken Stringfellow; Posies, Jody Stephens; Big Star, Bill Pitcock IV; Dwight Twilley, Spooner Oldham
og Mitch Easter. Nøyaktig så barokt og powerpoppa som ein skulle tru.
Spotify

Promised Land Sound “For Use And Delight”, kosmisk amerikansk musikk. Litt Buffalo Springfield og The Byrds, av samme kaliber som dei samtidige Beachwood Sparks. Spotify

Ryan Adams “1989”, Adams spelte inn Taylor Swift sitt album frå 2014 på sin måte. Og det kunne jo ikkje bli feil. Spotify

Saintseneca “Such Things”, plate nr. tre frå Columbus, Ohio-bandet. Frå rolege folk-aktige parti til meir reine utblåsingar i same sjanger. Årets Baptist Generals og litt Frightened Rabbit.
Spotify

Blue Blood “This Is The Life”, nydeleg southern gothic frå Athens, Georgia. Opphav
smann Hunter Morris brukte eit år på å skrive ein flugefiske-guide for ørretelvane i Nord-Georgia. Og lage låtane til denne plata. Ein vinn/vinn-situasjon. Spotify

Amund Maarud “Volt”, det var ikkje så mykje blues att på Maarud si 2015-utgjeving. Noko den vel fortente Spellmannsprisnominasjonen i klassen Rock sler fast ganske ettertrykkeleg. Platemelding Spotify

Big Quiet “Big Quiet”, som om R.E.M. og The Bangles skulle slått pjaltane sine saman på 80-talet. Og “skitna” det litt til. Spotify

Micah Schnabel “Not The Boy You Used To Know”, “berre” ein EP, men du verden. Two Cow Garage-vokalisten imponerar når han legg ut på eigen hand. Litt annleis, litt akustisk. Men umiskjenneleg i gata til moderbandet.
Bandcamp

Au Pair “One Armed Candy Bear”, er kjærleiksbarnet til Gary Louris (The Jayhawks) og Django Haskins (The Old Ceremony). The Everly Brothers møter Pink Floyd er inga dum beskriving. Spotify

Cody Jinks “Adobe Sessions”, solid 2015-country. Litt Waylon, litt Sturgill. Med sterke låter og ei sterk stemme. Spotify

GospelbeacH “Pacific Surf Line”, vestkystrock-supergruppe med utgongspunkt i Beachwood Sparks. Med alt.country-helten Neil Casal på laget. Med powerpophelten og Brian Wilson-musikaren Nelson Bragg i kulissane. Spotify

The Bottle Rockets “South Broadway Athletic Club”, bandets tiande plate og den første studioplata på seks år høyrast ut som alle dei føregåande etter debuten 1993. Heldigvis. Det einaste som er forskjellig er låtane. Og med Hennemann bak rattet, er sjølvsagt kvaliteten på topp. iTunes

Drew Holcomb & the Neighbors “Medicine”, flott folk-pop med countrysmak. Ein særs behageleg lytteoppleving, som av og til aukar trykket. Som på “Shine Like Lightning”. Spotify

Pollies “Not Here”, Muscle Shoals-bandet har skifta plateselskap sidan den tre år gamle nærast geniale debuten. Og det gjør jo ikkje noko. Årets utgjeving er bortimot like god.
Spotify

Spirit Family Reunion “Hands Together”, flott oppfølgjar til “No Separation” frå 2013. Bluegrass av høgste kvalitet levert av den nye, unge generasjonen tradisjonsberarar. Bandcamp

Roadside Graves “Acne/Ears” stødig miks av americana, alt.country og folk. Med andre ord: americana der altså. Med nokre få litt kjappare unntak. Flott band frå New Jersey.
Spotify

Evan Phillips “Silhouettes”, ut av skogane i Alaska og skugga til Tim Easton i Easton Stagger Phillips kom denne flotte, tidvis lågmælte, Americana-perla. Oppdaga av alle stadar på Linkedn. Ei teneste eg elles brukar like mykje som Ello. Spotify

Alex Bleeker & The Freaks “Country Agenda”, om du treng ein dose 70-tals west coast/Grateful Dead produsert i 2015, er Real Estate-bassist Bleeker din mann. Spotify

Mountain Goats “Beat The Champ”, det femtande albumet frå John Darnielle med venar er eit konseptalbum. Som omhandlar profesjonelle brytatar Darnielle beundra når han var yngre. Musikalsk er det denne gongen indierock i alle valørar. Ofte med pianoet i fokus. Spotify

Line & Circle “Split Figure”, nok eit band som dreg inspirasjon frå R.E.M. ca. 83-84. Og av det kjem det ei suveren plate. Spotify

Courtney Barnett “Sometimes I Sit and Think, and Sometimes I Just Sit”, det etterlengta debutalbumet frå Australia. Singer/songwriter med pigger. Indierock. Kall det kva du vil. Bra er det uansett. Spotify

Sink Tapes “Creases”, New Jersey-band med inspirasjon frå den rette sida av 80-talet. Som til dømes R.E.M. og The Replacements. Kanskje litt for langt, 25 låter, der halvparten er demoar. Men veldig bra i passelege dosar. Spotify

The Figgs “Other Planes Of Here”, bandet som meir og meir framstår som arvtakarane etter NRBQ og The Skeletons. Som fanebærarar av delar av den amerikanske musikktradisjonen. Spotify

Born Ruffians “Ruff”, kanadisk indierock av det solide slaget. Ontariobandets fjerde utgjeving under dette namnet. Ein kanadisk utgåve av Frightened Rabbit. På ein måte. Spotify

Mac McCaughan “Non-Believers”, soloplate frå Superchunk-vokalisten. Der han spelar stort sett alt sjølv. Plata er litt mindre intens og inyourface enn bandplatene. Men er likevel, i kvart fall for meg, vel verdt å skaffe seg. Spotify

2015 var året då HP Gundersen gjekk full Westcoast med The Last Hurrah! På den flotte plata “Mudflowers”. Gundersen flytta óg til den amerikanske vestkusten. Spotify Spotify

Mykje sinne i Wavves, eller Nathan Williams, på årets utgjeving, “V”. Botnar visstnok i avvikande oppfatningar frå plateselskapa sine. Samma det, litt sinnapunk er aldri å forakte. Spotify

Brian S. Cassidy “Alpine Seas”, endå meir alt.country indierockpop. Denne gongen frå ein Okkervil River-hjelpar. Spanande og flott. Spotify

The Old Ceremony "Sprinter”, litt smågotisk, noir-aktig poprock frå Nord-Carolina. Så langt ukjende for meg, men dette er bandets sjette plate. Spotify

Sarah Shook & The Disarmers “Sidelong”
Nesten så ein skulle tru at Lone Justice hadde starta opp att. Spotify

The Mavericks “Mono”, etter å vore vekke i 10 år, har dei no utgitt to album i løpet av to år. Årets album er av ein eller anna grunn i mono. Utan at det gjør noko med bandet. Raul Malo leverar som vanleg ein blanding av tex mex, country, pop og rockabilly. Ein kvalitet milevis frå det heimbyen deira, Nashville, leverar av musikk for tida. Spotify

Benchmarks “American Night”, dette er det nyaste prosjektet til Todd Farrell. Lydteknikar, ekstragitarist i Two Cow Garage og mannen bak to flotte EP-ar i 2012 og 2013. Dei får sin oppfølgjar her med nok ein EP. Og som tidlegare tykkjer eg å høyre Tom Petty og Drive-By Truckers i musikken til Farrell og Co. Og TCG. Sistnemnde kanskje ikkje så rart sidan Micah Schnabel frå nemnde band deltek på ein låt. Spotify

Great Peacock “Making Ghosts”, Nashville-duoen syslar framleis med Southern/Folk/Pop. Og debutplata deira blei for meg ei av dei beste i 2015. Spotify

Tedo Stone “Marshes”, gitarar og volum er skrudd opp på årets utgjeving. Utan at det fjernar Stone sitt særpreg. Til det er stemma for gjenkjenneleg. Spotify

Nick Ferrio “Amongst the Coyotes and Birdsongs”, det er framleis overtonar av country over Ferrio, men ikkje så mykje som på den snart fire år gamle “Nick Ferrio & His Feelings”. Denne er mykje rolegare og ligg nærast folk. Men bra er det likevel.
Bandcamp

Boz Scaggs “A Fool To Care”, etter omtrent 50 år som plateartist leverar Scaggs blues og soul i like solid tapning som tidlegare. Denne gong med hjelp frå mellom anna Bonnie Raitt og Lucinda Williams. iTunes

Rhett Miller with Black Prairie “The Traveler”, Black Prairie er mellom anna Decemberist-medlemmar Chris Funk og John Moen; og Peter Buck (R. E. M. ) og Scott McCaughey (The Young Fresh Fellows, The Minus Five og The Baseball Project. Sistnemnde saman med Buck). Utan at det eigentleg spelar nokon rolle. Dette er umiskjenneleg Miller. Og det er bra. iTunes

Kurt Vile “b’lieve i’m goin down”, auka banjofaktor. Litt meir piano. Meir folkinspirert. Men framleis Vile slik vi har lært å kjenne han. Lange, til tider svevande låter, med Vile sin rolege, laidbacke stemme. Denne plata fåes også som eit trippelalbum på vinyl. Om du treng det. Spotify

Titus Andronicus “The Most Lamentable Tragedy”, 29 spors rockeopera. Med old school punk, hardcore punk, straight rock, stadionrock. Ytterpunktene er mange. Ei plate så variert at det er vanskeleg å gå lei. Finnes også denne på trippel vinyl. Spotify

Ike Reilly “Born On Fire”, soulinspirert straight rock. Ein rock’n’roll trubadur som er ein hybrid av Springsteen, Dylan og Stones. Faktisk. Berre høyr sjølv, og ein skjønar kva eg meiner. Spotify

Sufjan Stevens “Carrie & Lowell”, Stevens har aldri gjort så mykje av når det gjeld lyd. Om ein bort frå ein del eksesser med orkester på tidlegare plater. Årets utgjeving er av det stillfarne slaget. Med ein del verkeleg store låter. Som til dømes “Should Have Known Better”. Spotify

Luke Elliott “Dressed For The Occasion”, årets store norske sensasjon sto ein amerikanar for. Ikkje mine ord, men mannens stemme og låter har utvilsomt høg kvalitet. Satt i bås med Cave, Cohen og Waits. Med andre ord småmørkt. Spotify

Leon Bridges “Coming Home”, 2015 bød på fleire flotte soultgjevingar. Bridges frå Fort Worth i Texas fekk ein fortjent stor slagar med tittelmelodien frå denne plata. Spotify

Saun & Starr “Look Closer”, ein annan flott soulplate er denne. Opphaveleg bakgrunnsvokalistar for Sharon Jones, no på eiga hand. Og eit flott nytt tilskot til Daptone-familien. Spotify

Ezra Furman “Perpetual Motion People”, årets heftigste blanding av folk, blues, straight rock’n’roll og doowop. Som til dømes på “Lousy Connection”, ein av årets beste låter. Spotify

Dwight Yoakam “Second Hand Heart”, Yoakam har for så vidt laga same plata sidan 1985. Med små justeringar. Samma det, eg føretrekk at Yoakam høyrast ut som Yoakam. Han lagar uansett framleis sterke låter. Spotify

Mark Utley “Bulletville”, mannen med den flotte stemma gir ut sin andre soloplate, berre litt under to år sidan debuten. Og til liks med “Four Chords and a Lie” er det meir tradisjonell countrymusikk som gjeld. Tradisjonell som til dømes George Jones, Merle Haggard og Willie Nelson. Men også eit av dei siste åras stjerneskot innan sjangeren, Sturgill Simpson. Platemelding Spotify

PJ Bond “Where Were You?”, plate nr to som ikkje gjør noko stort nummer av kva han driv med. Singer/songwriter av første klasse. Spotify

Larry Campbell & Teresa Williams “Larry Campbell & Teresa Williams”, etter å ha vore musikar for Greg Trooper, Bob Dylan, Keith Richards. Då snakkar eg om Larry Campbell. For å nemne nokon, platedebuterar denne duoen endeleg. Åtte originalar og tre coverversjonar. Ei fantastisk plate som fortenar eit større publikum. Spotify

Futurebirds “Hotel Parties”, litt country, litt sørstatsrock, litt psychedelis, litt 70-talstock. Med andre ord ein slags vindskeiv form for americana. Suverent! Spotify

Helldorado “Volume One”, våre vener frå Rogaland tok eit lite sidesteg med ein 6 spors EP med coverlåter

. Av mellom anna Chris Isaak og Roky Erickson. Spotify

Brandon Schott “Crayons & Angels”, den Los Angeles-baserte singer/songwriter/multi-instrumentalisten popmusikk i anda til Brian Wilson, Badfinger og Jellyfish. Spotify

Aaron Lee Tasjan “In The Blazes”, litt country, litt blues, litt groovy sørstatsrock, litt Tom Petty, litt The Band. Veldig mykje å like. Spotify

Jimbo Mathus “Blue Healer”, musikalsk er dette kva eg vil kalle standard americana. Ikkje noko nytt og banebrytande her. Berre ei rad glimrande låtar. På mannens tolvte album. Spotify

Joe Ely “Panhandle Rambler”, heller ikkje ein artist som treng introduksjon. Har følgt han sidan starten på slutten av 70-talet. Og har sjelden vorten skuffa. Spotify

Peter Case “HWY 62”, “I gave up cigarettes, I’m waiting on a plane”. Gjør vi ikkje alle det? Det som er fint med Case er at han eigentleg ikkje har forandra seg sidan debuten for 30 år sidan. Han er den same tribaduren med dei sterke låtane.
Spotify

The Deslondes "The Deslondes”, band frå New Orleans, Louisiana.Som speler blues, country, rock ‘n’ roll, bluegrass, R&B og gospel. Ikkje samtidig sjølvsagt, og dette er ei suveren oppvising av Anerican Music i forskjellege nyansar. Spotify

Emmylou Harris & Rodney Crowell “The Traveling Kind”, ein duo som ikkje treng nokon nærare presentasjon. Eller tvil om at dei leverar 100%. Kvar gong. Spotify

James McMurtry “Complicated Game”, niande albumet sidan debuten i 1989. Og han ikkje forandra seg på dei 26 åra som er gått. Platas zen-augneblink “How’m I Gonna Find You Now”. Banjoinfusert nesten old school rap. Spotify

Reno Bo “Lessons from a Shooting Star”, suveren poprock og powerpop med litt hjelp frå mellom anna Brendan Benson. Som er ein god referanse til denne plat. Spotify

Low Cut Connie “Hi Honey”, eit rock ‘n roll-band frå Philadelphia. Ofte med pianoet “Shondra” som midtpunkt. Visstnok eit fantastisk konsertband. Men slett ikkje verst på plate heller Spotify

Lucero "All A Man Should Do, bandet har blitt softare med åra. Men dei etter hvert godt brukte blåsarane er til stades i godt monn. Og stemma til Ben Nichols vil nok være umogleg å slipe ned. Spotify

Dawes “All Your Favorite Bands”, Lucero leita på årets plate etter Warren Zevon sitt Hollywood. Dawes med Taylor Goldsmith i spissen derimot har gjort det til sin livsoppgåve å leite etter Jackson Browne sitt Los Angeles. Og det går heilt flott, det. Også på bandets fjerde plate. Spotify

The Heavenly States “Hiss”, årets flottaste prosjekt? Trippel vinyl i eit slangeskinn-imitert cover. Så langt ingen CD og nedlasting. Musikalsk snakkar vi inspirasjon frå 60-talet, folkrock og postpunk. Ambisiøst og flott på bandets sjuande album. KEXP.org

Andrew Combs “All These Dreams”, singer/songwriter frå Nashville. Som har forandra seg sia debuten som var meir country. Her er det rolegare, men óg større arrangement à la Phil Spector og Roy Orbison. Spotify

Butch Walker ”Afraid of Ghosts”, den tidlegare leiaren og vokalisten i powerpop-bandet The Marvelous 3 har skapt seg ein solid karriere som singer/songwriter. Dette er hans sjuande utgjeving. Denne gongen i det meir melankolske hjørnet med mykje strykarar. Spotify

Father John Misty “I Love You, Honeybear”, den tidlegare trommeslagaren i Fleet Foxes, Joshua Tillman, leverar varene også på sitt andre FJM-namnet album. Vellydande, nydeleg indie-folkrock. Spotify

Gretchen Peters “Blackbirds”, at Peters blei innlemma i Nashville Songwriters Hall Of Fame 2014, visar at ho har har vekse som låtskriver. Og når ein høyar på “Blackbirds” skjønar ein kvifor. Tekstane er denne gongen mørkare, i følgje ho sjølv. Aldring og død er ikkje akkurat oppmuntrande. Men plata er uansett heilt nydeleg, både vokalt og musikalsk. Spotify

Jason Isbell “Something More Than Free”, Isbell oppnår stadig meir anerkjenning og når ut til fleire, og fleire. Flott då å høyre at han framleis held høg kvalitet på platene sine. Isbell var elles ein av fleire som hjelpte Gretchen Peters på hennar “Blackbirds”. Spotify

Warm Soda “Symbolic Dream”, Matthew Melton og bandet er på tredje plata. Framleis med eit lydbilete som til forveksling liknar The Strokes på “Is This It”. Og nokre fantastiske melodiar. Apple Music

Banditos “Banditos”, nok ein gjeng som er meir eit kraftverk enn eit band. Seks-personarsbandet kjem frå Birmingham, Alabama. Dei miksar i hop det mest positive sørstatane er kjende for. Blues, rock’n’roll, country, soul og rockabilly. Suverent! Spotify

Built To Spill “Untethered Moon”, det er seks år sidan Doug Martsch og bandet gav ut ei plate. Og då er det alltid godt å få servert noko solid. Det er absolutt ingenting som har forandra seg sidan “There Is No Enemy”. Framleis høge, mørke gitarar. Lange låtar. Progrocken for punkarar. Og framleis ein arvtakar etter Television. Spotify

Jesse Malin, “New York Before The War”

Spotify

og “Outsiders” Spotify

framleis rufsete New York-rock med vekt på sterke melodiar. Malin returnerer i 2015 etter fem års fravær med to plater. Spelt inn under dei same studioøktene i 2014 og 2015. Og begge to vel verdt å få med seg.

The White Buffalo “Love And The Death Of Damnation”, Jake Smith som er The White Buffalo har laga ein flott countryplate i gata til Isbell, Stapleton og Simpson. Dvs 99% meir autentisk enn det som kjem ut av musikk frå etablerte amerikanske countryartister. Og no har Smith også fått drahjelp til karrieren frå “Sons Of Anarchy”, der han har vore med fleire gongar.
Spotify

Robert Forster “Songs To Play”, oppfølgjaren til den fine “The Evangelist” frå 2008 er meir tilbalent enn forgjengaren. Ikkje det at den var så utagerande, men her er han stort sett heilt nedpå med minimal instrumentering. Låtmaterialet får uansett denne plata til å tårne høgt. Spotify

Los Lobos “Gates Of Gold”, Los Angeles-sitt første album på fem år høyrast umiskjenneleg ut som Los Lobos. Med litt meir tung blues. Og gitar-eksesser som Neil Young og Jimi Hendrix. Eit band eg aldri blir lei av. Spotify

Dragmatic “At Least We’re Not Dead Yet”, litt vintage 90-tals powerpop har aldri vært å forakte. Verken i 1995 eller 2015. Spotify

Bill Mallonee “Lands & Peoples”, Mallone er med nesten 60 utgjevingar (minst 10 av dei er med det glimrande bandet The Vigilantes of Love) på samvitet nærast ein nasjonalskatt. Ein glimrande artist innan americana-sjangeren. Bandcamp

Craig Finn “Faith In The Future”, Finn sitt andre soloalbum er godt plassert i American Music-segmentet. Frå før befolka av Springsteen, Westerberg, Okkervil River og Drive-By Truckers. Han klarar godt å ha ei solokarriere ved sidan av The Hold Steady. Spotify

Logikal “Stereo Vision”, same melodisansen og dei gode poplåtane, er like mykje til stades no som på dei to platene som kom rundt årtusenskiftet. Og at Aafløy med kumpaner fann tida inne for vinyutgjeving gjorde ikkje akkurat saken verre. Spotify

6 String Drag “Roots Rock ‘n’ Roll”, attende etter 18 års opphald med ein platetittel som seier det meste. Inspirasjonen ligg tydelegvis på 50- og 60-talet. Som Everly Brothers, Little Richard og Bobby Fuller Four. Ikkje som forventa frå det flotte 90-tals alt.country-bandet. Men likevel, slett ikkje verst. Spotify

Wholy Martin “Beautiful Night”, herleg mørk og atmosfærisk rock. Film Noir om du vil. Bandet som eigentleg er Helge Martin Framnes frå Haugesund, har vore ute av rampelyset ganske lenge no. Men gjør eit solid comeback her. Spotify

Bäddat För Trubbel “Två sjundedelar av ett liv”, svensk gladpunk med låter på eitt til to minutter kan aldri bli feil. Nostalgisk? Kanskje, men pokker så bra. Spotify

Wilco “Star Wars”, plata som blei lista ut sist haust, kom etterkvart i fysiske format. Tweedy og bandet er som alltid lett gjenkjennelege. Stort sett alltid melodiøse og fine, aldri med thereminen langt unna. Men også augneblink med litt avantgarde-faktor. Spotify

Royal Headache “High”, punk og new wave kan høyrast ny og spanande ut i 2015. Disse karane kjem frå Australia og høyrast til tider ut som The Buzzcocks. Spotify

CC Cowboys “Til Det Blir Dag”, ikkje så fresh som i 1990-utgåva. Meir den ettertenksame 1994-utgåva, med mykje blåsarar. Men som det meste anna dei har gitt ut, liker eg det. Spotify

Glen Hansard “Didn’t He Ramble”, Hansard har holdt på med litt av kvart sidan han slo gjennom med The Commitments for 25 år sidan. Men dette er berre hans andre soloalbum. Han klarar seg godt som singer/songwriter òg. Med ei flott og variert plate. Spotify

Tom Russell “The Rose Of Roscrae – A Ballad Of The West”, årets utgjeving frå Russell var noko så ambiøst som ein to og ein halv times country-folk-opera. Med ein rad meriterte gjestar, både levande og i arkivopptak. Vel verdt å sette seg inn i! Les Spotify

Donnie Fritts “Oh My Goodness”, Muscle Shoals-bakmann kom med si fjerde soloplate i ein alder av 73. Musikalsk læt dette som ei blanding av The Band og Randy Newman. Sagt på ein enkel måte. Spotify

Sam Outlaw “Angeleno”, Sam Morgan, som er hans eigentlege namn. Han speler Southern California-country, og produsent Ry Cooder har sørgja for at knapt blir meir country enn dette. Spotify

Will Johnson “Swan City Vampires”, årets finaste blanding av kvit støy og folk-musikk. Lite av det første heldigvis, mykje det siste. Til tider i ei salig blanding med Crazy Horse-komp i botnen, også med flerrande sologitarar. Bandcamp

Webb Wilder “Mississippi Moderne”, mannen som snart feirar 30-års-jubileum. Han pleier å dukke opp att før eg rekker å sakne han, men ikkje meir enn akkurat. Den litt meir bluestunge plata kom seks år etter den førre. Spotify

Justin Townes Earle “Absent Fathers”, oppfølgjaren til “Single Mothers” fortsetter å vise den nye Earle. Gift, edru, rusfri og ydmyk. Gode plater lager han også. Spotify

American Aquarium “Wolves”, B.J. Barham og bandet treng inga introduksjon. “Wolves” konsoliderar meir enn å utvikle bandet. Veldig bra Americana er det uansett! Spotify

The Tallest Man On Earth “Dark Bird Is Home”, Kristian Matsson, som er hans fulle namn tar første gong steget ut. På din fjerde plate brukar han nesten fullt band på fleire låtar. Eit for han utvida folkmusic-begrep. Spotify

Turnpike Troubadours “Turnpike Troubadours”, Red Dirt-bandet leverte som på dei to første platene, tøff rocka countrymusikk. Spotify

Sleater-Kinney “No Cities To Love”, etter eit fråvær på 10 år returnerer eit av dei opphavelege riot grrrl-banda. Og er nesten like, for ikkje seie meir, forbanna no som i 1995. Dei har levert ei monumental comeback-plate. Spotify

Beach Slang “The Things We Do To Find People Who Feel Like Us”, ein finn knapt meir støyande kjærleikslåtar enn ni av låtane her. “Too Late To Die Young” er kvileskjæret blant dei høgoktane rockelåtane. Eit herleg album! Spotify

Jim White vs The Packway Handle Band “Take It Like A Man”, Jim White skulle eigentleg produsere den nye plata til The Packway Handle Band. Istadenfor blei det eit samarbete. Like greit det, det er uansett ei god fornøying å høyre White og hans til tider aparte tekstar med bluegrasskomp. Spotify

Mandolin Orange “Such Jubilee”, nydeleg folk/visepop frå North Carolina-duo. Med flotte låtar, mandolin, fiolin og mykje nydelege harmoniar. Spotify

Odd Nordstoga “Dette landet”, og sjølvsagt kom Nordstoga med ei flott plate i fjor. Breifull av det som har gjort han stor. Sterke låtar med, i mine øyro, sinnsykt sterke og kjenslevare framføringar. Spotify

William Duke “The Dark Beautiful Sun”, suveren popmusikk, bittelitt køntripop, powerpop og, ja du skjønar. Eg trengte berre å høyre opningslåten, “The Golden Ring”, for å bli hekta. Ei av årets absolutt beste plater. Bandcamp/Vinyl

Jeff Lynne’s ELO “Alone in The Universe”, sjuande far i poprock- og powerpophuset gav ut sitt første album med nytt egenskrive materiale på 25 år. Og har du berre gått og dingla, og sparka stein heile tida, er fallhøgda stor. Men; vi som har lengta etter denne plata, trengte så visst ikkje å bekymre oss. Spotify

Brent Best “Your Dog, Champ”, Slobberbone-leiaren sitt første soloalbum hadde ein trang fødsel. Det var under produksjon i bortimot 10 år. Kjentest det ut som, og nyheita om at det var klart for utgjeving blei nærast møtt med vantru av fansen. Men plata kom ut den, akkurat så fantastisk som det var lov å håpe på. Og litt til. Vi snakkar trass alt om ein av føregongsmenna innan alt.country-sjangeren. Spotify

Joey Kneiser “The Wildness”, litt det same som seiast om Best kan seiast om Kneiser og hans eigentlege solodebut. Vokalisten i Glossary driv nesten i same bransje. Alt.country-bransjen, altså. Men Kneiser og Co ligg litt meir mot soul og rock. Og det gjør nok Kneiser solo óg. Men med den same inderligheita i botn. Attitude og passion som det kallast på godt norsk. Spotify

Dana Swimmer “Glacier”, denne kom seint, men godt. Fifin oppfølgjar til debuten frå 2014. Og vi snakkar framleis om southern indie. Spotify

Chris Stamey “Euphoria”, nok ein powerpopkjempe som eigentleg har vore her heile tida. Han er berre ikkje alltid like lett å få auge på. Men han høyrast like bra ut som han har gjort dei nesten 30 siste åra. Spotify

Will Hoge “Small Town Dreams”, USA sett frå The Heartland. Og han lagar songer om den amerikanske middelklassen. Noko han ikkje er blitt dårlegare til med åra, progresjonen er så bra at det ikkje er noko grunn til å slutte å følgje med. Spotify

Dave & Phil Alvin “Lost Time”, og her høyrast det sjølvsagt ut, som på “Common Ground” frå 2014, at The Blasters er gjenforeint. I kvart fall på dei låtane der Phil har vokalen. Spotify

Bully “Feels Like”, endå meir utaggerande rock. Berre hakket under Kim Shattuck og The Muffs. Bully held tramleis skitten sin betre saman enn Muffs. Men gje dei litt meir tid. Spotify

Julie Willumsen “Puslespill”, plate nummer tre frå Willumsen, og den andre på norsk. Denne gongen er tekstane og innhaldet, litt meir trist og alvorleg. Platen er inspirert av sjukdom, demens, i nær familie. Usigeleg trist, men samtidig veldig vakkert. Spotify

Have Gun, Will Travel “Science From An Easy Chair”, det høyrar til sjeldenheitane at det lages country- og folk-plater om vitenskap. Men dette konseptalbumet er basert på den britiske oppdagaren Sir Ernest Shackleton, og hans forsøk på å krysse sydpolen i tidsrommet 1914-16 No mislukkast ekspedisjonen, men plata er særs god og vellukka. Spotify

Razika “Ut Til De Andre”, nydeleg plate! Blir nesten nostalgisk når eg nok ein gong høyrar Razika si blanding av new wave og ska. Betre spilt enn nokon gong. Forfriskande og moderne. Spotify

Evig Din For Alltid “Tilbake Til Byen”, ei tyngre, mørkare og litt eldre utgåve av supergruppa. Men eg fann ikkje nokon mindre grunn til å like dette prosjektet, som no har gitt ut tre flotte plater. Kom gjerne med fleire. Spotify

Wreckless Eric “amERICa”, dei gamle er stadig eldst. Og Eric Goulden, som er hans eigentlege namn, gjer seg ikkje. Til neste år er det 40 år sidan han platedebuterte med den klassiske singelen “Whole Wide World”. Etter nokre plater saman med kona Amy Rigby, er det no igjen på tide med ei ny soloplate. Og vel vi alle blitt eldre, men tykkjer han leverar bra. Han gjør ikkje skam på seg sjølv for å seie det sånn. Spotify

Steve Forbert “Compromised”, nok ein artist som har holdt på lenge. Og som for så vidt har gitt ut plater nesten heile tida. Bra plater. Og framleis gjør det. Kom gjerne med fleire. Spotify

Finn Coren “På jorden et sted – utvalgte nordiske dikt", på årets plate utvida Coren antall diktere frå ein (Hauge respektive Bjørneboe) til fleire. Nærare bestemt 15 norske og svenske dikt, mellom anna Pär Lagerkvist og Herman Wildenvey. Og som vanleg fantastisk nydeleg. Spotify

Chris Stapleton “The Traveller”, ein av årets countrysensasjoner. Som nemnes i same andedrag som Sturgill Simpson og Jason Isbell. Og fortent så. Spotify

My Morning Jacket “Waterfall”, Jim James og bandet fortset å lage plater med sine store, og for bandet, karakteristiske, lydbilete. Eksperimentell, psykedelisk countryrock. Spotify

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s