Rapport frå Platearbeidaren sitt ekkokammer. Staden der sjølvrespekta kjem for å døy. Plater verdt å skaffe seg frå 2016. (For meg i kvart fall) Band og artistar frå Noreg, Finland, Sverige, Storbritannia, Canada og USA.

  TOPP 10

1. PINEGROVE “Cardinal”

I mine øyro har New Jersey-bandet gitt ut årets beste plate. Ikkje akkurat årets lengste epos, men godt foran alt anna når det gjeld kvalitet. 

Spotify

2. YOUNG MISTER “Young Mister”
Kan vanskeleg se for meg eit meir perfekt og vellydande popalbum enn dette dei siste åra. Åtte låtar med perfekt pop. Med eit band der Steven Fiore er einaste faste medlem. 

Spotify

3. TIM EASTON «American Fork”

Easton fann igjen ut at tida var inne for å gjøre det Easton gjør best. Være Singer/songwriteren Tim Easton. Ei forholdsvis kort plate på åtte låter (short is the new wine), men for nokre låter den mannen leverer!

Spotify

4. CODY JINKS “I’m Not The Devil”

Amerikansk countrymusikk i leia til Sturgill Simpson og Morgan Whitey. Med like høg kvalitet som disse to, samme meir konvensjonelle innfallsvinkelen til musikken som dei. 

Spotify

5. WOODS “City Sun Eater in the River of Light”

Ja, det må eg seie. Det er ikkje ofte eg oppdagar noko bra som allereie har åtte(!) utgjevingar på samvitet. Men for ein gongs skuld let eg vere å gå ned i det kaninholet. Musikken på årets utgjeving er uansett ei blanding av folk, country, soul, psykedelia og easy listening. Sånn omtrent. 

Spotify

6. LUCINDA WILLIAMS “The Ghosts of Highway 20”

Innspilt samstundes med “Down Where the Spirit Meets the Bone”, men med ei plate mindre denne gongen fekk vi eit dobbeltalbum. Utan at det gjer noko, eg blir aldri lei Williams si blanding av blues og country. Hjelpt fram av Bill Frisell og Greg Leisz. Toppa av den meir og meir gutturale stemma til Williams. Ho gjør også ein sterk versjon av Springsteen sin “Factory”. 

Itunes

7. COTTON MATHER “Death of the Cool”

Det er ofte ein snakker om legendar innan musikk, men her kjennes det riktig ut. I kvart fall innan powerpop. I tillegg til sitt første nye album på 15 år, fekk Robert Harrison og bandet endeleg ut “Kon Tiki” frå 1997 på vinyl. 

Utan at det er til forkleining for årets album. Austin-bandet leverar framleis powerpop av høg klassse. 

Spotify

8. JOHN K. SAMSON “Winter Wheat”

Kanadiaren med ei fortid i Propgandhi og The Weakerthans er ute med sitt andre soloalbum. Og igjen meir roleg og nedpå. Denne gongen er plata på ein del låter inspirert av Neil Young sin “On The Beach”. Og det høyrast, men det framleis kvalitetane til Samson som er behaldninga her. 

Spotify

9. THE FELICE BROTHERS “Life in the Dark”

Må seie at eg mista litt av sikten på The Felice Brothers på “Celebration Florida”, gitt ut i 2011. I mine øyre eit mislukka forsøk på å modernisere lydbiletet. “Favorite Waitress” tre år seinare retta heldigvis opp att det dårlege inntrykket eg hadde av brørne. Og no endå to år seinare, kjennest det endeleg ut som dei er attende i full form.

Spotify

10. MRS. MAGICIAN “Bermuda”

Røff 60-tals-inspirert garasjerock utan dei altfor skarpe kantane. Eigentleg meir over mot powerpopen som den var på 70- og 80-talet. Men genuint nok med tidsriktig orgel og sterke låtar. 

Spotify

+ 10: Frå her og ut rådar kaos. 

POWERPOP, POP, POPROCK, PSYKEDELIA ETC. 

CHEAP TRICK «Bang, Zoom, Crazy… Hello”

Eit av banda ein ofte peikar på når ei skal forklare fenomenet powerpop. Sjølv om 2016-utgåva av bandet ikkje er like skarp som tidlegare, er eg glad for at tre av originalmedlemmane framleis gir ut musikk. 40 år etter starten. 

Spotify

EMITT RHODES “Rainbow Ends”

Rhodes startar opp att platekarrieren sin etter 43 år(:-) Og som det ikonet han er innan pop og powerpop er det sjølvsagt mange som vil hjelpe til. Mellom anna Jon Brion, Susanna Hoffs og Aimee Mann. Mannens storheit er framleis til stades på hans femte plate

Spotify

LOOK PARK “Look Park”

Like mykje ei supergruppe som fortsettinga på The Fountains Of Wayne. Chris Collingwood frå FoW på gitar og vokal, produsent og keyboards Mitchell Froom; pluss musikarane Davey Faragher, Michael Urbano og Mike Viola. Men akkurat det at Collingwood syng gjør dette over gjennomsnittet interessant. 

Spotify

CHRIS FARREN “Can’t Die”

Mannens eigentlege solodebut, (han har gitt ut ei juleplate, men den treng du ikkje å høyre) er powerpop inspirert av The Magnetic Fields og Belle and Sebastian. Noko kort, men av høg kvalitet. 

Spotify

THE LEGAL MATTERS “Conrad”

Powerpop frå Chris Richards og The Legal Matters. Denne gongen endå meir pop. I anda til Big Star og Badfinger, denne gongen på eit litt større plateselskap. Eg får håpe at Omnivore Recordings er eit nytt steg på vegen. 

Spotify

RYAN ALLEN “Basement Punk”
Når ein ser tittelen her skjønar ein at den godaste Allen vil lure oss til å tru at han er tøffare enn han er, men i beste fall snakkar vi om popunk. Eller powerpoppunk. Men trass i forsøket på lureri, dette er fantastisk bra. Ein årets beste utgjevingar innan sjangeren. 

Spotify

DEAD STARS “Bright Colors”
Nok eit band med inspirasjon frå seint 70-tal. Men ikkje så mykje punk her heller, kanskje postpunkpowerpop? Bra er det uansett. 

Spotify

SOMERDALE “Shake it Maggie”
New Jersey-powerpop med gitarane stilt jamnt over på 9. Med meir enn ein teint av 70-talet. Melodiføring og vokalharmoniar frå øverste hylle.

Spotify

THE LEES OF MEMORY “Unnecessary Evil”

Ut av restane av mellom anna Superdrag fekk vi denne deilege blandinga av powerpop og syrerock. Eit litt blidare band med litt meir farge i kinna enn på debuten frå 2014. 

Kjøp den digitalt her

DEATH BY UNGA BUNGA “Pineapple Pizza”
Mossigane har røffa opp att stilen sidan førre gongen og tatt vekk dei litt meir sofistikerte elementa (les: blåsarane). Men veit framleis å trylle fram gode låtar, om dei har byrja å bråke litt meir igjen klarar ikkje det å dekke over den høge kvaliteten på låtane. Garasjerock med snert og god melodikjensle. 

Spotify

PURSES “Obsess Much”
The District Attorneys sin flotte “Slowburner” frå 2012, har vi fått i kvart fall ein delvis oppfølgjar. Ein kontinuitet ivaretatt av vokalist Drew Beskin og Frank Keith IV. Spesielt vokalen gjør det lett å høyre kven vi har å gjøre med.

Spotify

ERIC BACHMANN “Eric Bachmann” 
Med ei fortid i Archers of Loaf og Crooked Fingers, og drar dermed veksler på 90-tals indierock og indie-americana frå 2000-talet. Fin gjennomført pianobasert pop. 

Spotify

GLEESON “Curse My Lucky Stars”
Pop/powerpop med sterke band til Austin-bandet Grand Champeen. Som lå (ligg?) i det hardare segmentet. Gleeson har meir til felles med ELO enn disse. Men dei kan framleis å trå til. 

Spotify

BRIAN WHELAN “Sugarland”

Tidlegare gitarist for Dwight Yoakam, men på eigen hand er det igjen powerpop som gjeld.Sjølv om tittelen på opningslåten, “Americana”, antydar noko anna, er det berre mindre innslag av nettopp Americana. Litt banjo her og litt fele der. Men ellers, powerpop med ein viss helling mot westcoast. 

Spotify

NADA SURF “You Know Who You Are”
Nada Surf leverar det dei skal levere. Alternative, indierock, powerpop, musikk som sender meg rett i stand-by. Musikken får meg til å finne roen uansett kor utagerande mr. Caws og bandet prøver å være. 

Spotify

BUN E. CARLOS -“Greetings From Bunezuela”

Ein ganske så eklektisk gjeng, der altså. Til liks med låtutvalet som alle er coverversjonar. Av mellom anna The Rolling Stones, Them, Paul Revere and the Raiders, Bob Dylan, The Who, Bee Gees. Etter forholda ganske trygt. Men han ovverraskar mot slutten ved å gi plata ei norsk vri. I form av Fra Lippo Lippi sin “Count On Me”. Utan eg nokosinne kan seie å ha høyrt låten før. Men det er ein flott powerpop-låt.

Spotify

ANDY BOPP “Blisters And Thorns”

Nokre klarar å lage perfekte pop-platar, anten med bandet sitt, Myracle Brah, eller som her. Som soloartist. Powerpop frå øverste hylle for å seie det mildt. 

Spotify

KEN SHARP “New Mourning”
Ikkje berre gir Sharp ut flotte powerpop-plater, i tillegg skriv han om sjangeren. Til saman 18 bøker, anten aleine eller saman med andre. Og fire glimrande plater. Der denne visstnok har eit opplag på 50 i vinylversjon. 

Spotify

MODERN BASEBALL “Holy Ghost”

Og då set vi over til sporten. Ikkje. Det er ikkje mykje sportsleg over Philadelphia-bandet sitt tredje album. Berre god moderne powerpop.

Spotify

SWEDEN “Oh Dusty”
Bandet med det, i ein norsk samanheng, snåle namnet er ute med si tredje plate. Men det er ikkje noko snålt eller rart med musikken, her snakker vi om grisefin powerpop. Med ekko av det svenske bandet Brainpool. Musikk som får meg i godt humør, gir meg lyst til å slåst med ein bjørn. Skyte ein Hjorth. Vel, du skjønar kva eg meinar. “Oh Dusty”

Spotify

ARVIDSON&BUTTERFLIES “Arvidson&Butterflies”
Plate nummer to frå Roger Arvidson er 70- og 80-tals powerpop. Særs elegant gjennomført. Med gode, gode låter. 

Spotify

SWEDISH POLARBEARS “The Great Northern”

Powerpop inspirert av Teenage Fanclub. Som blir avslørt ekstra når ein gir ut ein single kalt “Norman Blake”. Uansett, ein samling gode låter. 

Spotify

ANCIENT SHAPES “Ancient Shapes”

Daniel Romano sitt powerpop og punk alter ego. Mykje heseblesande moro! 

Også på vinyl: Bandcamp

THE MONKEES “Good Times”

Bandets første album på 20 år og samstundes ei feiring av bandets 50-års-jubileum. Dei tre nolevande medlemma Micky Dolenz, Michael Nesmith og Peter Tork deltek alle. Samstundes som avdøydde Davy Jones er med i et eldre opptak på den Neil Diamond-skrivne «Love To Love.» Adam Schlesinger (Fountains Of Wayne, Ivy) produserte og skrev eit par låter. I tillegg har Rivers Cuomo frå Weezer, Ben Gibbard frå Death Cab For Cutie, Andy Partridge frå XTC; samt Noel Gallagher og Paul Weller bidrege med låtar. 

Spotify

PETER BRUNTNELL “Nos Da Comrade”

Briten som ein gong, på slutten av 90-talet, var rekna blant dei betre alt.country-artistane fortset der slapp på “Black Mountain U.F.O.” frå 2011. Med melodiøs, halvtempo powerpop med countryundertonar. 

Spotify

THE POSIES “Solid States”
The Posies er framleis The Posies, sjølv om Auer og Stringfellow denne gongen er litt meir elektroniske i lyden. Samma det, melodiane/låtane er framleis fine sjølv om dei manglar det store gitarfølgjet. 

Spotify

THE CHEMISTRY SET “The Endless More And More”
Psykedelisk rock, garasje-rock, syre-rock, 60-tals-pop. Bandet starta på slutten av 80-talet. Tok ein pause til 2011. Men dei læt framleis forbausande friske. 

Bandcamp

ROCK, NEW WAVE, POSTPUNK ETC. 
DEAP VALLY “Femejism”
Kvinneleg powerduo frå Los Angeles karakterisert som ”White Stripes møter Led Zeppelin”. Med gode innslag av garasjerock, og sterke låter. 

Spotify

BOB MOULD “Patch The Sky”

Soloplate nr 11, den tredje på Merge Records. Og det siste er viktig. 

Tre plater med Sugar, og før dette, grunnen til mannens udødelige heltestatus. Sju album med Hüsker Dü. Og trioformatet til Mould sit framleis som ei kule, sterke melodiøse låter med mannens umiskjennelege gitar og vokal på toppen. 

Spotify

PUP “The Dream Is Over”
Toronto-bandet opnar med “If This Tour Doesn’t Kill You, I Will”, og ser seg aldri attende. Tittelen på plata er beskjeden vokalist Stefan Babcock fekk av legen etter å ha prøvd å ta knekken på stemma gjennom over 400 konserter under turneringa for the forrige albumet. Han klarte jo tydelegvis ikkje det. Dei høyrast ut som ei blanding av Japandroids og The Hold Steady.

Spotify

PARQUET COURTS “Human Performance”
Bandet høyrast på sitt tredje fullverdige album ut som ei blanding av “White Music”-era XTC, eit påskrudd Velvet Underground og The Modern Lovers. Med andre ord, det sprikar i alle retninger. Samstundes som dei til stadigheit roar ned med fine vare augneblink. Og bossanova. 

Spotify

EAST OF VENUS “Memory Box”

Den beste blandinga av det som var best på 80-talet i 2016. Levert av medlemmer av noko av det som var best då. Som The Feelies, Winter Hours og The Bongos. Det læt litt som dei før nemnde med litt tidleg R. E. M. og Rain Parade blanda inn. Synd eit av hovudmedlemma, gitarist/vokalist Michael Carlucci, ikkje fekk oppleve plateutgjevinga. Han døydde av hjerteinfarkt i oktober 2015. 

Spotify

HJERTESLAG “Vannmann 86”

Oppfølgjaren til den fine “Møhlenpris Motell” frå i fjor innfrir. Og vel så det. Framleis hint av John Olav Nilsen & Gjengen. Og 80-tals postpunk.

Spotify

HÅKAN HELLSTRÖM “Du gamla du fria”
Håkan gir seg aldri. Han har etterkvart blitt Sveriges største artist. Innbiller eg meg. De to siste årene har han klart å fylle Nya Ullevi stadion i Göteborg fire ganger. Og sprengt publikumsrekorden der fleire gonger. Musikalsk har han heller aldri vært betre. Særprega stemme med passeleg skranglete akkompagnement som står til denne. 

Spotify

EVIG DIN FOR ALLTID “Snakkes i morgen”
Denne gongen drar supergruppa strikken endå lengre. Dei er ikkje berre tyngre, mørkare og litt eldre. Dei har nærast lagt om til synthrock på deler av plata. Ikkje heilt Depeche Mode, kanskje meir New Order. Med litt dub og triphop. Og det verste av alt? Dette er kanskje bandets beste plate. 

Spotify

YUMA SUN “Watch Us Burn”
Når ein studerer coveret på den nyaste plata til Yuma Sun verkar bandet å være i fyr og flamme. Og musikalsk og tekstlig så stemmer jo dette. Som vanleg. Ei av årets beste plater med inspirasjon frå down under. Og då snakkar eg ikkje om Australia.

Spotify

ARCTIC “Arctic”

Treng du litt instrumental blytung Sludge Metal, Stoner Rock eller Heavy Metal. Med lange låter, og spenstig farga vinyl, kan eg stort sett ikkje hjelpe deg. Men prøv denne trioen frå Los Angeles. 

Spotify

KVELERTAK “Nattesferd”

På si tredje plate gjenoppdaga Stavanger-bandet åtti-talet. Ikkje for det, opninga, “Dendrofil For Yggdrasil”, og resten av plata høyrast umiskjenneleg ut som bandet. Der dei tennar på trær på fleire måter. Men på “1985” høyrast dei ut som ein blanding av Thin Lizzy og Van Halen. 

Spotify

BLODSMAK “Gjennom Marg Og Bein”
Plate nummer to frå Drammensbandet, som nok ein gong insisterer å synge på nynorsk. Hardcore nynorsk. Og få ting gjør meg gladare enn hardcore nynorsk. Det måtte i så tilfelle vere sånn anna hardcore.

Dei kan til tider framleis minne om Kvelertak. Men dei er mykje tydelegare enn rogalendingane. Og koblinga til den norske folkemusikken er meir reindyrka her. brukar heller heavy metal til å krydre og sprite opp eit velkjend formular. Det blir meir som Ni Liv på speed, av og til. 

Spotify

PRETENDERS “Alone”

Chrissie Hynde legg ikkje ned bandet, sjølv om ho gjekk solo for første gong i 2014. Årets band-plate er produsert av Dan Auerbach frå The Black Keys, og er sånn som ei Pretenders-plate skal være. Musikk med patos som matcher stemma til Hynde. 

Spotify

SUEDE “Night Thoughts”
Brett Anderson og høyrast nett ut, litt frå og til, som då Phil Oakes overtok gitaren i 1994. Sjølv dei hadde ein elleve års pause inni her. Men dei har fått opp at trykket etter comebacket i 2013. Og den andre sidan då er nett så symfonisk og pompøs som den skal være. Denne gongen også i følgje med ein film. 

Spotify

IAN HUNTER & THE RANT BAND “Fingers Crossed”

77 år gamle Ian Hunter høyrast framleis ut som Ian Hunter, naturlegvis. Og han leverar framleis godt brukandes plater. 

Spotify

MUDCRUTCH “2”

Etter to mindre interessante plater frå Tom Petty, “Mojo” (2010) og “Hypnotic Eye” (2014), er det litt godt å høyre mannen likne litt på den Petty vi har sakna nokre år. Minst 13 for å være nøyaktig. 

Spotify

HELLBILLIES “Søvnlaus”

Bandet har denne gongen, med nokre få unntak, forlatt countrymusikken. Dei har heller gått i ein meir rockebasert retning. Dominert av gitarist Lars Håvard Haugen, ligg dei nærare forbilda The Allman Brothers band. 


Spotify
CAR SEAT HEADREST “Teens Of Denial”

Det Brooklyn-baserte bandet leia av Will Toledo fortset å levere fuzz-driven indiepowerpop.  Som vanleg frå det heilt nydelige til det nesten heilt uutholdelege. 

Spotify

NEPERUD “So Unhip It Hurts”

Garagerock-orkester, punkabilly-band fra Skien. Kom med sitt fjerde album i år, det første på vinyl. Salig blanding av alt som er bra; punk, blues, The Cramps etc. Sterke låter i intense avleveringar, ein av låtene heiter “Force Majeure”. Og heile plata er bortimot ein musikalsk utgåve av det. 

Foreløpig ikkje tilgjengeleg på digitale plattformer. 



CARSTEN ‘CÈSH’ HOLT “Mundania Street”

Endå ein artist frå Skien, overlappinger av personell med før nemnde Neperud. Men ganske forskjellig musikalsk. Her er det streitere rock, pop, soul, funk, blues, folk og ballader. Med eit organisk og variert lydbilete. 


Spotify
WILLIAM HUT “Hafnir Games”

Årets plate er innspilt på Island, og er eit lite stilbrot frå foregåande utgjevingane. I den forstand at det er brukt elektroniske hjelpemiddel i produksjon av plata. Utan at det blir påtrengande, vi snakkar ikkje akkurat om EDM. Hut sin nydelege stemme, gitarar om enn i mindre omfang, dei flotte låtane. Og den gode kjensla som ligg over mannens produksjonar er framleis til stades i godt monn. 

Spotify

NATURAL CHILD “Okey Dokey”

Litt sørstatsrock, litt funk, litt syrerock, litt country, psykedelia, lange instrumentalpartiar. Improvisasjon. Grateful Dead. Nærast hypnotisk. Dei har utvikla seg frå ein bluesjamtrio, dei har utvida instrumentparken med keyboards og fløyte. Og er betre enn nokon gong. 

Spotify

MUSIC BAND “Wake Up Laughing”

Nashville-bandet med det litt intetsigande namnet, er ein powertrio med eit vitalt og variert lydbilete. Sørstatsrock med høgt improvisasjonspotensiale. 

Spotify

THE DEXATEENS “Teenage Hallelujah”

Garasje indie, punk, country, funk, soul og rock’n’roll-bandet frå Tuscaloosa, Alabama. Bandets første album sidan 2009, like skittent og på si måte skranglete som forventa. 

Spotify

A GIANT DOG “Pile”
Bandet med karismatiske Sabrina Ellis, leverer igjen melodiøs pønk med gode låtar. Akkurat som på forgjengaren “Bone” frå 2013. Og dette er verkeleg punk!

Spotify

VULTURE WHALE “Aluminium”

Birmingham, Alabama-bandet er ikkje alltid heilt lett å få taket på. For seie det enkelt, så spelar dei ei blanding Stoner-rock og Cheap Trick. 

Spotify

THROUGH THE SPARKS “Transindifference”

Birmingham, Alabama-bandet driv framleis med ein slags småpsykedelisk variant av sørstatssoulpoprock. Framleis lagar dei i tillegg til flotte album glimrande enkeltlåtar. I år byr dei på “Self Immolation”. 

Spotify

PURLING HISS “High Bias”

Blanding av tidleg stoner-rock og grunge, tunge gitarar og flotte melodiar. Til tider høg syrefaktor. Som Blue Cheer på slutten av 60-talet. Med fuzz i førersetet. 

iTunes

PARANOID STYLE “Rolling Disclosure”

Karakterisert av vokalist Elizabeth Nelson som “Glam Rock for endetida”, berre litt meir nyansert. Eller ein råare og meir utagerande utgåve av plateselskap-kollega Lonesome Val. Ei av mine store favoritter frå 90-talet. 

Spotify

THE I DON’T CARES “Wild Stab”

Superduo beståande av Paul Westerberg (The Replacements) og Juliana Hatfield (mellom anna Lemonheads). Og dei høyrast faktisk ut nett som eg forventa det. Litt skakt og skranglete, med skyhøgt nivå på låtskrivinga. 

Spotify

DAN STUART “Marlowe’s Revenge”

Den no Mexico By-busette tidlegare Green On Red-leiaren, prøver seg igjen med ei soloplate, fire år etter “The Deliverance of Marlowe Billings”. Denne gongen saman med det lokale bandet Twin Tones, mixa av JD Foster . Det er framleis den samme mannen vi har vore glad i i over 30 år. Berre litt meir rufsete i kantene enn før.

Spotify

DINOSAUR JR. “Give A Glimpse Of What Yer Not”

Etter comebacket i 2007 er bandet no inne i si tredje epoke. Med den same oppskrifta. J. Mascis si særeigne stemme og gitar i front. Stort sett. Og dei til ein kvar tid sterke låtane han kjem opp med. 

Spotify

SOUL ASYLUM “Change Of Fortune”

Ikkje det første bandet eg hadde venta plate frå i år. Eg har ikkje følgt dei så nøye dei siste 10-20 åra, men høyrar framleis at dei lener seg mot 80- og 90-talls utgåvene av bandet. Ikkje den beste plata dei har gitt ut. Men med anstendige låter og Dave Pirner på vokal, er det godkjend frå meg. 

Spotify

BEACH SLANG “Loud Bash of Teenage Feelings”

James Alex og bandet har laga nok ei høgoktan Replacements-inspirert plate. Ganske lik dei tidlegare platene. Men har ein uttrykk som fungerar, kan det være greit å ikkje forandre det. Heilt suverent. 

Spotify

CONNECTIONS “Midnight Run”

Ohio-bandet sitt fjerde album er new wave, indie og powerpop. Ikkje nødvendigvis samstundes. I lyden, ei blanding av tidleg R. E. M. og Cheap Trick for å sette det på spissen. 

Spotify

JAVIER ESCOVEDO “Kicked Out Of Eden”

Broren til Alejandro og vapendrager frå supergruppa True Believers har aldri slept røtene The Zeros og 70-talet. Heller ikkje her, streit ukomplisert rock. Med litt garasjerock blanda inn.

Spotify

ERIC AMBEL “Lakeside”

Produsent, gitarist og Del-Lords-medlem leverte sitt fjerde soloalbum. Produsert av Jimbo Mathus, litt country-musikk, mykje blues, noko rock. Og gitarar overalt. 

Berre tilgjengeleg fysisk: ERIC AMBEL “Lakeside”

MARGARET GLASPY “Emotions and Math”

Årets kvinnelege grunge-inspirerte litt atonale indiealternativ. Tidvis heilt glimrande, samtidig som ho vidareførar arven etter 90-tals Liz Phair, og ein meir sedat utgåve av The Muffs. 

Spotify

MITSKI “Puberty 2”

Litt som Margaret Glaspy. Berre meir støyete, og eksotisk. Fødd i Japan, oppvokst i den demokratiske republikken Kongo. Og mellom anna Kina og Malaysia. No basert i Brooklyn i USA. Som sagt, det som vi elskar å kalle Indierock. 

Spotify

DIIV “Is The Is Are”

Brooklyn-bandet transporterar oss nesten attendes til 1981. Lyden av postpunk, new wave, The Cure, New Order, Echo & The Bunnymen. 

Spotify

SHEARWATER “Jet Plane and Oxbow”

Den åttande plata til bandet leverar sin forventa postpunk, indierock, kunstrock, whatever. Sideprosjekt til Jonathan Meiburg (Okkervil River) som blei eit hovudprosjekt. Som eit amerikansk Coldplay utan sistnemndes pompøsitet og snobberi. 

Spotify

THE HOTELIER “Goodness”

EMO-indie-pop-punk-folk frå Worcester, Massachusetts. Ganske så kompromisslaust, og det gjeld også plateomslaget. Det er tre korte låtar/dikt med kartkoordinatar som plasserar deg på aude stadar. I den nordaustlege delen av USA. 

Spotify

WUSSY “Forever Sounds”

Bandets sjette plate er framleis litt emo, litt shoegaze, litt Crazy Horse. Gode låter, og noko mørkare. Samspelet mellom Cleaver og Walker held framleis i lange baner, eit band framleis umogleg å mislike. 

Spotify

SAVAGES “Adore Life”

Ikkje akkurat punk, heller Siouxie and The Banshees i 2016. Men høgstemt, elektrisk og herleg. 

Spotify

THE DRONES “Feelin Kinda Free”

Gareth Liddiard og bandet er like kompromisslause som dei plar vere. Det beste av australsk rock dei siste 30 åra i blanda avant-garde. Av og til heilt nydeleg å høyre på. Av og til særs vanskeleg. På dobbel rosa vinyl. 

Spotify

DIARRHEA PLANET “Turn To Gold”
Bandet med bransjens verste namn køyrar ufortrødent vidare. Denne gongen i ei blanding av MC5, Wishbone Ash og punk. Ikkje nødvendigvis samstundes heile tida. Berre av og til. 

Spotify

ALEJANDRO ESCOVEDO “Burn Something Beautiful”

Escovedo plasserer sitt litt småskitne lydbilete i New York på 70- og 80-talet. Tenk Lou Reed. Med Escovedo si lett gjenkjennelege stemme på toppen og solide låtar i botn. 

Spotify

THE DOGS “Swamp Gospel Promises”

Kristopher Schau og bandet har berre blitt betre og betre med åra og leverte for min sin del sitt beste album. Herleg, breibeint testotoron-garasjerock. (Too much? Bra er det uansett.)

Spotify

AMERICANA, COUNTRY, INDIEFOLK, ETC


NAP EYES “Thought Rock Fish Scale”

Tilbakelent slacker-rock (Velvet Underground? Anyone?) frå Nova Scotia, Halifax, Canada. Om bandet kjem frå langt utanfor allfarveg (for alt eg veit har dei gode vegar der, men du veit.) så treff skranglerocken deira blink. 

Spotify

TOM ROGER AADLAND “Blondt i Blondt”
Aadland fulgte opp Dylan-plata frå 2009, “Blod På Spora” (Blood On The Tracks). Med å gjendikte same mannen sin “Blonde On Blonde”, nok ein gong på nynorsk. Like suverent som for sju år sidan. 

Spotify

MOUNT MORIAH “How to Dance”

Alt.country, poprock, Alternative/Indierock og Alternative singer/songwriter gjeld også tredje plata til North Carolina-bandet. Denne gongen litt meir mystisk. Og mørkare. Men likevel lysare. 

Spotify

DRIVE-BY TRUCKERS “American Band”

Hood, Cooley leverte i år sitt mest politiske album. Og eit av bandets beste. Det 11. i rekken. Og samtidig eit typisk album frå denne kanten. Sørstatsrock, americana, blues, soul og tradisjonell country i ei fin blanding. 

Spotify

AMANDA SHIRES “My Piece Of Land”
På si femte plate leverar Shires meir av det ho gjorde så bra på dei fire første. Ei blanding av poprock, country, folk og ballader. Med nokre få smakfulle virtuose oppvisingar av Shires sitt felespill. Flott produsert av Dave Cobb. 


Spotify

OLAV LARSEN & THE ALABAMA RODEO STARS
“Gospel for Non-Believers”

Larsen fortset på sin Country-gospel-odysssé. Hans andre vinylutgjeving på to år. Utan å vere ein oppfølgjer av den førre. Årets utgjeving kjennast meir som ein oppfølgning av hans Hank W. Rodgersons Gospel Experience-prosjekt saman med Aasland Brothers frå 2012, “Shine a Light”. Og plata er veldig bra. 


Spotify

GRANT-LEE PHILLIPS “The Narrows”

Giganten frå det gigantiske bandet Grant Lee Buffalo høyres framleis gigantisk ut. Om han har eit band ryggen, eller berre ein enkel kassegitar som toneføgje. Stemma og låtane gir folkrocken hans ein X-faktor. 

Spotify

HAYES CARLL “Lovers and Leaves”

Representanten av den nyare generasjonen av Texas-singer/songwriters skuffar ikkje på sitt første album på fem år. Produsert av Joe Henry. 

Spotify

THE JAYHAWKS “Paging Mr. Proust”

Det Gary Louris-leia bandet leverar den eigentlege oppfølgjaren til den glimrande “Rainy Day Music” frå 2003. Den Peter Buck-produserte plata leverar smart, velprodusert poprock. Ein treng berre høyre opninga “Quiet Corners & Empty Spaces» for å skjøne at alt er på stell. 

Spotify

TOMMY WOMACK “Mamaste”
Den sympatiske amerikanaran er ute med si sjuande soloplate sidan 1998, ei flott blanding av blues, country og powerpop. Med gjennomgåande høg kvalitet på låtskrivinga. 

Spotify

PARKER MILLSAP “The Very Last Day”
Folk, blues og country. Og rockabilly. Med ei nydeleg avslutting med “Tribulation Hymn». Heile plata har eit apocalyptisk tema, med tunge religiøse undertonar. Utan at den eigentleg skrømmer nokon. 

Spotify

AARON LEE TASJAN “Silver Tears”

Med Tasjan si andre plate har han gitt Cosmic American Music-himmelen ein ny stjerne. Nydeleg!

Spotify

BIG SHOALS “Hard Lessons”

Florida-bandet kjem fødebyen til Tom Petty, Gainesville. Dei spelar americana/alt.country, av og til med eit nikk til nemnde Petty. Den beste låten er “Union Son” med Todd Beene frå Glossary på nydeleg pedal steel gitar. 

Spotify

MIKKO JOENSUU “Amen 1” og “Amen 2”

Gram Parsons vart gjenfødd, i ein sakral og strykartung versjon. Med pedal steel, i Finland. Vent litt, det er meir. “Amen 2” kom óg ut i år. Litt tyngre i lyden, låtar på over 10 minutter. Men framleis heilt glimrande. Rett det, over 20 minutter faktisk. 

Spotify

Spotify

DYLAN LeBLANC “Cautionary Tale”

Seks år etter hans strålende debut, påfølgende nedtur med andrealbumet og de problema det medførte, er LeBlanc endeleg tilbake der han skal være. Tidvis vakker, nydeleg americana inspirert av restitusjonen i Muscle Shoals. Veldig tidløst og melodiøst, dekka av strykarar heile vegen. Og flott produsert av Ben Tanner fra Alabama Shakes og John Paul White Civil Wars. 

Spotify

BUDDY MILLER & FRIENDS “Cayamo Sessions At Sea”
Høgdepunkta frå Miller sitt etter kvart årlege cruise i karibien, nærare bestemt 2014 og 2015. Stort sett duettar med mellom andre Lee Ann Womack, Kacey Musgraves, Kris Kristofferson, Nikki Lane, Lucinda Williams, Richard Thompson, Elizabeth Cook, Shawn Colvin, Doug Seegers og Brandi Carlile. Fine avdempa av mellom anna klassikarane “Sunday Morning Coming Down”, “Hickory Wind” og “Angel from Montgomery”. 

Spotify

NISSE HELLBERG “Vägen västerut”
På sitt åttande soloalbum går Nisse country. Og skåningen er nett så suveren som han plar være. Han liknar meir på Nick Lowe musikalsk enn nokon gong før. 

Spotify

ROBBIE FULKS “Upland Stories”

Ein av dei store fortellarane med eit uttrykk inspirert av The Upland. Appalachene. Nydeleg country, folk og bluegrass. 

Spotify

HISS GOLDEN MESSENGER «Heart Like a Levee»

Eigentleg er dei singer/songwriter Michael Taylor og multi-instrumentalist Scott Hirsch, saman blandar dei klassisk rock, folk-pop, blues og country. Og denne står ikkje attende for nokre av dei tidlegare utgjevingane. 

Spotify

OKKERVIL RIVER “Away”

Det finnes knapt et band mer bundet av sin egen stil enn Okkervil River. Mykje grunna Will Scheff si særeigne stemme. Men sjølvsagt også den harmoniske, organiske godt instrumenterte folkrocken dei speler. 

Spotify

THE HANDSOME FAMILY “Unseen”

Alt.country, tradisjonell countrymusikk, murderballads. Sistnemnde gjør sitt til at det kvilar eit litt mørkt og faretruande uttrykk over heile ekteparet Brett og Rennie Sparks sin produksjon. Ein katalog der ingen av dei elleve studioalbuma er overflødige. 

 

Spotify

AUSTIN LUCAS “Between The Moon And The Midwest”

Lucas er attende på eit lite selskap, denne gongen utan Glossary. Med med Joey Kneiser frå bandet som produsent. Framleis elektrisk americana, med ei sterkare helling mot country. Glimrande plate!

Spotify

HOTEL HOTEL “The Kneeling”

Hotel Hotel er Vegard Urne (bedre kjent fra Empty Bottles Broken Hearts). Her i eit melankolsk sidesprang. Ikkje mykje country igjen her. Meir singer/songwriter i indietradisjonen. Meir Bill Callahan og Bonnie Prince Billy. Utan at Urne eigentleg står attende for nokre av dei. 

Spotify

DANIEL ROMANO “Mosey”

Dette var ei radikal forandring, både i utsjånad og musikalsk. Kanadieren har gått frå ein stilfull 50- og 60-tals country-crooner til ein meir tidlaus poprock-artist. Med eit snev av soul frå 60- og 70-talet. Ein sjanger han taklar vel så bra. 

Spotify

JOHN CALVIN ABNEY “Far Cries and Close Calls”

Særs variert plate frå Tulsa, Oklahoma. Abney er innom mid-60’s Dylan, blues, country-folk, ballader og soul. Til tider veldig sterkt. 

Spotify

WESTERN CENTURIES “Weight Of The World”

Countrymusikk som berre er stemma og litt honky-tonk unna 80-tals Randy Travis. Med andre ord forbløffande bra!

Spotify

FRUIT BATS “Absolute Loser”

Leia av Eric D. Johnson frå Chicago, har Fruit Bats gitt ut fem album. Alt etter korleis ein ser det. 

Johnson sin særeigne stemme passar godt til dei velskrivne, smarte indiepopfolk-låtane. 

Spotify

DARLING WEST “Vinyl And A Heartache”

Norsk bluegrass/westcoast/Americana av veldig høg klasse. Og ein vokalist, Mari Sandvær Kreken, med ein stemmeprakt av ein anna verd. Musikalsk ganske lågmælt og veldig vakkert. 

Spotify

EMPTY BOTTLES BROKEN HEARTS “Too Little Too Late”
Os-gruppas andre album med nydeleg 50-tals-inspirert countrymusikk. Unge musikarar held fana for ein gammal tradisjon høgt. Eit norsk Louvin Brothers (and Sisters).

Spotify

LYDIA LOVELESS “Real”

Loveless tok nokre skritt vekk frå dei tidligere meir Americana- og alt.country-inspirerte utgjevingane. Her ligg ho nærare poprock, og det er det jo ikkje noko gale med. Det framleis ting her som riv litt. Men på tekstsida er ho skarpare og meir utleverande enn nokon gong. “Real” indeed. 

Spotify

SIVERT HØYEM “Lioness”

Høyem slår attende etter, i mine øyro, “Endless Love” frå 2014. Her er det ikkje berre stilen som gjeld. Låtane i årets mjuke, melodiske mørke er av heilt anna kaliber. 

Spotify

RICHMOND FONTAINE “You Can’t Go Back If There’s Nothing To Go Back To”

Bandets siste plate, bandet er vel no oppløyst, inneheld som vanleg glimrande tekstar av Willy Vlautin. Med beskrivingar av det som ikkje akkurat kan kallast livets solside. Musikalsk kan det kallast alt.country. Av det nydelege slaget. 

Spotify

ALLAH-LAS “Calico Review”

Tredje plata frå veskustbandet, som ikkje kan definerast som westcoast i lyden. I staden snakkar vi om garasje, psykedelia; tidfesta til 60-talet. Spilt inn på årgangsutsyr (mellom anna brukt på Pet Sounds) i det nyrenoverte legendariske Valentine studio. 

Spotify

STEPHEN SIMMONS “A World Without”

Singer/songwriter i sjangerne rock, country og folk. Med ein etterkvart imponerande katalog på samvitet. Både i kvalitet og volum. Dette er mannens tiande utgjeving.

Spotify

ZACHARY LUCKY “Everywhere A Man Can Be”

Sidan eg oppdaga Lucky med hans andre plate, “Saskatchewan”, i 2012 har eg kobla kanadieren med villmark, haust og pedal steel. No har han kutta ned på sistnemnde, men Aaron Goldstein (mellom anna Cowboy Junkies og Daniel Romano) kjem innom med smakfulle bidrag. Countryfolk så bra som det kan bli. 

Spotify

ROBERT ELLIS “Robert Ellis”

Texanaren for tida varierande heimeadressar, han er mykje på tur. Men bruker per idag New York. Oppdraging på sunne dosar countrymusikk, har tilsynelatande ikkje påverka han noko særleg. Sjølv om han har tillaup til countryknekk i stemma. Årets utgjeving er meir eklektisk Americana, med ei dreining mot folk. Med sterke låtar. 

Spotify

JIM BRYSON “Somewhere We Will Find Our Place”

Kanadisk folk, country og pop. Og ein låt nummer to, “Changing Scenery”, som gir meg sterke assosiasjonar til sol, sommar og “Groovin’” av The Young Rascals. Og då forsvann vinteren igjen for en stakket stund. 

Spotify

BLIND PILOT “And Then Like Lions”

Indiefolk frå Portland, Oregon. Flotte låter, behageleg lydbilete. Og kvifor ein av låtane heiter “Joik #3” anar ikkje. 

Spotify

STURGILL SIMPSON “A Sailor’s Guide to Earth”

Produsent Ed Cobb (Chris Stapleton, Jason Isbell) har hjelpt til med å utvikle Simpson-musikken frå meir standard, tradisjonsbunden countrymusikk; til eit meir moderne og tidsriktig utrykk. Framleis med det tradisjonelle i botnen. Men med mellom anna ein god del bruk av blåsarar. Og ein coverversjon, av alle ting, av Nirvana sin “In Bloom”. 

Spotify

PAAL FLAATA “Come Tomorrow – The Songs Of Townes van Zandt”

Etter å ha hylla Chip Taylor og Mickey Newbury med egne album, kom no turen til Townes. Som vi no har blitt vande med: fantastiske låtar kombinert med fantastisk stemmemateriale. Nok sagt. 

Spotify

M. WARD “More Rain”

Ward er mest kjend frå She & Him og supergruppa Monsters of Folk. Prosjekt som ikkje nødvendigvis er så veldig høglytte. Han tar igjen for det på enkelte låtar her, men elles held han seg innan formelen til dei to nemnde prosjekta. Rock, folk og pop. 

Spotify

WACO BROTHERS “Goin’ Down In History”

Jon Langford og bandet skjener vidare på sitt første album på 11 år. Bandet som har høyrt som om dei skal kræsje og brenne i over 20 år, gjør framleis ikkje det. Dei køyrar ustødig vidare.

Spotify

KEVIN MORBY “Singing Saw”

Mannen med ei fortid i Brooklyn-bandet Woods, spelar 60- og 70-tals-inpirert indiefolkpop. Ein etterkvart ganske så folkerik sjanger. Men Morby skil seg enkelt og elegant ut med sterke låtar. 

Spotify

MARGO PRICE “Midwest Farmer’s Daughter”

Det er sjeldant med ein countryartist på Third Man Records, Jack White sitt plateselskap. Loretta Lynn var eit eksempel, men det var meir dyrking av ei gammal heltinne. Her snakkar vi om ei ung fremadstormande, debutant. Som mellom anna har spilt konserter i 10 år, gifta seg, mista eit born, sittet i fengsel. Far som mista gården. Ho har rett og slett levd teksten på opningssporet på plata. “Hands Of Time”. Glimrande låtar, tonesatt med ganske autentisk country og honky tonk. Spilt inn i Sun Studio i Memphis, Tennessee. 

Spotify

BJ BARHAM “Rockingham”

Debutalbumet til American Aquarium-vokalist og låtskrivar, er ein lågmælt og mørk affære. Ikkje det at Barham elles er lys og triveleg i lyrikken sin. Men her beskriv han desperasjonen og tristessen som eksisterar. No spesielt i dei amerikanske sørstatane. Som han sjølv har førstehands kjennskap til. Den lågmælte musikken er med på å understreke poenget hans, ein vanskeleg plate å høyre på. Men sterk og viktig. 

Spotify

BRAD ARMSTRONG “Empire”

Dexateens og 13Ghosts-medlemmet debuterar med eit album under eige namn. Eit album som varierar frå det vare til det overstyrte og ganske krakilske. Eit fantastisk og variert album. 

Spotify

FREAKWATER “Scheherazade”

Eit av dei originale alt.country-banda er ute med berre sitt åttande album, sidan debuten i 1989. Og det første på 11 år. Dei har ikkje blitt mindre interessante i tida som har gått. Tenk deg ei lysare og lettare utgåve av The Handsome Family. 

Spotify

CALEB CAUDLE “Carolina Ghost”

Ei veldig flott countryplate i skjæringspunktet mellom Waylon Jennings og Jackson Browne. Og det skulle bli vestkust-country. Skulle eg meine. 

Spotify

CLAUDIA SCOTT “Let The Ribbons Fly”

Eigentleg ikkje så mykje rein country lengre, ho har utvida paletten til å inkludere eit videre spekter av den amerikanske musikkarven, Americana om du vil. Blues, heartland, Menphis rock’n roll. Ho er blitt ein Norsk utgåve av Lucinda Williams. Utan sistnemndes djupe røyst. 

Spotify

SHOVELS & ROPE “Little Seeds”

Gruppas, duoens, femte album, det fjerde med eigne låtar, er framleis americana- og bluegrassinfluert. Og framleis eigentleg ganske primitivt. Countryversjonen av The White Stripes, utstyret tatt i betraktning. Men kvaliteten på det dei driv med ligg framleis høgt. 

Spotify

ARLISS NANCY “Greater Divides”

Coloradobandet Arliss Nancy spelar framleis ei blanding av powerpop, punk og alt.country. Her er absolutt inga forandring. Og framleis ein litt mjukare utgåve av Two Cow Garage. 

Spotify

SOUL ETC. 

DURAND JONES & THE INDICATIONS “Durand Jones & The Indications”

Det er ikkje mykje som slår soul-musikk, til tider av det funky slaget, spelt inn “live”. Med gode musikarar, suverene vokalister og gode låtar. Eit flott lydbilete med orgel og blåsarar. Det er nesten som ein blir transportert attende til eit Stax-studio på 60-talet. 

Spotify

BASIA BULAT “Good Advice”

Canadiske Bulat si fjerde plate, blei produsert av Jim Jones frå My Morning Jacket. Utan at det innverkar på lydbilet. Her snakkar vi om soul, indiepop, årgangspop (60- og 70-talet) med Bulat si flotte stemme i sentrum. Ganske så nydeleg. 

Spotify
WHITNEY “Light Upon the Lake”

Årets mest sommerlyse indiesoulpop-album, med jazztillaup “Red Moon”. Og Beach Boys-tillaup, “Follow”. Ei veldig flott debut-plate frå Chicago-duoen. 

Spotify

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s