Februar 2017

Suverent glefs frå 70-talet


SHARKS – “Killers of the Deep”

Det er litt spesielt, det skal seiast. Eit band som er lite kjent ut forbi meinigheita. Dei hadde si stordomstid på byrjinga av 70-talet. Og omsette plater over disk her i Florø då. (Eg kjenner både kjøper og seljar…). Men akkurat det kjem aldri til å skje igjen, mitt eksemplar av denne plata er kjøpt direkte frå bandets nettside. Uansett, det som er bandets fjerde plate siden 1973 er ei flott plate.
Frå originalbesetninga er framleis gitarist Chris Spedding og Steve Snips Parsons på vokal med. På trommer finner vi Paul Cook frå The Sex Pistols. Bassen tar Tosh Ogawa seg av, og Nick Judd tar seg av keyboards. Sistnemnde har også tidlegare vore involvert i Sharks.
Denne plata kan også nærast sjåast på som ein oppfølgjar til ”Force 9” med King Mob frå 2011. Med mykje av dei same folka involvert.
“Yaya Pop”, som opnar plata, liknar Dr. Feelgood med Wilko Johnson-beat. Over 40 år attende i tid til pubrockens gullalder.
Med ein sånn ambiøs tittel som “The Complete History of Soul Music” får ein visse forventninger, som ikkje blir innfridde. . Låten er uansett flott, småfunky med ein bismak av Ian Dury.
“One Last Thrill” er lettare, lysare og soulaktig popmusikk. Og med litt soulrock, men med Spedding i grunnfjellet, forlet ein aldri rocken.
Dei er attende i det rocka, bluesy og syrete på “Swirl”. Fint lyst opp med eit ambient piano og flerrande gitarar.
“Killer On The New Tube” avsluttar førstesida på (den er pr. no berre ute på vinyl), meir rocka bluesriffing og soulinspirert rock.
Side to byrjar med “Can’t Get The Devil”, som er rask blues, med snev av rockabilly, brennande riff, både slide og konvedsnsjonell
“Callilia” er meir streit rock, litt stilleståande, eitt riff, ein akkord, gospelkor, minner litt om Talking Heads.
Dei byr på pubrock igjen på “Red Red Red”, igjen attende i tid, til byrjinga av 70-talet. Med mykje riffing frå Spedding, kvinnelege bakgrunnsstemmer på refrenga
”Cheetahs Always Win” er platas beste låt, mollstemt stemningsfull, melodiøs, igjen kvinneleg kor.
Dei avsluttar kjapt med “Music Break Out” og riffar seg i mål, bluesrock. Som nok ein gong viser at Spedding, no i ein alder av 73, ikkje er nemneverdig hemma av alderen.
Platemelding

Spotify

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s