Mars 2017

Feiar all tvil til side


HURRAY FOR THE RIFF RAFF «The Navigator»

DEL

Hurray For The Riff Raff og bandets eminente låtskrivar, gitarist og vokalist, Alynda Lee Segarra, er ute med sitt femte riktige album.
Dei to første platene deira, “It Don’t Mean I Don’t Love You” og “Young Blood Blues”, blei berre gitt ut lokalt i New Orleans. Av bandet sjølv. Det beste frå desse to utgjevingane blei samla av det britiske selskapet Loose på “Hurray For The Riff Raff”, i 2011.
Ein samling coverversjonar, “My Dearest Darkest Neighbor”, kom ut i 2012. Opphavleg eit Kickstarter-prosjekt. Med flotte versjonar av låtar av mellom anna Townes Van Zandt og John Lennon, for å nemne nokre få.
Men her er det sjølvsagt eigne låtar som gjeld. Til liks med forløparen “Small Town Heroes” frå 2014. Og i forhold til den plata snakkar vi store forandringar musikalsk. Til dømes er stort sett alle spor etter bluegrass borte. Frå Blue Ridge Mountain til Concrete Jungle. Og eit meir cinematisk og atmosfærisk lydbilete.
Ho har latt seg inspirere av, eller lar inspirasjonen frå, mellom anna Rodriguez, Ghetto Brothers, Santana og Sly and the Family Stone skine gjennom. Ho har fått med seg produsent Paul Butler, kjent frå samarbeid med Michael Kiwanuka. Som ho har djup respekt for. Saman fekk dei sett saman ei gruppe perkusjonister for å spele alt frå kubanske, puertoricanske og til brasilianske rytmer i kompet. 
Plata – spor for spor:
Det opnar med støy frå T-banen blanda med gospel og Doo Woop på “Entrance”. Inspirert av at ho har gått litt attende til utgangspunktet sitt i Bronx i New York City. Også musikalsk inspirasjon frå musikk med sitt utspring her.
“Living in the City” viser litt av dette. Musikalsk ligg dei seg opptil rocken til salige Willy DeVille og hans Mink Deville. Og bykollegaene og samtidige Patti Smith og Lou Reed.
Og dei fremstår også som tyngre og meir rocka på “Hungry Ghost”. Nesten litt postpunk i kompet. Med ein stødig litt energisk bass. Og atmosfærisk glidande gitar.
“Life to Save” blir nesten litt boogierock. Eit lite stilskifte, som eigentleg ikkje skil seg ut i samanhengen her. Vi snakkar ikkje om tolv-takts boogie.
Alynda er attende i smult farvann på “Nothing’s Gonna Change That Girl”. Ein vellydande, pulserande ballade.
“The Navigator” er platas høgdepunkt i det at ho reisar og leitar, navigerar, for å finne attende til den puertorikanske jenta oppvaksen i Bronx. Noko ho føler ho mista litt under tida i New Orleans, og turnear i midtvesten.
Ho er heilt nede att musikalsk på “Halfway There”. Her står ho fram som ein tilbakehalden singer/songwriter. Berre med akustisk gitar og vokal.
“Rican Beach” derimot er noko heilt anna. Det er platas mest rytmiske og organiske låt. Her gir dei seg funken i vald. Og sånn som denne plata har utvikla seg, høyrest dette heilt naturleg ut.
Det blir roleg, men likevel bombastisk, på den lengtande “Fourteen Floors”. Det rolege står det nakne pianoet for. Det bombastiske står perkusjonen for. Generelt sett heilt nydeleg.
“Settle” er igjen tyngre i lyden. Med strykarar og eit meir organisk bevegar vi oss musikalsk igjen inn på områda til Mink DeVille og seinare Patti Smith.
På byrjinga av “Pa’lante” er det mogleg til å dra parallellar til ein yngre, sintare Patti Smith. Men platas lengste kutt har meir å by på enn den rolege pianobyrjinga. Dei slår over i nærast ein vals. Med med ein flott melodi på toppen. Før vi får eit lydopptak av den legendariske poeten Pedro Pietri med eit utdrag frå hans viktigaste verk, “The Puerto Rican Obituary”. Men, det er meir. Låten tonast ut med kraftfull, nydeleg vokal frå Segarra.
“Finale” går attende til opningslåten “Entrance”. Både i melodi og utføring. Ho får også her hjelp til vokalen av ein for meg ukjend vokalist. Og ein kan rett og slett sei at intro og outro på plata fint viser kva som kjem. Og kva som har vore. Sjølv om den brutale og rytmiske avsluttinga på litt over eit minutt er utypisk for plata.
Men om det skulle være tvil, Segarra har ei knallsterk rekke plater bak seg. Denne er betre.

Spotify

Platemelding

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s