1. DIG DEEPER “In Central European Time“
Årets beste norske utgjeving, og på sitt tredje album er bandet trygt attende i Europa. Denne gongen er det meir Autobahn enn highway.
2. ANTI-MUSIC BONANZA ”El Dorado“
Ru og skrapete 70-tals-inspirert boogierock (slapp av, eg ligg ikkje Status Quo inn i denne kategorien), med Roger Græsberg og Thomas Mårud i spissen. Samt Noregs Ringo, Alexander Lindbäck på trommer. Og ikkje minst, Krister Skadsdammen er sterkt tilstades på steel gitar.
3. POGO POPS «Love Is The Greatest Compass»
Litt gråare håret, litt meir furet og værbitt. Men med den same evna til å finne dei gode melodiane som tidlegare. Og her kjem sjølvsagt Pogo Pops inn i bildet, med si første plate på fem år.
4. HVITMALT GJERDE ”Våken“
Surfindie-poprock på bergensk blir ikkje betre enn dette. Bandet fortset ufortrødent vidare på deira tredje album. Eit lydbilete som lar deg behalde sommarkjensla langt ut på hausten.
5. TOVE BØYGARD “Blåe Drag“
Dette er det eg kallar ein god kombinasjon, Tove Bøygard med multiinstrumentalist og produsent Freddy Holm. Det beste frå Ål og Halden, spelt inn i Holm sitt Kleiva Studio i Halden.
6. daelen ”Easy Version“
Marte Dæhlen frå Hønefoss, med Evig Din For Alltid, minus Piddi, som backingband. Samt
Hans Petter Gundersen (pedal steel) og vår tidlegare sambygding Matias Monsen (cello). Country- og folk-rock som tenderer mot easy listening, liknande britiske Rumer. Gode, sterke låtar nydeleg produsert av Sgt. Petter Folkedal
7. BENDIK BRÆNNE “The Last Great Country Swindle“
Brænne samarbeidar på denne plata saman med den kanadiske musikalske kamelonen Daniel Romano. Brænne varter til liks med sistnemnde ikkje opp med særleg mykje countrymusikk lengre. Då ligg til liks med Romano nærare soulrocken. Ikkje ulikt svenske Moneybrother, eller tidleg 70-tals Springsteen. Opninga på plata er elles heilt suveren, Del Shannon sin ”Runaway“, gitt full Mariachi-behandling med twangy gitarar, strykarar og blåsarar.
8. GOOD TIME CHARLIE ”Ready To Rumble”
Her har veldig lite, om noko, forandra seg. Med ein platetittel som hintar til Link Wray- bør opninga med “Ready” vere såpass. Det er nett som å bli transportert attende til 80-talet då bluesinspirerte band som Fabulous Thunderbirds og Omar & The Howlers rådde grunnen.
9. TØNES ”Sesong Fire“
Til trass kva tittelen seier, så er dette Frank Tønnesen sin niande plate. (Songen handlar om sesong fire av ”The Wire“) Igjen leverer han folkrock av det tilbakelente slaget. Nydelege melodiar og finurlege, surrealistiske tekstar. Om riving av fjøs, vottar og maxitaxiar. For å nemne noko.
10. WILLIAM HUT/GISLI ”22“
Hut er ute med sin niande plate, denne gongen saman med islendingen Gisli. Ei utgjeving som er mest logisk på vinyl. Der dei har ein side kvar. William Hut fortset innan den meir elektroniske sjangeren han har lagt i seg i det siste. Med hans nydelege stemme i fokus. Gisli Kristjansson ligg i eit meir rocka og analogt landskap. Mot slutten går han nesten akustisk.
11. VERDSMANNEN THORBJØRNSEN “Vi Treng Trøyst”
Årdølen Ketil Thorbjørnsen blei kalla alt anna enn verdsmann då han i januar sleppte laus låten “Svik”, han var i enkelte sine auge meir ein usling. Det var ikkje alle som skjønte den ironiserande og sarkastiske teksten.